Vestland KrFs fylkestingprogram vedteken på fylkesårsmøte 8. mars 2023 i Sogndal.
- Kort oppsummert
- KrFs verdigrunnlag
- Klima, miljø og energi
- Samferdsle
- Næringsliv
- Kultur
- Skule
- Folkehelse, livsmestring og inkludering
- Tannhelse
Fylkespolitikken inneheld ikkje dei store ideologiske sakene, men vi skil oss likevel ut på følgjande punkt. KrF vil:
- sørge for at dei etiske dilemma i aktuelle saker blir diskutert
- ha ei sterk støtte til familiar
- forsvare friskulane
- ha ein sosial markedsøkonomi, som sikrar privat initiativ og verdiskaping, samtidig som det offentlege skal sikra omfordeling og avgrensa økonomisk ulikheit
- ha livssynsope samfunn og ønskjer samarbeid med trussamfunn
Vestland KrF vil alltid vere eit ansvarleg parti som ser heilskapen i politikken. Samstundes er det noken felt som vi særleg vil rette fokus på. I samband med valet til fylkesting i 2023 vil KrF særleg vektleggja:
- helsehjelp når du treng det
- ei bærekraftig forvaltning av klima, miljø og energi
- å byggje samfunnet nedanifrå
Sjå alle våre hjartesaker her.
Kort og godt
Best på klima og miljø
KrF vil
- at transportløysingar skal over på nullutslepp
- energieffektivisere all fylkeskommunal bygningsmasse
- ha ei næringsutvikling som tek vare på matjorda og det biologiske mangfaldet
Ei trygg reise
KrF vil
- ha ei enkel, trygg og samanhengane offentleg transport i heile fylket
- ha ei sterk kollektivsatsing
- auka vedlikehald og rassikring av fylkesvegar
Eit næringsvennleg samfunn
KrF vil
- ha arbeid til alle
- sikra føreseielege vilkår for næringslivet
- sikra berekraft og etisk standard for næringslivet
Eit mangfaldig og tilgjengeleg kulturliv
KrF vil
- styrke frivillig arbeid
- sikra livsynsope samfunn og ytringsfridom
- sikra kunst og kultur til alle
Ein skule som ser enkelteleven og rustar for framtida
KrF vil
- oppretthalde desentralisert skulestruktur
- sikra kvalitet i opplæringa
- sikra eit godt læringsmiljø og hindre utenforskap
Folkehelse, livsmeistring og inkludering
Folkehelse, livsmeistring og inkludering
KrF vil
- sikre sosial utjamning
- sikre folkehelse i alt vi gjer
- sikre respekt for ulikskap
Tannhelse
KrF vil:
- sikre tilgjengeleg tilbod
- styrke rekrutteringa
Trygt samfunn på kristne verdiar
Verdigrunnlaget vårt byggjer på den kristne kulturarven, grunnleggande menneskerettar, og er forankra i det kristne menneskesynet, nestekjærleiken og forvaltaransvaret.
Trusfridom og ytringsfridom er avgjerande forutsetningar for eit fungerande demokratisk samfunn og KrF vil alltid legge dei til grunn.
Kristendemokratiet står for eit folkestyre som motverkar å samle for mykje makt på få hender. Avgjerder skal takast nært dei det gjeld, på lågaste formålstenlege nivå.
Familien er det viktigaste fellesskapet samfunnet bygger på. Ei av dei største utfordringane i Vestland, som mange andre stader, er for få unge i høve til eldre. Det er ein av grunnane til at KrF alltid gå for løysingar som gjer det lettare for barnefamiliar, og som viser at samfunnet ser det å få born, oppdra born og legge til rette for god utdanning, som verdifullt. Samstundes er det behov for trygge og ettertrakta jobbar med kompetansebehov for å tiltrekka seg unge i etableringsfasen som er ferdig med høgare utdanning.
Menneske skal vere likestilte og gjevast like sjansar. Det er eit mål for det politiske arbeidet vårt å lage eit best mogleg samfunn for alle, uavhengig av tru, etnisitet, kjønn, legning eller funksjonsevne. Det offentlege skal fremje universelle og utjamnande ordningar som held oppe eit samfunn med små skilnader, syte for trygge rammer og sikra verdig liv for den enkelte.
