Vestland KrF

Om Vestland KrF

Vestland Kristeleg Folkeparti (KrF) sitt formål er å fremje ein kristendemokratisk politikk bygd på det kristne menneskesynet, nestekjærleiken og forvaltaransvaret. KrF sitt verdigrunnlag er henta frå Bibelen, den kristne kulturarven og grunnleggjande menneskerettar.

Vestland fylkeslag er tilslutta Kristeleg Folkeparti sin hovudorganisasjon. Fylkeslaget er samansett av lokallaga og sideorganisasjonane Kristeleg Folkepartis Ungdom (KrFU) og KrF Kvinner.

Ved utgangen av 2022 hadde Vestland KrF 2705 medlemmar. Det er 32 aktive KrF-lokallag i Vestland fylke, samt 5 bydelslag under Bergen KrF.

Vedtekter for Vestland KrF (revidert 2023)

Fylkestingsgruppas arbeid

Bilde av Ragnhild Stav, fjerdekandidat, Trude Brosvik, fyrstekandidat, Jon Olav Økland, andrekandidat og Arne Normann, tredjekandidat ved fylkestingsvalet 2023. Foto: Irakli Tskhovrebashvili.
Bilde av topp fire for fylkestingvalet 2023. Foto: Irakli Tskhovrebashvili.

KrF meiner vi har kome langt i Vestland med felles forståing og respekt for ulike utfordringar, både geografisk og demografisk. KrF er eit sentrumsparti som kan samarbeide til begge sider. Vi er opptekne av å finne gode kompromiss og løysingar som kan stå seg over tid. Vi meiner ein sikrar det gode samarbeidet best med å halde fast på at styreforma er formannskapsmodellen.

Fylkespolitikken inneheld ikkje dei store ideologiske sakene, men vi skil oss likevel ut på følgjande punkt. KrF vil:

  • sørge for at dei etiske dilemma i aktuelle saker blir diskutert
  • ha ei sterk støtte til familiar
  • forsvare friskulane
  • ha ein sosial markedsøkonomi, som sikrar privat initiativ og verdiskaping, samtidig som det offentlege skal sikra omfordeling og avgrensa økonomisk ulikheit
  • ha livssynsope samfunn og ønskjer samarbeid med trussamfunn

Fylkestingsprogrammet 2023–2027
Vestland fylkeskommune

Me ønskjer innspel frå deg på politikk eller anna. Send dei gjerne på e-post til vestland@krf.no.

Kommende arrangementer