
Fleire har spurt om fylkestinget sitt nei til auka bompengegaranti kan forseinke Sotrasambandet. Svaret er nei. Staten har plikt til å betale utbyggjaren same kva fylkeskommunen vedtek. No ønskjer staten å komme Vestland fylkeskommune i møte.
Saka er oppdatert kl. 12:00, 30. september 2026
Statens vegvesen har bede Vestland fylkeskommune om å auke garantien for bompengelånet til rv. 555 Sotrasambandet frå 3 000 mill. kr til 5 815 mill. kr. Årsaka er høgare prisvekst og lånerente enn venta, og at ein større del av bompengebidraget må betalast ut tidleg etter kontrakten med utbyggjaren. Etter at KrF med et fleirtal har vært tydelig på at staten må ta ansvar, så har statssekretær tatt kontakt med fylkesordfører for eit møte. KrF held fast på at staten må ta ansvar for ekstrakostnad ved eige prosjekt, og er nøgd med at dei kjem Vestland i møte.
Framdrifta er ikkje avhengig av garantien
I tilleggsnotatet til fylkestinget skriv fylkesdirektøren at Statens vegvesen etter avtalen må betale utbyggjaren Sotra Link, uavhengig av om betalinga blir delfinansiert med bompengar eller ikkje. Manglande garanti kan difor ikkje stoppe eller utsetje Sotrasambandet. Det saka eigentleg handlar om, er kven som skal bere den økonomiske risikoen.
–KrF vil ikkje gjere noko som set framdrifta til Sotrasambandet i fare. Samstundes meiner vi at fylkeskommunen ikkje automatisk skal bere risikoen for kostnadsauken når dette er eit statleg OPS-prosjekt. Sotrasambandet er i ei særstilling i den bompengeproposisjonen som Solberg-regjeringa la fram, og som KrF var med på. Der det eksplisitt står at det er staten som skal ha risikoen ved kostnadsauke, og at bompengedelen er fastsett. Det står også at staten skal dekke utgiftene i starten og bompengane til slutt. Dersom fylkeskommunen skulle stått som garantist for dei auka kostnadene, kunne det gått ut over kredittvurderinga til fylkeskommunen, og dermed òg det økonomiske handlingsrommet for framtidige investeringar i skule, ferje, samferdsel, tannhelse og kollektivtilbodet, seier Trude Brosvik, gruppeleiar for KrF i fylkestinget.
Staten har verktøya
Sotrasambandet er eit riksvegprosjekt vedteke av Stortinget, og det er staten som har inngått kontrakten med utbyggjaren. Sidan 2023 har staten kunna ta halvparten av garantien for bompengelån på nye riksvegprosjekt. Sotrasambandet fell utanfor berre fordi det vart vedteke før ordninga kom på plass. Fylkeskommunen har allereie eit samla garantiansvar på om lag 17,7 mrd. kr.
KrF meiner staten no må ta ansvar for endringane som har kome etter at prosjektet vart vedteke, anten ved å ta ein del av garantien eller finne ei anna løysing for finansieringa. Målet vårt er det same som før: at Sotrasambandet opnar så raskt som mogleg, til glede for dei mange tusen som reiser mellom Sotra og Bergen kvar dag.
Denne nettsaka er utarbeidd med bistand frå KI.