Fylkeskommunen er ein viktig samarbeidspart for næringsliv, kommunar og det frivillige for å skape ei god utvikling. Ein skal vere til stades i, og styrke, alle deler av fylket. Arbeidet for å ta vare på klima og miljø vil krevje mykje, og KrF er villig til å ta tøffe prioriteringar for å klare det. At næringslivet vårt går godt, skaper arbeidsplassar og klarer tilpasse seg det grøne skiftet og andre naudsynte rammevilkår, vil vere viktig.
KrF meiner vi har kome langt i Vestland med felles forståing og respekt for ulike utfordringar, både geografisk og demografisk. KrF er eit sentrumsparti som kan samarbeide til begge sider. Vi er opptekne av å finne gode kompromiss og løysingar som kan stå seg over tid. Vi meiner ein sikrar det gode samarbeidet best med å halde fast på at styreforma er formannskapsmodellen.
Fylkespolitikken inneheld ikkje dei store ideologiske sakene, men vi skil oss likevel ut på følgjande punkt.
KrF vil
- sørge for at dei etiske dilemma i aktuelle saker blir diskutert
- ha ei sterk støtte til familiar
- forsvare friskulane
- ha ein sosial markedsøkonomi, som sikrar privat initiativ og verdiskaping, samtidig som det offentlege skal sikra omfordeling og avgrensa økonomisk ulikheit
- ha livssynsope samfunn og ønskjer samarbeid med trussamfunn
- vise solidaritet med dei svakaste, både nasjonalt og internasjonalt; gjennom det ligg også til grunn for eit sterkt klima-engasjement
- styrke frivillig arbeid og ha respekt for sjølvstyrte fellesskap
Best på klima og miljø
Vestland fylke skal være best når det gjeld utsleppskutt, klimatilpassing og omsyn til naturmangfald. Skal vi løyse klimakrisa må vi erstatte fossil energi med fornybar, og fordele ressursane betre.
Forvaltaransvar er ein av hovudpilarane i KrF sin politikk; både i eit generasjonsperspektiv og for internasjonal solidaritet. Verda har både ei natur- og ei klimakrise. KrF vil arbeide for redusert materielt forbruk, nullutslepp av klimagassar og å ta vare på det biologiske mangfaldet.
KrF vil
- framheve uttale til arealplanar som ei viktig fylkeskommunal oppgåve. Vi skal vektlegge kommunen sine prioriteringar høgt, samtidig som vi tar vare på viktige felles regionale ressursar og krav til klima, miljø og naturmangfald
- at fylkeskommunen skal bruke innkjøpsmakta aktivt med å stille krav og ha tydelege mål om nullutslepp, gjenbruk og sirkulærøkonomi
- medverke til at Vestland skal kome styrka ut av omlegging til nullutslepp. Både med at dagens næringsliv får rammevilkår til endring, men også ved å sikra betre linjenett og nok energi for det grøne skiftet
- at det i konsesjonsprosessen for nye kraftlinjer skal planleggast for både luftspenn og kablar, slik at prosessen ikkje blir forseinka. Omsyn til miljømangfald må også telje med når ein vedtek trasear
- styrke satsinga på havvind og eigne anlegg på plattformene slik at olje- og gassproduksjonen ikkje treng elektrifisering frå land. Havvind vil også kunne levere energi til næringslivet på land. Utbygging av havvind må utviklast i samråd med hav- og fiskeriinteressene
- vindkraftanlegg bør ikkje byggast der kor utbygging er i strid med lokale vedtak eller inneber store og irreversible naturinngrep i særleg sårbare og verneverdige områder. Det er trong for meir rein energi og KrF vil ikkje avvise vindkraftanlegg på t.d. allereie utbygde område. Vi vil legge sterkt vekt på lokale vedtake.
- vere positive til mindre anlegg, også for vind, og småkraft-utbyggingar
- ikkje opne for utbygging av verna vassdrag. Vi kan likevel vurdere enkelte prosjekt som har flaumsikring som hovudargument og som ikkje svekker verneverdiane
- sikra minstevassføring og at ta omsyn til naturmangfaldet ved revisjon av konsesjonar eller evt. nye konsesjonar
- følgje opp strategi for insekt, bier og pollinering mellom anna med korleis vi steller uteområde og område langs vegane
- installere solceller på alle nye fylkeskommunale bygg og der det er tenleg på dei gamle. Vi vil også sjå på korleis termisk energi kan nyttast.
