Gode gjennomslag på Vestland Fylkesting

Trude Brosvik, gruppeleiar for KrF si fylkestingsgruppe.

Frå ei kjempelang saksliste på fylkestinget 18.-19. juni vil eg ta fram nokre saker der KrF har engasjert seg og er med og sikre fleirtal.

Sosiale tilhøve, frivillige

Fråfall frå vidaregåande skule, psykisk uhelse (særleg hos unge), rusmisbruk, sosioøkonomiske skilnader og fattigdom er viktige og gjennomgåande tema, og KrF har eit sterkt engasjement i desse. Arne Normann tok opp arbeidet med plan for sjølvmordførebygging, noko som fylket arbeider med, og hentar inspirasjon frå Nordland for. (Dei laga ein plan etter intiativ frå Nordland KrF). Nordmann ønskjer at også kommunane skal kunne kople seg på planen.

KrF vart medforslagsstillar på ein interpellasjon frå Rødt om korleis ein må arbeide vidare med å redusere talet på narkotikautløyste dødsfall. Statestikk viser at Vestland ligg høgst i landet. Dette utløyste sjølvsagt ein liten «rusreform-debatt», der KrF er klart mot legalisering av hasj, og at politiet skal ha gode og klare retningslinjer for å gripe inn, og ikkje minst for å førebygge.

Fylkestinget løyvde også 1 million ekstra til driftsmidlar til Rådgivning om spiseforstyrrelser (ROS) som gjer ein viktig jobb inn mot ei sårbar og aukande gruppe. Vi fekk også støtte for ei ekstraløyving til Robin Hood-huset, som er der for dei med mest behov for hjelp, td matutdeling.

KrF har tidlegare hatt ein interpellasjon om røykfrie busshaldeplassar og terminalar i heile Vestland. Det var no sak på tinget, og eit stort fleirtal gjekk inn for det.

Samarbeidspartia (Sp, Ap, Mdg, SV, KrF og V) har lenge arbeidd for at dei fylkeskommunale bygga skal kunne lånast gratis ut til frivillige lag og organisasjonar. Det er ein ukjent økonomisk risiko å gjere det, så vi vart samde om å avgrense det til born og unge (opp til 20 år). Dette vil vere ei flott styrking av frivillig arbeid og vi ventar sjølvsagt at gratis husleige vil vise att i mindre utgifter for den enkelte familie og deltakar.

Forskrift om nye skulereglar engasjerte mange. KrF støtta at ein ikke skulle ha forbod mot td russeklede eller klede som viste gruppering. Samtidig viste vi til korleis russen i Sogndal hadde arbeidd og fått til ei veldig god inkludering i feiringa. Så god at nasjonale media laga oppslag, og det er ikkje ofte det skjer! Å få dette til med tydeleg skuleleiing, god dialog med elvane og smarbeid lokalt må vere best. Der vi skilde lag med fleirtalet var at KrF ville styrke eit punkt om at ein ikkje skulle laste ned «ulovleg materiale» på elev-maskiner med å presisere at det også galdt pornografi og krenkande innhald. Det er likevel godt at fylkeskommuen opplyser at dei har eit godt filter mot dette.

Ragnhild Stav, som var vara for Jon Olav Økland på tinget, hadde godt innlegg om demokrati-prosjekt. Fylkestinget er oppteken av å auke valdeltakinga til unge. KrF meiner det er viktig å utvide horisonten og å trekke inn demokratiutviklinga i verda, om ein skal engasjere unge.  Det passa derfor også veldig godt inn at vi var med å fremja ei løyving til eit forprosjekt for utviding av Rafto-stiftelsen i Bergen.

Samferdsel og mobilitet

Regional Transportplan (RTP) sitt investeringsprogram har vore ei viktig sak i vår. For KrF har det vore særleg viktig å slå fast at det vi får til skredsikring, skal brukast til skredsikring. Samtidig kan ein ikkje ha eit vedtak som hindrar at fylket nyttar seg av viktige samfinansieringar som staten eller andre er med på for å få til utvikling. Vi slår derfor fast at tidlegare vedtak om ferjeavløysing står fast. Og vi tok også Grimstadvegen i Bergen inn, sidan det også er eit samfinansieringsprosjekt mellom utbyggarar, kommune og fylke. Når det gjeld rassikring, så er det Heilevang i Sunnfjord og Tokagjelet i Kvam som er prioritert først.

Vestland er eit stort ferjefylke. Tala viser tydeleg at staten underfinansierer ferjene ganske grovt. Dette blir derfor noko fylket vedtok å ha ein forvaltningskontroll på, slik at vi kan gå i forhandlingar med rette tal. Men stor kostnadsauke til å drive dagens kollektiv-ruter, gjorde at samarbeidspartia gjekk inn for å auke takstane både på enkeltbilett 3 kr, periodebilett 10 kr og ferjetakst 4 kr. Over bordet i fylkestinget ville ikkje mindretalet støtte det, før det var utgreidd kva ein kunne tene på å reklamefinansiere kollektivtrafikken. KrF er eigentleg ikkje i mot å få ei slik vurdering, men plattformen vi har med samarbeidspartia opnar ikkje for det. Ei anna sak som FrP/H kom med over bordet, var å nytte 4 mill til betre ferjetilbod til Austevoll. Også dette er ei sak som KrF har vore engasjert i, men som vi har sagt vi må ha ein gjennomgang av alle ferjestrekningane i fylket for å kunne prioritere rett. Når saka kjem på denne måten som ei overraskande framlegg i fylkestinget, så seier det alt om at mindretalet vil markere seg, men har altså ikkje ein gong prøvt å forhandle fram eit fleirtal for å få til saka.

Den saka som var mest «nedtur» på heile fylkestinget var at vi måtte avlyse anbudet om nullutslepps-hurtigbåtar til Nordfjord og Sogn. Dette er den enkeltsaka som kunne gitt størst nedgang i klimautslepp! Grunnen til avlysinga er at regjeringa, og heller ikkje stortingsfleirtalet, klarte å love at Vestland fylkeskommune skulle kome inn under den kompensasjonsordninga som regjeringa har varsla skal gjelde frå nyttår for nullutsleppsanbud. Totalt uforståeleg når målet er å kutte utslepp!!