Program Ullensvang 2023-2027

Grunnverdiane til KrF er menneskeverd, nestekjærleik og forvaltaransvar. Det forpliktar oss til å arbeida for eit varmare samfunn som har plass til alle. Me vil leggja til rette for lokalsamfunn som er prega av tillit, små og store
fellesskap, innovasjon, frivillig engasjement og omsorg for kvarandre.

KrF vil setja innbyggjarane i sentrum og arbeida for at tenestetilbodet frå kommunen har høg kvalitet, og er nær folket. Ullensvang KrF vil i dette valprogrammet legge fram kva me meiner er gode satsingsområde, fordelt på dei ulike einingane i kommunen vår.

Tilflytting og folketalsauke er noko som gjennomsyrar fleire av programpostane våre. Me meiner dette er noko kommunen må ha eit ekstra
fokus på framover, i alle einingar. Fleire innbyggjarar, både gjennom tilflytting og auka fødselstal, er den enkeltfaktoren som åleine kan sikre ei god utvikling i kommuneøkonomien.

HELSE OG OMSORG
Ullensvang kommune har pr. i dag ein aldrande befolkning. Statistikken til
SSB viser at nesten ein femdel av befolkninga er over 69 år. Difor er det berre å forvente at store delar av det kommunale budsjettet går til helse og
omsorg. Og det skulle berre mangle at vi ikkje skulle bruke ressursar på dei
som bygde landet, og har lagt grunnlaget for den levestandarden me har i
dag.

Avgjerande for at alt skal fungere, er uansett at ein har nok «varme hender»,
god leiing, pleiarar og fagfolk med kompetanse. Dei tilsette må ha så gode
arbeidskår at ein slepp bruke tosifra millionbeløp til vikarbyrå og vikarar for
sjukemelde. Omsorg og stress høyrer ikkje saman, difor kan ein ikkje kutta i
tal på tilsette. Ein må heller sjå korleis ein kan skape endå meir målretta
tilbod, og på den måten bidra til ein god alderdom for alle.

KrF vil:

  • styrke frisklivstiltak for pensjonistar og uføre.
  • at institusjonane skal vera samlingsstader for dei eldre i bygda, og for
    frivillige som vil skape liv og røre for dei eldre. Støtte samskapande tiltak der dei store stovene vert fylt med dans og liv.
  • ha 50-100 % Miljøterapeut/ musikkterapeut/ aktivitør på alle institusjonane våre! Då kan ein òg auke opp dagtilbodet for dei som bur
    heime.
  • auka ressursar til heimehjelp og heimesjukepleie. Sidan dei fleste bur
    heime er heimebasert omsorg grunnmuren.
  • ha nok omsorgsbustader. Dei må lokaliserast nær omsorgsbasen, gjerne som eit kollektiv der det høver, med døgnvakt i heimesjukepleia.
  • at kommunen skal få fleire HDO-plassar (heildøgers pleie og omsorg).
  • at det ikkje skal vere ventelister på sjukeheimsplassar til dei som er mest sjuke. Det bør vere sjukeheimsplassar i Odda, Kinsarvik, Utne og Jondal.
  • at vi opprettheld palliative plassar med tilhøyrande (evt. ambulerande)
    kompetanse i Jondal, Odda og Kinsarvik, for dei som er i livets siste fase.
  • at kommunen gjer tilbodet om omsorgsløn meir kjent, og tilbyr dei
    pårørande avlastingstilbod. Her må kommunen ta initiativ!
  • at personar med demens får varierte og individuelt tilpassa bu-og
    omsorgstilbod. Det er ikkje alltid sjukeheim er det beste.
    11.sikre effektive oppdaterte IKT-system i helse- og omsorg, så fagpersonell ikkje bruker dyrebar tid på gamle kommunikasjonssystem.
  • lage turnus-ordningar som kan få vekk den dyre vikarbyrå -bruken. Nordsjø-turnus kan t.d. tiltrekke nye søkarar.
  • Prioritere tilsetjing av kommunale psykologar (200 % vakanse pr i dag),
    slik at born og unge kan få rask psykisk helsehjelp. Desse bør samlokaliserast med helsesjukepleiar og sosiallærar/ miljøarbeidar på
    skulane, slik at dei òg kan vere ein medspelar for lærarar og andre
    tilsette.
  • jobba for at Ullensvang kommune vert ein «Av-og-til-kommune», der
    ein jobbar systematisk med ulike fokusområde for å forebygge russkader og avhengigheit.

OPPVEKST OG UTDANNING
Borna er framtida, brukar vi å seie. Likevel endrar oppvekstvilkåra i
samfunnet seg på ein måte som gjer at barndomen no er meir utfordrande for mange. Ein god barndom varer heile livet. Born treng tid med foreldra og familien sin. Dei minste borna treng meir leik, og mindre alvor.

Vi meiner Ullensvang bør vere ein føregangskommune, og våge å gjere noko nytt for å gjere livet betre for borna våre. Skulane og foreldra bør jobba mot eit felles mål, der vi søkjer å ta vekk presset og tidsklemma – og auka meistringskjensla og kvardagsgleda. Dei som har utfordringar fagleg eller sosialt, må få tidleg hjelp. Då må PPT ha kortare behandlingstid, og
barnehagar og skular må ha nok folk med rett kompetanse.

