Tore Storehaug i spissen for meir satsning i distriktet

Vestland KrF skreiv ei fråsegn som blei vedteken på landsmøtet til KrF. Der peikar vi på korleis vi vil styrka innsatsen for å sikra levande bygder, busetjing og berekraftige lokalsamfunn i heile landet. Med eit sterkare KrF vil vi ha meir tyngde til å flytte desse sakene i ein distriktsvennleg retning. Dette vil sikra at distriktstesten blir tatt på alle politiske vedtak og budsjett, som blir vurderte ut frå verknaden for lokalsamfunn i distriktskommunar.

Portrett av Tore Storehaug ikledd gul regnjakke. Han smiler.
Tore Storehaug – 1. kandidat for KrF i Sogn og fjordane ved stortingsvalet 2021

Vi veit at i 2025 har vi eit samfunn der dei fornybare ressursane vil vere endå viktigare enn i dag. Fisken, vasskrafta, og teigane med gras ligg spreidd i heile landet. Då må vi ha ein politikk som gjer at folk vil bygge og bu der ressursane er. 

«Distriktsutvalet viser at vi har to store utfordringar i periferien. At for få flyttar heim att er den eine, og den har vore der lenge. Det andre dei peikar på er at det og blir færre born i typiske distriktskommunar. Derfor heng distriktspolitikk og familiepolitikk saman. Det er ikkje større suv-ar som lagar gode bygder, det er fleire ungar på sykkel langs vegen» – Tore Storehaug

Her finn du resolusjonen som landsmøtet vedtok i helga: