Program Voss 2023-2027

Ideologi og visjonar

KrF byggjer politikken sin på den kristendemokratiske ideologien. Verdigrunnlaget vårt er henta frå Bibelen, den kristne kulturarven og grunnleggjande menneskerettar. I praktisk politikk kjem dette til uttrykk gjennom det kristne menneskesynet, nestekjærleik og

forvaltaransvar.

KrF byggjer på overtydinga om at dei kristne verdiane er det beste grunnlaget for å utvikla politiske løysingar for samfunnet vårt og kommunen vår. Visjonen vår er å skapa eit

varmare samfunn gjennom valfridom for familiane, jordvern, rusførebygging, moderne eldreomsorg, ein aktiv nærings- og landbrukspolitikk og kamp mot  fattigdom.

Samfunnet

Gode lokalsamfunn vert bygde nedanifrå og opp. VH  (Voss Herad) skal vera eit aktivt og driftig herad å bu og leva i, der alle skal oppleva seg sett og høyrde. Dugnadsånda står sterkt og vi alle må gjera vårt beste for å vidareføra denne tradisjon. Visjonen vår er å skapa eit varmare samfunn gjennom valfridom for familiane og kamp mot fattigdom. Rusførebygging, moderne eldreomsorg, ein aktiv nærings- og landbrukspolitikk med fokus på jordvern. KRF vil jobba med å laga gode rammevilkår for næringsliv, kultur og landbruket, slik at det vert det beste for oss som bur her.

Her er prioriteringslista til Voss KRF i neste Heradsstyre periode:

  • KONTANTSTØTTE: Innføra kommunal kontantstøtte fram til 36 månadars alder. Denne må vera minimum 90% av det ein barnehageplass får tilsvarande årsklasse kostar. Dette er sjølvfinansierande.
  • FRITIDSKORTET. Fjerna det som  hindrar at alle barn kan delta på fritidsaktivitetar, uavhengig av økonomi, gjennom tiltaket «fritidskort». Fritidskortet er eit tilbod til alle born og unge 6-18 år som skal dekka valfri fritidsaktivitet med inntil kr 2.000 årleg
  • FRISKULE: Danielsen må få etablera friskule med kristen verdigrunnlag i samsvar med løyve.
  • BARN OG FAMILIE: Borna må ikkje utsetjast for såkalla «rosa kompetanse» der følelsar og udokkumenterte teoriar om meir ein to kjønn får råda i grunnen.
  • DEMENSKOR: Oppstart og drift av eit dementkor på Voss.
  • FLAUMVERN: Kommunestyret må gjera vedtak for å koma vidare. Om nødvendig få opna for konsesjonshandsaming av Raundalselva. Dette for delfinansiering av flaumvern.
  • NÆRINGUTVIKLING: Voss Næringspark (Istad) og Tvildemoen.  Ferdig tilrettelagte tomter med veg, vatn, kloakk og asfalt fram til tomtegrense.
  • KUNSTISFLATE: Få godkjent reguleringsplan og oppstart med tanke på kunstisflate/bane i Prestegardsmoen.
  • VOSS SJUKEHUS: Pådrivar overfor Haukeland Universitetssjukehus om rehabilitering og tilbygg på Voss Sjukehus.
  • ELDREOMSORG: Ledige sjukeheimsplassar må takast i bruk. Auka kostnad 7 mill. årleg. Om tvingande naudsynt: Leigeutgifter til Bane Nor må finansierast med auka eigedomsskatt.

Barn og familie

Familien er den viktigaste sosiale eininga i samfunnet. Familien sjølv er best eigna til å avgjera korleis dei vil organisera kvardagen sin, og dei må kunna velja dette.

Ein god barndom varer heile livet» KrF vil arbeida for at alle born skal få ein god og trygg oppvekst i heimen, i barnehagen, på skulen og på fritida. Familien er samfunnet sin vektigaste byggestein. Vi vil styrka familien, ikkje styra den. KrF.

Voss KRF Satsar på familien og vil:

  • Innføra kommunal «kontantstøtte» for 1, 2 og 3-åringar.
  • Gi gratis «fritidskort» til alle barn mellom 6 og 18år
  • Tilby «Gratis samlivskurs» for dei som ventar sitt første barn.
  • Auka støtta til frivillig barne- og ungdomsarbeid og ha særleg fokus på musikkopplæring, korps- og korverksemd.
  • Innføra ordninga med søskenmoderasjon til å gjelda på tvers av barnehage og SFO

Barnehage

Det skal vera gode barnehagar med trygge vaksne i heile heradet Barnehagane skal vera prega av leik, læring, utvikling og trivsel.

Ved tildeling av plasser så må nærheta til lokalsamfunnet leggas vekt på.

