
104 delegatar frå heile Vestland samla seg laurdag til nominasjonsmøte i Vestland KrF. Delegatane vedtok partiet si liste til fylkestingsvalet i 2027, og nominerte samrøystes Jon Olav Økland (34) frå Bergen som førstekandidat. Målet er å styrkje KrF si stilling i fylkestinget og sikre fire representantar etter valet.
Jon Olav Økland bur på Bønes i Bergen, er gift og har tre søner. Han arbeider som høgskulelektor ved Hauge School of Management ved NLA Høgskolen og er utdanna siviløkonom frå NHH.
Økland har brei politisk erfaring frå både lokal- og fylkespolitikken. Han har vore representant og vararepresentant i fylkestinget, fylkessekretær i Vestland KrF og politisk rådgivar for Bergen sine byrådar for helse og finans. Han har også hatt fleire tillitsverv i KrFU på lokalt, regionalt og nasjonalt nivå.
– KrF skal vere ei stemme for god og berekraftig forvaltning av fylkeskommunen sine midlar, slik at vi får mest mogleg veg, rassikring og busstilbod for kvar krone, seier Jon Olav Økland.
– Å sikre eit godt skuletilbod og hindre utanforskap er noko av det viktigaste vi gjer i fylkeskommunen. Det skal vere ein prioritet for KrF dei komande åra, seier Økland.
Han understrekar også at Vestland KrF stiller med eit sterkt lag frå heile fylket.
– Nominasjonsmøtet har valt eit godt KrF-lag. Målet er at fylkestingsgruppa etter valet også består av Oddgunn Keilegavlen Grane, Jonatan Hurthi og Jarle Jacobsen, understrekar Økland.
Sterke kandidatar frå heile Vestland
På dei neste plassane følgjer Oddgunn Keilegavlen Grane frå Askvoll, Jonatan Hurthi frå Luster og Jarle Jacobsen frå Sveio.
Oddgunn Keilegavlen Grane (56) bur på Atløy i Askvoll. Ho er utdanna lektor med tilleggsutdanning som allmennlærar og har mastergrad i organisasjon og leiing. Etter mange år som lærar og rektor arbeider ho i dag som PP-rådgjevar. Grane har vore aktiv i Askvoll KrF sidan 1998 og har lang erfaring frå lokalpolitikken.
Jonatan Hurthi (23) kjem frå Luster og er utdanna elektrikar. Han tenestegjer for tida i Forsvaret og har allereie erfaring frå både kommunestyret og formannskapet i Luster kommune.
Jarle Jacobsen (52) frå Sveio er utdanna maskinsjef og yrkesfaglærar, og arbeider som lærar ved Fagskolen Rogaland. Han har lang erfaring frå lokalpolitikken i Sveio, mellom anna som varaordførar, og er i dag 2. nestleiar i Vestland KrF.
Vestland KrF si liste til fylkestingsvalet 2027
- Jon Olav Økland, Bergen (34)
- Oddgunn Keilegavlen Grane, Askvoll (56)
- Jonatan Hurthi, Luster (23)
- Jarle Jacobsen, Sveio (52)
- Solfrid Rong, Bergen (65)
- Stian Lavik, Alver (49)
- Josefine Bergstrøm, Øygarden (23)
- Marcin Fojcik, Sunnfjord (57)
- Ragnhild Stav, Fjaler (38)
- Atle Dåvøy, Øygarden (59)
- Bård Inge Sørfonn, Fitjar (47)
- Frode Bøthun, Sogndal (50)
- Aud Kaldefoss, Tysnes (69)
- William Dalsbø, Stad (30)
- Jostein Moldsvor, Kvam (64)
- Camilla Blokhus Svensson, Bergen (52)
- Joakim Byrknes, Alver (38)
- Kari Synnøve Muri, Stryn (61)
- Eivind Skår, Bergen (34)
- Andre Olsen Aadland, Fitjar (51)
- Marte Hammer Endal, Askøy (48)
- Betty Belay, Bergen (19)
- Rolf Tore Hellesøy, Austevoll (49)
- Jonas Joel Joseph, Bergen (26)
- Vigdis Anita Gåskjenn, Bergen (56)
- Bjarte Samnøy, Bjørnafjorden (59)
- Bjørnar Svellingen, Askøy (54)
- Elisabeth Næverlid Sævik, Bergen (40)
- Ingvill Kvalsnes Blom, Øygarden (52)
- Jakob Enerhaug, Bjørnafjorden (59)
- Øyvind Skartveit, Tysnes (34)
- Irene Barmen Hoel, Stryn (68)
- Jens Petter Lande, Alver (42)
- Odd-Jarle Øvreås, Askvoll (55)
- Jo Båtevik, Askøy (48)
- Øyvind Kaldheim, Etne (60)
- Knut-Erlend Rosvold, Sogndal (45)
- Leif-Steinar Alfsvåg, Stord (67)
- Svenning Bjørke, Alver (69)
- Morten Helland, Bømlo (53)
- Johan Vadøy, Bremanger (76)
- Sølvi Vatnøy, Alver (55)
- Steffen Savland, Sunnfjord (25)
- Olav Klungre, Gloppen (63)
- Torill Selsvold Nyborg, Øygarden (75)
- Arvid Nilssen, Bergen (75)
- Rune Berglid, Stryn (62)
- Tor-Arild Nydal Holsen, Sunnfjord (64)
- Per Vidar Halsnes, Bergen (69)
Klar for valkamp
Vestland KrF går no inn i førebuingane til fylkestingsvalet i 2027 med ei liste som kombinerer erfaring, fornying, geografisk breidde og sterk lokal forankring frå heile fylket. Målet er å styrkje KrF si stemme i fylkestinget og sikre gjennomslag for god samferdsel, sterke lokalsamfunn, gode skular og ein politikk som tek vare på dei mest sårbare.