Nyheter

KrF fekk gjennomslag for tydelege mobilreglar i skulen
Kristeleg Folkeparti (KrF) har over tid arbeidd for strengare og tydelegare rammer for mobilbruk i vidaregåande skule. No har fylkestinget i Vestland vedtatt nye felles reglar som gjeld frå 1. august 2026 – til stor glede for partiet.

KrF reagerer på interpellasjon: – På grensen til det intolerante
Vestland fylkesting: En interpellasjon frå Raudt om livssynsbasert tilsetjing av helsesjukepleiarar ved friskular møtte sterk motstand frå KrF. Partiet meiner kritikken bommar på både prinsipp og rolleforståing – og løftar i staden fram Danielsen-skulen som eit godt døme på ansvarstaking.

Aukar eigenbetaling for elev-PC – KrF fekk gjennomslag for viktig tilrettelegging
KrF fekk gjennomslag for eit viktig tillegg då fylkestinget handsama saka om eigenbetaling for elev-PC: Partiet vil sikre betre tilrettelegging for elevar med særskilde behov, slik at alle får like gode moglegheiter i skulekvardagen.

– Normalisering av rus er skadeleg for samfunnet
Trude Brosvik (KrF) åtvarar mot auka rusbruk blant unge. Ho meiner normalisering av narkotika er ein viktig årsak – og ber både politikarar og vaksne ta ansvar.

Vil ha innspill til KrF-programmet i Vestland – inviterer innbyggjarane til å seie si meining
KrF i Vestland opnar no for innspel til nytt fylkesprogram. Leiar for programkomiteen, Stian Lavik, oppmodar innbyggjarar, organisasjonar og næringsliv til å ta kontakt for å påverke politikken som skal forme fylket dei neste åra.

Barnefødslar, kvinnehelse og familiepolitikk heng nøye saman!
Vestland KrF sitt fylkesstyre vedtok 20. april, etter innspel frå Øygarden KrF, ei resolusjon som løftar samanhengen mellom barnefødslar, kvinnehelse og familiepolitikk. Partiet krev større merksemd om fødetilbod og oppfølging av gravide og småbarnsfamiliar, og peikar på behovet for tiltak som både styrkjer kvinnehelsa og legg til rette for fleire barnefødslar i åra framover.

Mobbinga går ned – men ikkje for alle
Ein fersk gjennomgang av elev- og lærlingundersøkinga 2025/26 viser at Vestland fylkeskommune framleis står overfor ei alvorleg utfordring: Mange elevar opplever mobbing, og skilnadene mellom utdanningsprogram og trinn er store. Samstundes blir det peika på at arbeidet mot mobbing ikkje berre kan styrkast frå systemnivå – men òg gjennom krafta som ligg i elevmiljøet sjølv.

KrF vil beholde søndagen som fellesskapets fridag
Fagbevegelsen er imot. Handelsnæringen er imot. Miljøbevegelsen er imot. Et flertall i befolkningen er imot. Når så mange er enige, bør politikerne lytte, ikke liberalisere ytterligere. Det mener KrF, som i fylkestinget i dag sa klart nei til søndagsåpne butikker.

Vestland set i gang stort omstillingsprogram: – Må rigge fylket for framtida
Fylkestinget behandla tysdag saka PS 8/26 Mandat omstillingsprogram, som legg rammene for eit større arbeid med å tilpasse Vestland fylkeskommune til dei store endringane som ventar i åra framover. Målet er å sikre at fylkeskommunen står betre rusta når befolkningsstrukturen endrar seg, arbeidskraft blir knappare og avstandane i fylket framleis er store.
Me ønskjer innspel frå deg på politikk eller anna. Send dei gjerne på e-post til vestland@krf.no.