Born som kjenner på økonomisk utanforskap, må få hjelp til å delta i
fritidsaktivitetar på lik linje med andre born. Kommunen må ha borna i fokus,
i alle nærmiljø og grender. Me meiner òg at dei som bidreg til folkevekst og
føder mange barn til verda, bør få ei lita påskjøning for det! Dette er òg supre
tiltak for å setje kommunen på kartet, og auka tilflyttinga til kommunen.

Krf vil:

  • støtte alle frivillige alkoholfrie arrangement for barn og unge.
  • at kommunen skal ha eit felles antimobbeprogram på alle årstrinn. Dette er òg rusforebyggjande.
  • jobbe for realisering av planane om aktivitetspark på Smelteverkstomta.
  • at alle badeanlegg i kommunen skal vere opne også i skuleferiane, og at utbygging/utviding av Odda Folkebad skal bli ein realitet.
  • sikre sommardrift for badeanlegget i Tyssedal.
  • støtta utvikling av gode aktivitetsområde for born og unge i heile
    kommunen; skateramper, basseng, klatreveggar, terrengsykling, osv.
  • lage plan for vedlikehald av kommunale leikeplassar, oppstart 2024.
  • at PPT får kortare behandlingstid. Tidleg innsats er eit viktig satsingsområde i kommunen.
  • at skulane i Ullensvang skal jobba fram felles verdiar og eit motto som
    skapar felles retning.
  • gjere skulane til attraktive arbeidsplassar, for både lærarar og andre
    yrkesgrupper. Det gjer vi ved å sikre nok kvalifisert personale.
  • At born som treng det skal få leksehjelp.
  • Innføre kommunalt fritidskort for born under 10 år, som dekker kontingenter og skyss til organisert aktivitet.
  • at Ullensvang kommune har eit pilotprosjekt med leksefri skule for
    småtrinnet på Odda barneskule (1.-4. kl), og ein av dei andre barneskulane – frå hausten 2025 til vår 2027.
  • at Ullensvang kommune gjennomfører eit prøveprosjekt for
    timeplanfesta leik for 1.-2. trinn i heile kommunen frå haust 2025 til vår
    2027.
  • at kommunen gir 100 000 kr i fødselstilskot til kvinner for kvart barn dei
    får, frå og med barn nummer tre. Tilskotet føreset at mor er fast busett i
    kommunen.

TEKNIKK OG MILJØ
Det må vere vakkert og trygt å bu i Ullensvang – om du bur nær fjorden, eller
fjellet. Kanskje tenkjer du «teknikk & miljø» er kjedelege saker. Men du er vel
oppteken av at leikeplassane skal haldast ved like, at vegen skal brøytast, at
dei eldre skal ha fine omgjevnader, og lufta på arbeidsplassen skal vere god å pusta i? Teknikk og Miljø driv svært viktig vedlikehald og drift på den
kommunale infrastrukturen og bygningsmassen, og står også ansvarleg for
dei største investeringane i kommunen. Dette er den jobben ingen ser, før
den dagen jobben ikkje vert gjort lengre. Kommunen har ansvar for at
kommunale vegar, uterom, bruer og leikeplassar er i god stand. Dette
påverkar både trivsel og tryggleik i alle sin kvardag.

KrF vil:

  • kartleggje tilstanden på kommunale bygg og laga ein plan på korleis ein
    skal utbetre feila på kort og lengre sikt.
  • redusere arealbruken slik at midlane kan nyttast på mindre areal og
    dermed ha betre vedlikehald
  • vurdere å bruke heimfallskraft til kommunale bygg (det kostar meir å
    kjøpe straumen frå kraftselskapet enn det kommunen får i inntekt på sal
    av konsesjonskraft) for å redusere straumkostnadene, slik at midlane kan nyttast på betre vedlikehald
  • installere solceller på alle kommunale bygg der det er mogleg
  • utarbeide ny hovudplan for renovasjon og at det blir gjennomført
    naudsynte tiltak som gjer at vi kan oppfylle noverande og framtidige krav til miljø og gjenvinning
  • at gamle bilvrak skal fjernast frå kommunal eigedom. Det må vere nok
    ressursar til vegavdelinga til å gjennomføre registrering og innmelding til Politiet.
  • at parkavdelinga må få midlar nok til å vedlikehalde dei kommunale
    leikeplassane og andre grøntområde.
  • at tiltaka i hovudplan park Odda (2019) vert gjennomført, der det ligg
    inne både auka bemanning og auka midlar til årleg drift og investering til å utbetre leikeplassane.
  • Halde sentrumsområda i kommunen fri for boss ved å ha avtalar med
    Kirkens Bymisjon og andre lag og organisasjonar.
  • at kommunen lager hovudplan for veg, der tilstand og behov for
    utbetring av vegar og bruer på lengre sikt vert synleggjort. Ein bør i dette arbeidet vurdere privatisering av brøytetenesta i heile kommunen, og gjennomgå eksisterande brøyteavtalar, slik at dei kommunalt tilsette kan prioritere stikkvegar og inngangar til kommunale bygg.
  • hindre at lokale vassdrag og avløpsnett vert forureina av overvatn. Ein
    må auka løyvingar i budsjettet slik at det kan gjennomførast tilstrekkeleg tømming av sandfang og kosting av gatene.
  • utarbeide ny hovudplan for vatn og avløp med kartlegging av tilstand og tiltak dei neste 12 åra. Dette har vi ikkje for heile Ullensvang pr. i dag.
  • Lage ny hovudplan for Hamn som omhandlar tilstandsvurdering og tiltak dei nærmaste åra i heile kommunen. Ullensvang KrF ønskjer ikkje å leggje til rette for cruisebåt-turisme. Gjestebrygger for småbåtar er derimot eit godt tiltak for både innbyggjarar og turistar.