- vere restriktive til nedbygging av natur til store hyttefelt
- vere positive til fleire nasjonalparkar eller landskapsvern område i Vestland
- sikra eit sterkt jordvern
- for å lukkast med klimakutt trengst det gode klimaplanar og rekneskap. Fylket vil gje fagleg støtte til kommunane for at vi alle kan få best mogleg styringsverktøy for å lukkast.
- følgje opp plaststrategien med å verkeleggjere visjonen: «Vestland skal ha null tilførsel av plast til naturen, ein plastfri natur og eit plastfritt hav» m.a. ved å redusere plastbruk i eigen organisasjon med 40%, samarbeide med frivillige og friluftsråd/kommunar og løyve midlar til plastplukking/innsamling.
- sikra at trua artar som villrein og villaks får særleg merksemd, noko som t.d. gjer arbeidet med konsesjonar til oppdrettsnæringa viktig. Tiltaka må bygge på kunnskap, og ta omsyn til både naturmangfald og ei viktig næring på ein berekraftig måte.
- legge til rette for pilotering med nullutslippsfly i Vestland
- at det offentlege, næringslivet og privatpersonar samarbeider i klima- og miljøkampen gjennom innovative løysingar som gjera det lettast mogleg å ta klimavenlege val i kvardagen
- gjennomføre ein heilskapleg strategi for å redusere unødvendig forbruk og matsvinn
Ei trygg reise
Gode og trafikksikre transportsystem er avgjerande for å skape ein enklare kvardag og gode bu- og arbeidsmarknadsområde, oppretthalde spreidd busetting og redusere avstandsulempene for næringslivet.
Gode kommunikasjonar og vegar er ein føresetnad for det Vestland vi vil bygge. Å trygge vegane mot ras, utforkøyringar og møteulykker, samt sikra mjuke trafikantar, vil ha høg prioritet. I den perioden vi går inn i, vil vedlikehald og utbetringar få størst merksemd. Målet er mest mogleg veg for pengane, og vi vil stille klare krav til staten om meir midlar til rassikring og vedlikehald.
Kollektivdelen skal aukast, særleg i og rundt Bergen. Nullvekstmålet for byvekstavtalen er viktig å styre etter, men det må vidareutviklast slik at det ikkje berre gjeld tal bilar, men utslepp av klimagassar. Det er også svært viktig med samanhengande rutesystem i distrikta, og at alle får del i å reise med sonebillett. Ferjer og båtruter sikrar viktig kommunikasjon, og er ein del av det samanhengande rute- og kollektivnettet. Somme stader vil fleksible ruter vere løysinga. Særleg for dei gruppene som ikkje køyrer bil sjølve, må vi ha eit tilbod til kollektivtransport. For at born- og unge skal kunne bu og trivast på bygda, og delta likeverdig i aktivitetar, vil fleksibel skyss vere svært viktig.
KrF vil
- sikra trygg skuleveg med mellom anna hjartesoner ved skulen, meir gang- og sykkelveg og betre vegskuldrer langs fylkesveg fram til busstopp
- at bussanboda skal ha krav om barnesete, og plass til sportsutstyr og syklar skal vurderast ved anbod.
- at samferdsle og kollektiv skal gjennomgåande leggast til rette for universell utforming og ta omsyn til grupper som treng særleg tilrettelegging
- utgreie gratis kollektivreiser for born opp til 16 år, utanom skoleskyss
- sikra god korrespondanse slik at ein kan reise samanhengande med kollektivtilbodet
- at alle anbod innan samferdsle og kollektiv skal ha nullutslepp som mål
- at båt- og ferjesamband er ein vesentleg del av både vegen og kollektivtransporten. KrF vil prioritere både opningstid og tal avgangar etter kvar det trengst mest, og kva andre tilbod som er tilgjengelege, samtidig må drifta vere mest mogleg effektiv for brukarane. KrF er positive til å nytte ferjeavløysingsmidlar der det ligg til rette for det
- støtte opp under arbeidet med nullutslepp på kortbanenettet
- sikra så god framkome for syklande og gåande i byar og tettbygde strok at det vert føretrekt på korte avstandar
- vil styrke rutetilbodet i distrikta med meir fleksible ruter som td Sørvisskyss, «Hent-meg-buss», «heim for ein 50-lapp» og Lokale transporttilbod for ungdom (LTU)
- at det skal innførast alkolås i all offentleg transport, også i drosjer
- ha eit godt fungerande drosjetilbod som sikrar fleksible ruter, TT-køyring og helsetransport i distrikta. Det offentlege må gjennom rammer og bruk medverke til å sikra drift i distrikta
- at kravet for å kunne bruke TT-ordninga bør endrast til også å gjelde der det ikkje går anna kollektivtilbod
- at byvekstavtalen må utviklast til å gje betre samarbeid, avgjerdsrutiner og styringsform
- framheve Bybanen som svært viktig for å nå eit nullvekstmål for Bergen. Bygging til Åsane må skje raskast mogleg. Bergen kommune, fylket og staten må samarbeide godt for å realisere prosjektet
- opne for å delta i nye bompengeprosjekt der det er eit lokalt ønskje om det, og den samla innkrevingar ikkje blir urimeleg stor.