Voss KRF vil:

  • at barnehagen skal vera forankra i kristen kulturarv og verdiar.
  • støtta opp om barnehagar og innsyn, samt moglegheit å godkjenna  innhaldet i det som vert presentert i liv å lære og t.d. «Fri bevegelsen»
  • at barnehagane skal arbeida systematisk mot mobbing
  • Prioritera tidleg innsats for barn med utfordringar.
  • Borna må ikkje utsetjast for såkalla «rosa kompetanse» der følelsar og udokumenterte teoriar om meir ein to kjønn får roda grunnen.

Skule

Ein god skule er grunnleggjande for å skapa ei betre framtid. Skulen skal vera ein god stad for læring, utvikling, leik og trivsel, der alle elevane opplever utfordring og meistring på sitt nivå.

Voss KRF vil:

  • «Danilesen friskule» som er mynta på den kristne kultur og verdisett å må få etablera seg på Voss.  Me vil medverka til at dette kjem på plass.
  • Ha ein skule i heradet, med forankring i den 1000 årlege kristen kulturarv og verdi.
  • Ha ein skule med fokus på tidleg innsats, tilpassa opplæring, praktisk læring og elevmedverknad.
  • Halda fram jobben med gode arbeids- og rammevilkår for dei som arbeider i skulen, med det som trengst til leiing og undervisningsmateriell.
  • Halda fram og leggja til rette for godt samarbeid mellom skule og foreldre og føresette, grunna på tillit, forståing og respekt.
  • Halda fram med  gode rutinar og gjennomføra årleg handlingsplanar mot mobbing, både i og på skulevegen.
  • Styrka samarbeidet mellom skule og næringsliv for om nødvendig auka elevane sin motivasjon gjennom meir praktisk undervisning.
  • Gje leik meir plass i frå barnehage og til starten av småskulen for å gjera skulestarten mjukare. 

Ungdom

Ungdom i heradet skal vera aktive og trygge, med ansvar for eigne liv og tru på framtida.  Medverknad til å auka sjølvbilete og sjølvtillitt med at kvar ungdom vert «sett» og lytta til.

Voss KRF vil:

  • Tilby alle barn og unge god tilgang på aktivitetar i ferien, gjennom mellom anna Barn i juli og Ung i juli.
  • Finna lokale og friviljuge som kan leggja til rette for ungdomar som i dag ferdast på Vangen i vekedagane kan få ein trygg stad å vera.
  • Arbeida for at fleire unge i heradet skal fullføra vidaregåande opplæring og få læreplassar.
  • Øke tilskudd til rusfrie arenaer i kommunen.

Seniorar

Seniorar er ein viktig ressurs i lønna arbeid og i frivillig innsats gjennom lag og organisasjonar.

Voss KRF vil:

  • ha ein personalpolitikk i kommunen, som legg til rette for å kunna stå lenge i arbeid.
  • leggja til rette for frivillig innsats, ikkje minst i helsesektoren.
  • vidareføra støtte til lag og organisasjonar.
  • leggja til rette for aktiv fritid og vidare leige av idrettshallar på dagtid.

Helse, omsorg og Eldrepolitikk

Kjerneverdiar i helsetenesta skal vera kvalitet, tryggleik, tilgjenge og omsorg. God folkehelse fremjar både trivsel, reduserer risiko for skade og sjukdom og gir samfunnsøkonomiske gevinstar.

Voss KRF vil:

  • at kommunen skal tilby helsetenester tilpassa den enkelte, som gir meistring, meining og mogelegheiter, uansett alder og funksjonsnivå.
  • bruka velferdsteknologi som gjer det trygt for eldre å bu heime.
  • auka bruk av heiltidsstillingar.
  • ta i bruk ledige sjukeheimsplassar ved behov.
  • styrka dei heimebaserte tenestene
  • Fastlegekontor i Granvin.
  • Ledige sjukeheimsplassar må takast i bruk. Auka kostnad 7 mill. årleg. Om tvingande naudsynt: Leigeutgifter til Bane Nor må finansierast med auka eigedomsskatt.

Rus- og kriminalitetsførebygging

Førebygging, særleg retta mot barn og unge, er det beste verktøyet for å kjempa mot rus og kriminalitet. Samarbeid mellom politi, kommune, lag og organisasjonar i lokalsamfunnet er ein føresetnad for å lukkast i dette arbeidet.

Voss KRF vil:

  • arbeida for ei verdig rusomsorg, som sikrar behandling, rehabilitering og ettervern med hjelp av både offentlege tilbod og ideelle organisasjonar.
  • ha restriktive, tryggleiksskapande reglar for sal og skjenking av alkohol.
  • stimulera til rusfrie ungdoms-, idretts- og kulturarrangement.
  • at alle arrangement i kommunal regi skal vera rusfrie.
  • støtta rus- og psykiatriførebyggjande tiltak blant unge.
  • tilby hjelp til pårørande av personar som slit med rus, blant anna gjennom ordning med pårørandestøtte.

Livssyn, kultur og idrett

Voss Herad har eit sterkt organisasjons- og foreiningsliv innan kristent arbeid, kultur og idrett.

Me ser verdien av eit livssynsope samfunn, og vil halda fram med gode kommunale støtteordningar for frivillig arbeid.

