Program Vaksdal 2023 -2027

Vaksdal KrF vil at du skal ha det best muleg når du bur i Vaksdal kommune. Vaksdal KrF vil legga til rette for at du kan leva eit godt liv. Her må alle ha tid til det viktigaste.

Vaksdal KrF har 5 hovudprioriteringar:

  • Laga mange og ulike møteplassar i kommunen vår.
  • Barnetilskot.
  • Kartlegga både eksisterande og potensiell næringsareal i kommunen.
  • Oppretthalda og gje gode vilkår for landbruket med aktivt bruk av Vaksdal Næringsfond.
  • Ei god eldreomsorg der både fysiske, psykiske og åndelege behov vert godt ivareteke.

Seniorar og eldre

Det skal vere bra å verta eldre i Vaksdal! Møteplassar og aktivitetar er viktige moment for god livskvalitet, anten det kjem av frivillige initiativ eller er organisert. Å hjelpe ein nabo er også ofte vinn-vinn situasjonar som må framsnakkast.

Krf vil:

  • ha ein god seniorpolitikk, slik at folk vert ivaretatt.
  • at tilsette i eldretenesta skal ha fokus på omsorg for heile mennesket.
  • ha tilrettelegging slik at seniorar kan stå lenge i arbeidslivet.
  • stimulera til aktivitetar der dei som er ute av arbeidslivet kan nytta sine ressursar for å utvikla samfunnet og skapa ny aktivitet.
  • utvikla eit seniorsenter.
  • leggja til rette for besøkstenester og møteplassar for dei eldre, i samarbeid med eldrerådet og  Frivilligsentralen.

Helse og omsorg

Helse-og omsorgstenestene skal byggja på kvalitet, gje tryggleik og vera tilgjengelege for alle som har behov. Me ynskjer spesielt fokus på dei som har færre ressursar rundt seg i livet. Tenestene må vera tilpassa brukarane og visa i praksis at me arbeider etter: «Kva er viktig for deg» -prinsippet.

KrF vil:

  • løyva midlar til ekstra diakon-stilling i kommunen.
  • ha 2 sjukeheimar. Dale kan nåast frå alle delar av kommunen.
  • arbeida for ei trygg og tilgjengeleg legeteneste for alle innbyggjarane.
  • oppretthalda eit godt lågterskel-tilbod innan psykisk helse og rusomsorg. 
  • sikra barn og unge gode og lett tilgjengelege helsetenester gjennom ein godt bemanna helsestasjon.
  • at dei eldre skal ha eit godt offentleg omsorgstilbod som er fleksibelt og tar utgangspunkt i den einskilde sine behov og ønskjer, til dømes praktisk bistand som kan variera etter behov.
  • at dei eldre som ønskjer det, skal få bu lengst mogeleg i eigen heim.
  • ha vidare utvikling og bruk av omsorgsteknologi.
  • sikra tilstrekkeleg kvalifisert bemanning i eldreomsorga og heimetenester.
  • at grunnbemanninga skal vera høg nok, med heile stillingsheimlar til alle som ynskjer det.
  • utvida og vidareutvikla dagtilbod for eldre, slik at det blir tilgjengeleg for alle som vil.
  • sikra gode jordmortenester.
  • ha ei god og tett oppfølging av pårørande.
  • ha ekstra nettverk rundt dei som ikkje har pårørande.

Bygdeutvikling

KrF vil:

  • ha god og systematisk drift og vedlikehald av all kommunal eigedom. Prioritert vedlikehaldsplan må vera til diskusjon minst 1 gong i året.
  • ha god flaumsikring i alle delar av kommunen.
  • ta initiativ til eit breitt samarbeid når det gjeld flaumsikring av Vosso-vassdraget.
  • ta vare på matjorda i heile kommunen, og stimulera til at den vert halde i hevd.
  • fortsetja å støtta alle bygdene og dalane våre gjennom bygdeutviklingsutvalet.
  • skapa fleire møteplassar mellom folk i alle aldrar og i alle bygder.
  • prøva å få mest mogeleg fastbuande i hus som er på sal.
  • utvikla gode og funksjonelle stasjonsbyar på Dale, Stanghelle og Vaksdal.
  • at kommunale- og fylkeskommunale vegar skal prioriterast høgt.
  • jobba for vekst og nybygg i alle bygdelag.
  •  gjera betre kjent støtteordningar og fond, som ulike lag kan søkja på.
  • gjera det mykje lettare å ta kontakt med kommunen.