- utgreie om Vestland fylke kan vere pilot for vegprising
- i perioden prioritere vedlikehald framfor bygging av ny fylkesveg, og heile tida ha for auga korleis ein kan få mest att for pengane
- at det skal alltid vere klare planlagde prosjekt, slik at ein kan kome raskt i gang dersom det kjem auka statlege løyvingar
- sikra bereevne og kurvatur på fylkesvegane som samstundes ikkje hindrar næringslivet si verdiskaping og utvikling
- ha eit mål at meir gods skal over frå veg til sjø og bane. Fiskerihamner og tømmerkaier med meir er gode døme for å få det til
- at det på særleg ulukkesutsette vegar skal vere midtdelarar
- at det der det vert bygt firefelts veg skal ein ha eige kollektivfelt/2+-felt, eller i det minste sikra god framkome i rushtida for kollektivreisande
- spleise på utbygging av god nettilgang og mobildekning til alle i fylket har fått det
- gje tilskot for å sikra god tilgang for lading av el-bilar, fylling av biogass og andre klimavenlege drivstoff etter kvart som dei kjem
- følgje dei prioriteringar som er gjort i Regional Transportplan (RTP). Prioriteringane er gjort godt greie for, og vi vil understreke at når ein skal sjå heile fylket i samanheng, så kan ein ikkje berre legge trafikktal til grunn
- halde fast på dei prioriteringane som allereie er gjort i Nasjonal Transportplan (NTP). Vi vil arbeide for at staten løyver mest mogleg for å sikra trongen for utbetring av og nye samferdelsanlegg i Vestland. KrF meiner det er viktig for utvikling, samhald og mest mogleg utteljing av statleg finansiering at ein unngår omkampar
Faktaboks RTP
I Regional Transportplan (RTP) er det gjort god greie for grunnlag for prioriteringar. Vi vil følgje dei, og understreke at når ein skal sjå heile fylket i samanheng så kan ein ikkje berre legge trafikktal til grunn.
Lenkje til presentasjon av framlegget til investeringar i Handlingsplanen
Faktaboks NTP
I Nasjonal Transportplan (NTP) som gjeld dei statlege vegane, vil vi halde fast på dei prioriteringane som allereie er gjort, og arbeide for at staten løyver mest mogleg for å sikra trongen for utbetring av og nye samferdelsanlegg i Vestland. KrF meiner det er viktig for utvikling, samhald og mest mogleg utteljing av statleg finansiering at ein unngår omkampar.
Lenkje til Vestland fylkesting sitt innspel til NTP
I Stortinget sitt vedtak er desse vegane inne i første periode for vårt fylke:
- Vossabanen og E16 Arna–Stanghelle (K5)
- Fjordkryssing E39 Ådland–Svegatjørn
- Stad Skipstunell
- E39 Forlenga Fløyfjellstunell i samband med Bybanen til Åsane
- E39 Storehaugen–Førde
- E134 Røldal–Seljestad
- Rv 5 Erdal–Naustdal
- E16 Hylland–Slæen
- Rv 15 Strynefjellet
- E39 Ringveg Øst (Vågsbotn–Klauvaneset)
Eit næringsvennleg samfunn
KrF ønskjer eit næringsliv som løyser klimautfordringar, løfter folk ut av fattigdom og inn i inkluderande fellesskap kor vi samstundes skapar verdiar til beste for landet.
