KrF er med på å sikre eit berekraftig og sosialt budsjett for Vestland

Fleirtalet fylkestinget beståande av Ap, Sp, Sv, KrF, V og MDG i Vestland har saman komme fram til eit budsjett som legg vekt på nøkterne, grøne og sosiale tiltak for fylket.

biler og sykler

KrF har saman med dei andre partia arbeidd for å prioritere i vanskelege tider og har klart å sette menneskeverd og innbyggarane i fokus.

– For KrF har særleg inkluderingsarbeidet hatt høg prioritet, og partia aukar prisjusteringa av tilskot til inkludering, kultur og idrett frå 2,1 % til 3,8 %, seier Trude Brosvik, gruppeleiar i KrF. – Vi sikrar også ei styrking av den tilrettelagde kollektivtransporten (TT-ordninga) med 6 mill. kr for neste år og hald samstundes fram med å støtte tannhelsetilbodet til papirlause.

Ei av hovudprioriteringane i dette budsjettet er å leggje til rette for betre og meir moderne kollektivtransport. Ein ny og fleksibel rabattordning for enkeltbillettar hos Skyss blir innført, noko som vil kunne gje reisande ein fordelaktig rabattstruktur. Ein meir fleksibel billettording er òg noko som forskarar ved Transportøkonomisk Institutt har sakna (https://www.nettavisen.no/okonomi/krever-nytt-billettsystem-manedskortet-har-gatt-ut-pa-dato/s/12-95-3424170318).

Trude Brosvik

– Med ambisjonar om eit berekraftig og framtidsretta Vestland i sentrum, legg denne budsjettavtalen stor vekt på felles innsats for å motivere fleire til å velje buss, båt og bane framfor eigen bil, seier gruppeleiar i KrF, Trude Brosvik.

– Derfor har det vore særleg viktig for KrF å skjerme ekspressbussane i og rundt Bergen, fordi mange bruker det for å pendle frå og til jobb. Utan disse bussane vil mange gå over til å bruke bil.

Dessutan ligg det pengar i byvekstavtalen frå 2025, og det vil være uklokt å ta ned midlane i 2024 for så å ta dei opp igjen i 2025. Det vert og nokon kutt i rutetilbodet i distriktet, men KrF vil jobba for ei styrking av bestillingsruter, understrekar Brosvik.

Dei aukande kostnadene og renteutgiftene i ein uroleg verd har ikkje gått upåverka forbi Vestland fylkeskommune. Dette har skapt økonomiske utfordringar, ikkje berre for 2024, men truleg også for den kommande økonomiplanperioden. Fleirtalspartia vil arbeide aktivt mot statlege styresmakter for å skape større handlingsrom for framtida.

Sjølv om store renteutgifter har ført til utsetting av fleire investeringar, er fokuset på økonomisk ansvarlegheit og å løfte innbyggjarane der dei bur tydeleg. Det blir også sett av 20 millionar ekstra til utstyr i yrkesfaga, 16 millionar til aktivitetsanlegg ved Olsvikåsen vgs. samt trygging av skulefrukostordninga og miljøkoordinatorar. Satsinga på yrkesfaga er ei viktig prioritering for å sikre at fylket har kompetente fagarbeidarar som kan løfte næringslivet i Vestland.

Vidare vert også ferjesambandet Kinsarvik-Utne og dagruta på Sunnhordlandsruta vidareført. Investeringane innanfor bygg og fylkesvegar vert halde fast i dei gjeldande planane, medan dei utsatte investeringane vert liggjande som ei marginalliste som kan takast inn om det vert skapt økonomisk handlingsrom.

KrF i Vestland er nøgd med å støtte opp under desse viktige tiltaka som bidreg til eit samfunn prega av omsorg, miljøansvar og økonomisk balanse.