Voss Herad skal være eit attraktivt herad for heilårsturismen.

Voss KRF vil:

  • Voss KrF ønsker å tilrettelegge for næringsliv og turisme, og marknadsføra heradet som et naturlig reisemål både for norske og utanlanske turistar heile året.
  • Støtta planane om bygging av museum etter Bergslien.
  • Betring av opplevinga av å væra og sjå elva i Bordalsgjelet, med fleire og betre utsiktspunkt ned i juvet.
  • Idretsmuseum så vi får vist omverda alle idrettsheltar bygda har oppfostra.
  • støttar planane om rehabilsering og utviding av areal i gamlekinoen å Voss.
  • ta vare på den kristne kulturarven og gje gode rammevilkår for kyrkja, bedehusa og andre trussamfunn.
  • prioritera barn og unge når det gjeld økonomisk støtte til aktivitetar.
  • gje tilstrekkelege rammer for god aktivitet i fritidsklubbane.
  • at tildeling av kulturstøtte skal vera aktivitetsbaserte.
  • at barna skal få tilbod om skulegudstenester.
  • Gje moglegheit for gratis fritidskort.
  • Få bygd ein kunstisbane/flate i mindre skala i Prestegardsmoen.

Innkludering og integrering

Sjølv om dei fleste i Voss Herad lever trygge og gode liv, er det for mange som av ulike grunnar står utanfor fellesskapet. KrF vil arbeida for at ingen i Voss skal falla utanfor.

Voss KRF vil

  • ha gode støtteordningar for dei som ikkje klarer å betala for fritidsaktivitetar.
  • Fritidskortet får alle som fyller 6 til 18.år med å dekka inntil kr. 2000,- i 2024
  • støtta frivillig arbeid for å motverka utanforskap.
  • at Voss kommune skal ta imot flyktninger på ein god måte.

Klima og miljø

Naturen, miljøet og klimaet er grunnlaget for samfunnet vårt, og me må forvalta det på ein ansvarleg måte. Støtta alle som satsar på «grøn teknologi»

Voss KRF vil:

  • vektleggja natur, klima og berekraft i arbeidet med kommunale planar.
  • at det skal vera enkelt og lønnsamt å velja klimavennleg, for både innbyggjarar og bedrifter.
  • leggja betre til rette for produksjon av fornybar energi, gjennom blant anna, småskala vasskraft produksjon, bio og vann boren gjenvinning.
  • privat tilskudd til varmegjenvinning, solselle og reint brennende vedovner.
  • arbeida for gode energisparingstiltak, slik som gje støtte til kjøp av varmepumpe,
  • arbeida for at nye kommunale bygg skal vere låg- eller plussenergibygg.
  • Selja kommunale bygg so ikkje er etter lovverket lenger og som er lite egna til bruk og mykje vedlikehald.
  • leggja opp til god infrastruktur for utsleppsfri transport og etablera fleire ladepunkt for elbilar.
  • redusera matsvinn i kommunen, og prioritera lokal- og norskprodusert mat.

Næring og landbruk

Kommunen skal vera ein konstruktiv og god samarbeidspartnar for både næringslivet og bonden.

Voss KRF vil:

  • Fokusert satsing på «Det grøne skiftet» og fornybar energi.
  • God tilrettelegging av areal og infrastruktur på Istadmarka næringsområde og på Tvildemoen.
  •  Leggja til rette og masseutskifta tomteland, klare for bygging..
  • Asfalt på veg fram til tomtegrense. I tillegg framlagt VA og breiband.
  • prioritera jordvern og ikkje utfordra dei langsiktige jordverngrensene.
  • at kommunen skal opplevast som ein medspelar for bonde og næringsliv.
  • Bidra til at dyrkbar mark vernas i høgste grad, men der jord går tapt på grunn av utbygging eller legnande skal tilsvarande jord opparbeidast, slik at dyrka jord oppretthaldast.
  • leggja til rette for næring knyta til reiseliv i kommunen.
  • arbeida for auka samarbeid med nabokommunane innan næringsutvikling.
  • at kommunen skal støtta innovasjon og gründerverksemd innan næring og landbruk.

Samferdsel

Det må verta tryggare å reisa mellom Bergen og Voss, samt vidare og vidare utover kommunegrensa. Først og fremst er det viktig at barn må kunna ferdast trygt, og at næringsliv skal ha gode transportvegar og ha minst mogeleg ventetid.

Voss KRF vil:

  • auka trykket på myndigheitene for oppstart av K5 vegprosjektet frå Arna til Stanghelle.
  • bidra til at dyrkbar mark vernas i høgste grad, men der jord går tapt på grunn av utbygging eller legnande skal tilsvarande jord opparbeidast, slik at dyrka jord oppretthaldast.
  • halda fylket til å oppgradera og asfaltera fylkesvegane t.d. Raundals og Bordalsvegen.
  • halda presset oppe for utbygging og fornying av jernbanen Voss/Bergen