KrF meiner næringslivet og privat verdiskaping i samfunnet er et gode som må utviklast og gis rom til. Samstundes er det ein offentleg oppgåve å sikra stabile, forutsigbare og omfordelande rammer rundt næringslivet, slik at vi sikrar sunn vekst. Det seriøse arbeidslivet og tilliten som er i det norske samfunnet må takast vare på som det konkurransefortrinnet det er. Grøn omstilling er avgjerande for å nå klimamåla, og vestlandets næringsliv har alle sjansar til å ligge i front i klimaomstillinga og leie an i det seriøse og tillitsbaserte arbeidslivet.
KrF verdset bedrifter som opptrer med høg etisk standard og som tar samfunnsansvar. Forvaltaransvaret forpliktar oss til å bruke naturen, miljøet og ressursane på ein berekraftig måte. Vi «eig» ikkje Vestland, men låner det frå framtidige generasjonar. I nokre tilfelle er bruk det beste vernet. Andre gonger kan naturen vere så pressa at vi må verne mot inngrep.
KrF ønsker at næringslivet lukkast og leverer avkastning til dei som har investert i gode idear. Det er eit gode at vi har bedrifter langs kysten som tener pengar og som er aktivt til stades i lokalsamfunna og gjev ytterlegere verdiskaping.
Næringslivet har behov for kompetente medarbeidarar. Fylkeskommunen må derfor tilpasse tilbodet i den vidaregåande skolen og fagskolen i tråd med næringslivets behov. Vi vil samarbeide med partane i arbeidslivet og næringsaktørane når programtilbodet til skulane skal utviklast.
KrF vil kjempe mot utanforskapet i arbeidslivet og aktivt legge til rette for jobbar for utsette grupper.
Vestlandets geografi og naturressursar gir nokon fordeler. Dette må forvaltast på ein berekraftig måte.
Det er viktig for mattryggleiken, kulturlandskapet og spreidd busetting at vi har eit aktivt landbruk i Vestland. KrF vil jobbe for gode rammevilkår for dei som satsar på landbruk og skogbruk. Vi vil bidra til gode klimaløysingar for landbruket.
KrF vil
- medverke til gode arealplanar som sikrar at næringslivet har god tilgang til næringsområde som tar omsyn til natur og miljø
- ha langsiktige, føreseielege og konkurransedyktige rammevilkår for næringslivet
- legge til rette for godt samarbeid mellom offentlege aktørar, det private næringslivet og arbeidstakarorganisasjonane (trepartsamarbeidet)
- fremme viktige samfunnsomsyn som innovasjon, klima og miljø, bruk av lærlingar og inkludering gjennom anbod og innkjøpsordninga
- legge til rette for at anbod og innkjøpsordninga blir praktisert slik at òg mindre og meir lokale næringslivsaktørar i fleire tilfelle kan ta del i konkurransen med større aktørar
- utvikle eit berekraftig reiseliv som spesialiserer seg på det som kjenneteiknar ulike delar av fylket og knyte eksisterande kollektive transportruter mot reiselivsopplevingar
- utfordre forskings- og utviklingsmiljøa til å svare på Vestland sine utfordringar
- utvikle eit aktivt fylkeskommunalt eigarskap vidare gjennom eigarskapsmeldinga og styrerepresentasjon og bidra til kjønnsbalanse i styre og høgare stillingar. Vi vil føre vidare eigarskapen i bedrifter som utfører viktige samfunnsoppgåver, for eksempel i attføringsbedrifter
- styrke Vestland fylke sin posisjon som sjømatfylke for å bidra til lokal og nasjonal verdiskaping og med det sikra og utvikle lokale og regionale kystsamfunn vidare
- at Vestland fylke, som er eit stort industrifylke som genererer mange arbeidsplassar, sikrar vidare utvikling med eit stort miljø- og berekraftperspektiv
- legge til rette for effektiv bruk av kraft nær kraftkjelda
- jobbe både med kortsiktige og langsiktige løysingar for å sikra kraft til grøn omstilling i hele fylket
- ta vare på den differensierte fiskeflåten av små og store fartøy langs heile kysten
- legge til rette for gründerbedrifter og ny verdiskaping i heile fylket
- verne om dyrka mark
- sikra at vi har god, trygg og tilpassa matproduksjon i vår region
- arbeide med gode verdikjeder for økt produksjon og lønsemd
Eit mangfaldig og tilgjengeleg kulturliv
Kulturaktivitetar, idrett og friluftsliv er avgjerande for å fremja trivsel og god folkehelse. Bulyst og kulturaktivitetar høyrer saman, derfor må kulturlivet i heile fylket, bygd som by, stimulerast.