Natur og Miljø

KrF vil:

  • arbeida for å redusera klimagass-utsleppa med 40-50% innan 2030.
  • arbeida for fleire ladestasjonar for el-køyretøy og el-båtar i heile kommunen.
  • arbeida for fleire gang- og sykkelvegar i kommunen.
  • at alle skular og barnehagar finn eit naturområde som dei kan bruka å ta vare på.
  • at alle bedrifter i kommunen går inn for å klara sertifiseringa «Miljøfyrtårn».
  • at Vaksdal Kommune skal verta miljøfyrtårn-sertifisert i alle einingar.
  • at Vaksdal kommune gjev investeringstilskot til private og verksemder som installerer solcellepanel.
  • at eksisterande og nye kommunale bygg skal installera solcellepanel.
  • støtta alle vernetiltak for villaksstammane våre. Me har eit spesielt fokus på Vossolaksen.
  • setja i gong opprydding av dei mange fjordsidene våre i kommunen vår. BOF og BIR har  kompetanse og utstyr
  • stimulera til meir generell bossrydding

Kultur

KrF vil:

  • sjå til at kommunen sitt einaste museum, skulemuseet på Straume og landskapsmuseet vert i aktivt bruk fleire gonger i året. Området ved Skipshelleren og laksagiljene  må verta ivareteke og marknadsført som det unike området det er. Vegen bort til Skipshelleren må gjerast tryggare og meir tilgjengeleg for folk flest. Kanskje kan me få til ein sherpa-sti eller noko liknande.
  • følgja opp kulturminneplanen slik at kulturminnene vert synlege og interessante for folk.
  • støtta opp om dei ulike kulturbygga i kommunen med økonomiske tiltak.
  • vil vøla Messo for å stoppa vidare forfall. Me vil oppretta ei  stifting for å drifta Messo vidare.
  • støtta opp under bygging av eit «Opplevings – og kompetansesenter» i mølleanlegget på Vaksdal. Viktig å bygga identitet gjennom historien. På den måten kan me styrka lokal tilknyting for bygdene våre.
  • at kulturskulen skal vera tilgjengeleg for alle i kommunen og med eit breitt spekter av  tilbod.
  • ha eit godt samarbeid med kyrkjeleg fellesråd, og sjå til at det vert gode avtalar mellom Vaksdal kommune og Fellesrådet. Naudsynt vedlikehald av kyrkjebygga må gjerast.
  • yta tilskot til enkle ENØK-tiltak i kyrkjebygga.
  • støtta kyrkja sitt arbeid med kristentradisjonane, kulturen og historien.
  • legga til rette for mange og uformelle samlingspunkt på tvers av generasjonar.
  • at alle idrettsanlegga rundt om i kommunen vert halden vedlike og utvikla. Spesielt sentralidrettsanlegget på Dale.
  • leggja til rette for å oppretta musikk-verkstad for ungdommar i kommunen.
  • aktivt støtta opp om tiltak som styrkjer lokal identitet og ivaretek tradisjonar.
  • prøva å visa at kultur, natur og bygdeliv har høg verdi i seg sjølv.
  • verta kjent med kulturen til dei som kjem til oss frå andre land.
  • støtta og vidareutvikla frivilligsentralen. Kontorstaden må vera ute blant folk.

Inkludering og integrering

KrF vil:

  • at Vaksdal kommune skal stilla med praksisplass til språkopplæringa.
  • arbeida for betre integrering av flyktningar/innvandrarar.
  • arbeida for inkludering av dei som opplever utenforskap i kommunen vår.
  • at alle innbyggarane i Vaksdal kommune skal verta møtt med respekt og ei open haldning.
  • at alle skal kjenna seg inkludert der dei bur. Her må ein jobba med å skapa gode møteplassar der innbyggarane kan treffast og verta kjende.
  • at alle innbyggarane skal kjenna at dei vert sett pris på. Her må me alle gjera ein innsats.
  • at det skal løyvast ekstra midlar til integrerings- og inkluderingsarbeidet gjennom det frivillige kultur- og idrettslivet i kommunen.
  • ha fokus på god integrering/inkludering gjennom alt frivillig arbeid i kommunen.

Oppvekst og familie

KrF vil:

  • innføra kommunalt barnetilskot for alle born mellom 2-6 år på kr 3500,-. Tiltaket fremjar busetjing i heile kommunen, og dette vil trekka til seg barnefamiliar. I tillegg vil det gje valfridom til foreldre og hindra barnefattigdom.
  • setja av midlar til frivillige lag og foreiningar for å dekka kostnader, og på den måten redusera kontingent til barn og unge.
  • ha fokus på tidleg innsats og bruk av naudsynte ressursar i barnehage/skule.
  • skapa gode tilbod til barn og unge som treng ekstra merksemd og kontakt. Foreldre/føresette som ynskjer det, skal så tidleg som mogeleg få tilbod om kurs og rådgjeving i høve korleis ein kan utvikla gode relasjonar til barn og ungdom.
  • sikra god nok skulehelseteneste til at born med ekstra behov får rett individuell oppfylgjing.
  • tilby gratis foreldrekurs på ulike tema.
  • at familiar som ventar eller har fått barn med funksjonshemming vert følgt tett opp.
  • oppretthalda den eksisterandebarnehage- og skulestrukturen. Alle lokale barnehagar bør ha plass/kapasitet i sitt nærområde. Opningstidene i barnehage og SFO bør vera mest mogeleg tilpassa brukarane sine behov.
  • at Vaksdal skal ha rusfrie soner, slik som « av og til»-prosjektet legg opp til.
  • arbeida for mobilfrie soner. Fysiske møteplassar vert prioriterte.
  • at me skal ha ungdomskontakt. Her trengs det ny ungdomsplan i tett samarbeid med Ungdomsrådet.

