Program Etne KrF 2023-2027

Under følgjer valprogrammet for Etne KrF for kommunestyreperioden for 2023 til 2027.

Målet til Etne Kristeleg Folkeparti er å skapa eit godt samfunn for det
einskilde mennesket. Me vil byggja politikken på det kristne
menneskesynet som seier at alle menneske har ein uendeleg og
ukrenkjeleg verdi frå barnet i mors liv til den naturlege død.

Me set menneskeverdet, forvaltaransvaret og nestekjærleiken i sentrum for
vår politikk. Me vil at Etne kommune skal vera ein triveleg stad å bu og veksa opp i, slik at nye innbyggjarar finn det attraktivt å busetja seg her.