Fylkeskommunen skal saman med andre offentlege og private instansar, frivillige organisasjonar, eldsjeler og profesjonelle aktørar vera ein viktig bidragsytar i dette arbeidet. KrF vil arbeida for at eit breitt spekter av kulturaktivitetar innan idrett, kunst, song- og musikk, kyrkje og anna tru- og livssynsutøving skal ha gode vilkår.
Riksantikvaren har gitt fylkeskommunen i oppgåve å sjå til at kulturminnevernet i fylket vert ivareteke på ein god måte. Vidare har staten tildelt fylkeskommunen forvaltninga av ei rekkje tilskotsordningar på kultur- og idrettsfeltet.
KrF vil:
- støtta regionale kulturhus, lokale kulturbygg og til bidra til god tilrettelegging for friluftslivet
- sikra god kompetanse på spelemiddelsøknadar slik at Vestland fylke får høg utteljing på nasjonale midlar
- etablere fleire varierte anlegg for fysisk aktivitet som er tilrettelagte for eigenorganisert idrett og aktivitet, gjerne i tilknyting til skular
- stille fylkeskommunale bygg til disposisjon for frivillige lag og organisasjonar på dagtid og kveldar
- støtte tiltak for å auke den fysiske aktiviteten til barn og unge
- arbeide for tilrettelagte, barnevennlege turløyper med lys
- at turløyper med universell utforming må bli prioritert
- arbeide for auka støtte til friluftsråda og at friluftsråda dekker heile fylket
- at alle barn skal ha høve til å ta del i og oppleve kunst og kultur, til dømes ved den kulturelle skulesekken
- vidareføre nynorsk som hovudmålform og som ein viktig identitetsmarkør i Vestland. KrF vil styrke bruken av nynorsk
- ta vare på viktige handverkstradisjonar og andre tradisjonsuttrykk
- støtte ei fylkesmusikarordning
- syte for gode vilkår for musea våre og arbeide for auka statleg finansiering
- sørge for midlar til å drifte verna fartøy
- støtte opp om kulturbasert næringsliv jf. satsing knytt til stavkyrkje, kulturminne og pilegrimsleiene
- bidra til gode vilkår for regionale samarbeidsprosjekt
- halde fram satsinga på Selja kloster, Moster amfi og Røldal som viktige pilegrimsmål
- satse på Gulatinget som ein nasjonal og internasjonal arena for demokratihistorie og demokratiutvikling, mellom anna med å realisera formidlingsbygg
- medverke til at jubileet for kristenretten på Moster og for Landslova i 2024 vert ei viktig nasjonal markering knytt til Vestland
- halde fram med satsinga på tettstadsutvikling gjennom Liv og lyst-midlar
- gje tilskot til utvikling av folkebiblioteka slik at dei vert gode arenaer for samtale, kunnskap og fellesskap
- sikra restaurering av Holtevikjekta i Gloppen
Ein skule som ser enkelteleven og som rustar for framtida
Skulen skal bygge på kristne og humanistiske verdiar og halde høg kvalitet. Skulen skal vere både ein dannings- og utdanningsarena, med eit trygt miljø der alle elevar kan trivast og ha lyst til å lære. Målet er å sikra eit godt læringsmiljø med høg gjennomføringsgrad, der den enkelte eleven opplever meistring, utviklar seg, og at alle får hjelp til å yte sitt beste. Læraren er ein viktig ressurs for den gode skulen.
Kristeleg Folkeparti prioriterer ein desentralisert skulestruktur og vil arbeide for at dei vidaregåande skulane skal vere gode læringsarenaer og aktive kompetansesenter og nav for fylkeskommunal utvikling i alle delane av fylket. KrF vil arbeide for at utdanninga er tilpassa og dimensjonert for den kompetansen som næringslivet spør etter gjennom tett samarbeid mellom skule, høgare utdanning, fylkeskommunen og næringslivet.