Næringsutvikling

Ein må bygga landet nedanfrå. KrF har ein god kristen tradisjon å bringa vidare. Hans Nielsen Hauge var eit godt førebilde. Lokal næring fører menneska i arbeid, gjer kommunen meir attraktiv, aukar inntektene til kommunen og let menneske med idear og pågangsmot få utfalda seg.

Difor vil KrF:

  • sjå til at eksisterande næringar vert gjeve gode rammevilkår, slik at dei kan utvikla seg vidare i kommunen vår. Her må det vera ein god dialog mellom ulike aktørar, som vil bidra til ei positiv næringsutvikling.
  • stimulera grunderar til satsing med god oppfølging og tilrettelegging. Vaksdal kommune skal vera ein positiv pådrivar gjennom Vaksdal Næringsselskap.
  • kartlegga både eksisterande og potensiell næringsareal i kommunen, særleg langs fjordane. Gode og tenlege areal må regulerast slik at områda kan verta attraktivt for etablering.
  • Kartlegga ledige industrilokale og gå i dialog med eigarane om bruk av slike lokale til ny næringsutvikling.
  • oppretthalda og gje gode vilkår for landbruket med aktivt bruk av Vaksdal næringsfond.
  • auka talet på landbruksføretak og påverka politikk nasjonalt på dette området. Produksjon av mat i Vaksdal kommune er berekraftig.
  • stansa arbeidet med å opna opp for detaljhandel på Dalegarden før sentrumsplanen på Dale er på plass. KrF er enig med Statsforvaltaren i denne saka.
  • tidleg i kommunestyre-perioden ha temasak på Bergensavtalen og innkjøpssamarbeidet. Denne avtalen hindrar lokalt næringsliv i altfor stor grad.
  • regulera areal til bustader i alle delar av kommunen.

Samferdsle og infrastruktur

Vaksdal kommune bidrar i rikt mon til storsamfunnet med elektrisk energi og inntekter til eigarkommunane. I tillegg sørge kraftutbygginga at eigen kommune får inntekter i tillegg til utbytte. Ein del av desse inntektene bør gå til oppgradering av alle kommunale vegar. Me må i tillegg kreva mykje betre standard på dei fylkeskommunale vegane som går gjennom kommunen. Dette er avgjerande for å sikra lokal busetjing.

KrF vil:

  • arbeida for sterk utbetring av fylkesvegane i kommunen.
  • at fylkesvegane våre skal få standard for normal nyttetransport. Dette gjeld høgd i tunellane, lengd på vogntog og akseltrykk.
  • halda fram arbeidet som trafikksikker kommune.
  • vurdera tilbringarteneste i samarbeid med Skyss.
  • intensivera asfalt-programmet for dei kommunale vegane.
  • arbeida inn mot fylkeskommunen for eit meir fleksibelt og tilpassa kollektivtilbod i heile kommunen.
  • at vegane i Vaksdal skal vera trygge. Rassikring og rekkverksarbeid av alle typar vegar  er eit hovudfokus i dette arbeidet.
  • framleis arbeida opp mot sentrale styresmakter for vidareføring av K5, Arna– Voss. KrF ser på K5 som eit regionsutviklingsprosjekt for denne regionen i Vestland.
  • ha tenlege sentra i samband med K5 på Stanghelle, Vaksdal og Dale.
  • få liv i kaianlegga. KrF vil jobba for interkommunalt samarbeid der ein ser på prosjektet med å etablera ei passasjer-rute rundt Osterøy. I tillegg til vanleg persontransport kan denne ruta kombinerast med turisme. Ein vil også auka aktiviteten på kaianlegga rundt Osterøy.
  • medverka til å auka det generelle vedlikehaldet på vegane.
    1. Dalseid – Eidsland
    2. Eidsland – Gullbrå
    3. Nesheim – Voss grense
    4. Dale – Hamlagrø
    5. Kallestad – Toskedal
    6. Vikaståa – Hesjedal
  • halda fram arbeidet for å få gode  og stabile mobil- og breibandsløysingar i heile kommunen.
  • jobba for å utvida kapasiteten på straumnettet.
  • få prosjektet Høgabergtunellen opp av skuffa, og prøva å få realisert det.
  •  sjå litt på eit tidlegare forslag: Tunell gjennom Nesheimsfjellet.