Kva har Ap mot Folkehøgskulane?

Trude Brosvik

For andre året på rad foreslår Regjeringa kutt til folkehøgskulane. Det er dramatisk, og kan føre til banesår for eit heilt skuleslag med særeigne kvalitetar.

Det merkelege er at dei gjer det i ei tid der fråfallet frå vidaregåande opplæring er høgt, der Ungdata syner aukande einsemd, skjermbruk, ungdomskriminalitet og psykisk uhelse. 

Det er samla trykk frå alle politiske parti på at ein skal ta desse signala på alvor å hindre varig utenforskap og sikre inkludering. Folkehøgskulane har gode resultat å vise til. Og fleire av dei  har god erfaring med tilbod som inkluderer og gjev utdanning til unge med både psykiske og fysiske funksjonsvariasjonar.

Så kvifor kutte på noko som beviseleg møter eit viktig behov samfunnet har? Det handlar sjølvsagt om økonomi. Men eg trur det må ligge også noko ideologisk bak. For det står i proposisjonen at regjeringa er oppteken av at unge skal kome fort ut i arbeidslivet. Viss ein berre ser på makro-biletet og samfunnet si trong for arbeidskraft i den skeivfordelinga mellom unge og eldre som vi ser no, så kan ein til dels forstå noko av det. Men eg er svært usikker på om resultatet blir som regjeringa ønskjer. Kanskje vil ein berre oppleve at endå fleire fell ut av arbeidslivet og over på stønad? Altså tap-tap, i staden for vinn-vinn. Kan hende hadde det vore viktigare å ta eit oppgjer med at «alle» skal ta master for å vere sikra jobb. 

Det er særleg tre, kanskje fire, krav som KrF håpar samarbeidspartia til Regjeringa vil krevje på plass før det signerer budsjettet:

  • Stipenddelen må framleis vere på 40%, og ikkje reduserast til 15% slik regjeringa føreslår. Det vil sikre at det ikkje berre er dei «rikaste» som ser seg råda til å gå på folkehøgskule.
  • At ein ikkje endrar «knekk-punktet» i tilskotsmoedellen. Dvs: no får ein eit større tilskot for dei første 35 elevane. Det vil regjeringa fjerne. Nokon som vil bety ei favorisering av store skular og i realiteten ei nedlegging av mindre skular. Her er det rein ideologi om «jo større, jo betre» som ligg bak, fordi dette er ei utjamning mellom skulane og påverkar ikkje statsbudsjettet. Men det vil bety noko for distriktsskulane og viktige arbeidsplassar!
  • Trass i at Folkehøgskulelova (§4) seier at sektoren skal prisjusterast i samsvar med kostnadsveksten, så legg regjeringa for andre år på rad ikkje inn denne kostnadsveksten. Går det an? Og kan Stortinget finne seg i det?
  • Det fjerde punktet, og som for meg som KrF og nestleiar i Vestland fylke sitt Råde for menneske med nedsett funksjonsevne, så kjem også det at Regjeringa glatt overser Stortinget sitt anmodningsvedtak som lyder slik: «At Regjeringen følger opp Likeverdsreformen slik at unge med kognitive-, psykiske eller fysiske funksjonsvariasjoner får støtte til å gå på folkehøgskole».

KrF vil støtte Folkehøgskulane. Dei er viktige for danning, utdanning, meistring, likeverd, mangfald og demokrati. Kort sagt; viktige for ungdommen og for samfunnet. Vi håpar endå på at dei blir redda i budsjettforhandlingane!

Trude Brosvik, Gruppeleiar Vestand KrF