Busetjing og verdiskaping i heile Noreg

KrFs landsmøte har vedtatt følgende resolusjon:

KrF vil styrka innsatsen for å sikra levande bygder, busetjing og berekraftige lokalsamfunn i heile landet. KrF vil ta distriktstesten på alle politiske vedtak og budsjett, der desse blir vurderte ut frå verknaden for lokalsamfunn i distriktskommunar.

Norman-utvalet (NOU 2020:15 Det handlar om Noreg – Berekraft i heile landet) peikar på at utfordringa for distriktskommunane framover er å utvikla berekraftige samfunn med ei aldersfordeling som sikrar arbeidsliv og velferdstenester. KrF deler viljen til å sjå på nye og radikale verkemiddel for busetjing og bulyst.

Ein forsterka innsats for levande bygder vil mellom anna innebera:

  • Ei sterk satsing på desentraliserte utdanningstilbod både for vidaregåande skule, fagskular og høgskular/universitet for å sikra næringslivet og det offentlege sitt behov for fagfolk og for å styrka busettinga. Dette inkluderer utdanning innan helse- og omsorgsfag, sjukepleie og lærar- og barnehagelærarutdanning.
  • Lokale folkevalde nivå må tilleggjast fleire oppgåver, slik at løysingane vert mest mogleg tilpassa lokale utfordringar. Fleire oppgåver må følgast av økonomiske overføringar.
  • Fylkeskommunane må framleis sikrast fridom til å fastsetja opptakskriterium for vidaregåande skular for å ivareta omsyn til god utvikling av skulestruktur og fagtilbud i heile fylket.
  • Det må leggjast til rette for fleksible ordningar med offentleg/privat samarbeid for å gje gode velferdstenester i distrikta.
  • Det bør opnast for private og ideelle tilbydarar av heimehjelp over heile landet.
  • Digitalisering opnar nye moglegheiter og fornyinga av offentleg sektor må halda fram. KrF vil leggja til grunn at livskraftige regionar og lokalsamfunn skal være eit av måla for dette arbeidet. 
  • Halda fram den historiske satsinga på utbygging av breiband i samarbeid med fylkeskommunane.
  • Gjera det enklare å finansiere eigen bustad i distrikta, ved å redusere eigenkapitalkrav og/eller styrkje Husbanken si rolle ved å yte topplån, ved nybygg og også ved kjøp av bustad.
  • KrF vil forenkle og effektivisere byggeprosessar slik at kommunane si behandling og godkjenning av byggeklare tomter ikkje verkar unødvendig fordyrande eller tidkrevjande. Det kan mellom anna gjerast med differensierte krav i plan- og bygningslova ut frå press på areal, og med at det offentlege tar ansvar for at geolog avklarar rasfare på byggeområde.
  • KrF stiller seg positive til statlege bidrag til reduserte ferjeprisar der dette kan utformast til eit målretta distriktspolitisk verkemiddel.
  • KrF vil leggja til rette for eit aktivt, berekraftig og framtidsretta landbruk som utnyttar ressursar til matproduksjon i heile landet. Det må vera rom for både små, mellomstore og større bruk for å sikra matproduksjon i alle delar av landet med ulikt ressursgrunnlag. KrFs vedtatte målsetjing om vesentleg å redusera inntektsforskjellane mellom bønder og andre yrkesgrupper, må ligga fast òg i kommande stortingsperiode.
  • KrF vil etablera ei tilskotsordning for fleksible kollektivtilbod i distrikt der det er vanskeleg å etablera ordinære rutetilbod.
  • Fleire statlege arbeidsplassar utanfor Oslo og tilrettelegging for samlokalisering på tvers av etatar, til dømes ved bruk av Statens hus, og med avtale med kommunar.
  • KrF er positiv til at mindre distriktskommunar buset flyktningar. Vi vil derfor reversere regelendringa frå 2017 som fråtok små kommunar høve til å busette flyktningar og la distriktskommunar busette ein langt større del av flyktningane Noreg tar imot.