KrF vil
- ha ein desentralisert skulestruktur der flest mogleg av elevane kan bu heime
- halde fram med å gje tilleggspoeng for å kome inn på dei næraste skulane. Vi kan vurdere større inntaksområde innanfor ordninga
- at krava til oppfylling av klassar vil vere større i Bergen enn på distriktsskulane
- at flest mogleg skal kome inn på førstevalet sitt. Dette er vesentleg for gjennomføringa fordi vi får meir motiverte elevar
- utvikle og få godkjent nye fagplanar som samfunnet har bruk for, til dømes innanfor klima og miljø, og helse og velferdsteknologi. I tillegg styrke samarbeidet mellom NAV og vidaregåande (Gloppen-modellen)
- at elevar med behov for tilrettelegging skal få den hjelpa dei treng på skulen sin. Elevar med ei funksjonsnedsetting har sjølvsagt same rettar som andre til å velje skule og studieretning og skal høyre til i ein vanleg klasse
- styrke grunnfinansieringa til skulane slik at skulane i nokon større grad styrer eigne prioriteringar
- ha ei styrka skulehelseteneste som er lett tilgjengeleg for ungdom og som gjev livshjelp og etisk rettleiing. Utgreie «responstid» på 48 timar.
- styrke PP-tenesta og gje gode rammer for både individuelt og systemretta arbeid
- styrke samarbeidet mellom skule, politi, barnevern, ungdomsseksjonen, barne- og ungdomspsykiatrien, oppfølgingstenesta og PP-tenesta
- ha nulltoleranse mot mobbing, og sikra tiltak for eit trygt, inkluderande og godt læringsmiljø i skulane, m.a. ved å sikra eit godt tilbod med mobbeombod
- sikra at frivillige organisasjonar, uavhengig livssyn eller aktivitet, kan nytte offentlege skulebygg i friminutt eller på firtida
- ha systematisk rusførebyggande arbeid på alle årstrinn i vidaregåande skule
- legge til rette for at lærarar kan ta del i dei statlege etter- og vidareutdanningstilboda
- gje språklege minoritetar opplæring av god kvalitet, og dersom menneske frå andre land skal bu i Noreg må dei få opplæring nynorsk, dersom dei skal bu i ein nynorskkommune
- fleire midlar til oppdaterte læremiddel, slik at det t.d. kan etablerast ein utlånsordning av fysiske lærebøker på skulebiblioteka
- sikra betre læremiddeltilbud for elever med dysleksi og lære og skrivevanskar, på begge målformene
- at fylket skal vere ein pådrivar slik at elevar som nyttar nynorsk får tilbod om lærebøker og dataprogram på linje med, og til same tid og pris som bokmålselevar
- styrke lærlingordninga
- at fylket skal nytte bedrifter med lærlingar når dei gjer innkjøp eller kjøper tenester
- tilsette fleire lærlingar i fylkeskommunen
- at fylket skal vere positiv til etablering av friskular som bygger på livssyn eller alternativ pedagogikk
- sikra gode arbeids- og utviklingsmoglegheiter for eksisterande friskular, og sjå til ledige plasser hos friskular før det opprettast nye klasser i dei offentlege skulane
- saman med kommunane auke tilbodet om fleksibel skuleskyss for elevar både i grunnskulen og den vidaregåande skulen
- styrke entreprenørskap i skulen og stimulere til utvikling av ungdomsbedrifter, mellom anna gjennom samarbeid med Ungt entreprenørskap
- styrke rådgivings- og rettleiingstenesta, mellom anna ved at fylkeskommunen, karrieresentera og kommunane samarbeider tettare om rådgjeving i grunnskulen og ved å vidareføre rådgjevarutdanninga
- at alle innan skulestart i august skal ha læreplass eller tilbod om VG3 på ein skule
- støtte tiltak som fornyar yrkesopplæringa, mellom anna ved tettare samarbeid med næringslivet, for å gjere lærlingane betre budde på den reelle arbeidskvardagen
- satse på fagskulane gjennom eit auka tal på studieplassar, i tett dialog med næringslivet
- at det framleis skal vere tilbod om produksjonsskular (alternativt opplæringstilbod for ein kortare periode) Evt tilleggspunkt: Prøve ut ei ordning der ungdom kan søke seg direkte inn på produksjonsskule
- legge til rette for eit godt elevdemokrati. Medverknad frå elevane vil hjelpe oss til å gjere skulen betre
- gjennom fleksible løysingar og i samarbeid med nettskulen styrke dei skulane som berre har éi gruppe med studiespesialiserande slik at dei kan gje eit breiare programfagtilbod
- skape eit tettare samarbeid mellom grunnskulane og dei vidaregåande skulane i fylket, blant anna for å sikra elevar betre overgangar, enten det er elevar med kort butid i Norge eller andre utfordringar
- ha eit godt skule/heim-samarbeid for elever under 18 år
- at dagens ordningar med utveksling av elevar mot nabofylka skal oppretthaldast
Folkehelse, livsmeistring og inkludering
Folkehelse blir definert som innbyggjarane si helsetilstand og korleis denne fordeler seg i befolkninga. Dei siste 30 åra syner betre folkehelse, men samstundes har ulikskapen auka. Fylkeskommunen har eit overordna og koordinerande ansvar for folkehelsearbeidet.
Godt folkehelsearbeid er tiltak som gjev betre helse, trivsel og levekår. Dette krev samarbeid mellom sektorane. Det handlar stor sett om sjukdomsførebyggande, trivsel og helsefremjande tiltak.
Ungt utanforskap er ei særleg og veksande utfordring som det må settast inn målretta tiltak for å forhindre.
Inkludering vil seie at vi kjenner at vi høyrer til. Dette er ein viktig del av folkehelsa.
KrF vil
- at all sakshandsaming i fylkeskommunen skal ta omsyn til folkehelsa
- arbeide for tilgang til fysisk aktivitet for alle, uavhengig av funksjonsnivå
- redusere sosiale helseforskjellar
- arbeide mot einsemd, støtte møteplassar
- arbeide for at Vestland fylke skal bli ein «Av-og-Til-kommune», som betyr at ein jobbar med å redusere negative følgjer av alkoholbruk og gjere kvardagen tryggare for alle. Konkret vil vi særleg satse på alkoholfrie arenaer kring born- og unge, båt- og sjøliv, vegtrafikk og idrett
- arbeide for at fleire enkelt kan ta helsevenlege val
- styrke skulehelsetenesta i vidaregåande opplæring i samarbeid med kommunane der skulane ligg og auke talet på helsesjukepleiarar for å nå personalnorm i vidaregåande skule
- oppretthalde og styrke miljøarbeidarressursen i vgs.
- gje skulehelsetenesta ansvaret for å dokumentere gyldig fråvær
- legge større vekt på hjelp mot psykisk uhelse, lågterskeltilbod
- arbeide for eit livssynsope samfunn
- halde på gratisprinsippet i vidaregåande opplæring
- arbeide for at alle vert inkludert i samfunnet uavhengig av funksjonsnivå, bakgrunn eller kven vi er
- arbeide for at alle skal kjenne at ein høyrer til
- ha eit samspel mellom offentleg og frivillig sektor, idrett, tru- og livssyn
- verne om reell trusfridom og ytringsfridom for alle
- arbeide for at alle, også papirlause flyktningar, får rett til utdanning, helsehjelp og arbeid, så lenge dei er i landet
- at fylkeskommunen sjølv skal arbeide mot ungt utenforskap. Samtididig skal vi, støtte opp om, og samarbeide med, aktørar som arbeider for å motverke ungt utenforskap i skulen og arbeidslivet
Tannhelse
Den offentlege tannhelsetenesta er ein viktig del av folkehelsa. Fylket har eit særleg ansvar for prioriterte grupper som born og unge, eldre i institusjon eller med heimesjukepleie, psykiatri, psykisk utviklingshemming eller innsette i fengsel.
KrF vil
- ha ein desentralisert struktur på tannklinikkane
- sikra tilbodet til prioriterte grupper
- prøve ut samarbeid mellom off. og privat tannlege, særleg der det er rekrutteringsproblem og lange avstandar
- arbeide for rabattordningar, for eksempel for sysken, studentar
- kunne gje eit tilbod for traumepasientar i Førde
- reisestøtte for behandling som krev spesialist /traumebehandling på linje med andre helsetenester, slik at avstandsulempene vert jamna ut
- samarbeide om tannlegevakt med Odontologisk institutt
- fylket skal også gje eit kvalitativt godt og tilrettelagt tilbod til tortur- og overgrepsutsette og personar med sterk angst for tannbehandling (TOO)