NÆRING OG SAMFUNN
Ullensvang har mange ledige arbeidsplassar i både privat og offentleg sektor, og folketalet dei siste fem åra har stagnert. Dersom me ynskjer folkevekst i kommunen, må me sjå heile biletet. Me veit at me berre vert fleire og fleire eldre. Difor må me auke talet på innbyggjarar i arbeidsfør alder. Me må sørge for at folk trivs når dei kjem til oss. Eit godt arbeidsmiljø med høg trivselsfaktor, og gode kvalifiserte medarbeidarar er og viktig for at
arbeidslivet skal fungere, både i næringsliv og innan dei kommunale
tenestene.

Me må sørge for at småbarnsfamiliar flyttar hit, og ikkje minst at dei blir
verande! Det er dei som er både notida og framtida. Me må legga til rette for
bustadbygging, men òg at dei husa som står tomme vert rusta opp og teke i
bruk. Det må òg vere lettare å få påverke til utvikling og vekst der ein bur. Og
turismen er ei veksande næring! Her må kommunen følgje med i timen, og ta
det inn som ein sentral del av næringsarbeidet til kommunen.

KrF vil:

  • ha eit solid næringsfond som kan styrke næringsutviklinga.
  • styrke samarbeidet mellom utdanningane og næringslivet, ved å sikre
    nok lærlingplassar og gode trainee-ordningar.
  • vere ein god vertskommune for nyetablerarar (både bedrifter og
    privatpersonar), ved å korte ned sakshandsamingstida i byggesaker.
  • legge til rette for spredt bustadbygging i bygdene våre.
  • lage handlingsplan for korleis vi kan auke tilflyttinga i kommunen.
  • vere restriktiv til hyttebygging i LNRF-område.
  • støtte nybrottsarbeid og samskaping i fruktnæring og jordbruk.
  • opprette ei eiga tilskotsordning for bygdeutvikling. Her kan lokale
    prosjekt, aktivitetar og gode formål i by og bygd søke om midlar gjennom heile året. Eit tverrpolitisk utval må ha avgjerslemynde til å fordela midlane.
  • at utvikling av reiselivsnæringa skal vere ein prioritert del av arbeidet til
    næringssjefen i kommunen. På den måten kan vi gjera
    «friluftshovudstaden» til noko meir enn eit slagord.
  • utvikle Ullensvang til eit berekraftig turistmål, der natur og miljø ikkje
    vert skada av vårt ønske om profitt. «Rein turisme» kan gjerast til eit
    konkurransefortrinn! Vi vil ikkje ha gondol på Rossnos.
  • prioritere regionalt samarbeid med felles booking-portal for Hardangerregionen, transport mellom attraksjonar og turmål, pakkeløysingar, og bidra til at dei som satsar på turisme kan gjere dette heile året.
  • sikre at Ullensvang kommune er «på ballen» i alt fruktbart regionalt
    samarbeid.
  • sikre ei berekraftig oppdrettsnæring som tek miljøomsyn. Føreseielege
    rammer som vedtekne i samla plan for regionen. Nye anlegg må ikkje
    koma i konflikt med anna næring.
  • stø opp om bøndene i kommunen, så dei får meir tilbake for jobben dei
    gjer. Det er viktig at kommunen tek bøndene sitt parti når det er
    landbruksoppgjer.
  • at kommunen har gode prosessar i både nytilsetjing og sluttsamtalar, og
    utarbeider gode rutinar for korleis ein rekrutterer og lyser ut stillingar.
  • at kommunalt personell får høve til å delta i naudsynt kompetanseheving
  • be administrasjonen om å fremje medarbeidarundersøking/kartlegging
    for alle tilsette i kommunal sektor. Lokalt forankra undersøking med
    gode spørsmål som kan bidra til utvikling og endring, og auka trivsel.
  • ta initiativ til å utarbeide verdisetningar for kommunalt tilsette og
    kommunestyre, som seier noko om korleis vi vil behandle kvarandre.
  • setje fokus på arbeidsgjevarpolitikk. Korleis går det med leiarane våre?

MILJØ, KLIMA, NATURVERN OG ENERGI
Forvaltaransvaret forpliktar oss til å ta vare på miljøet og forvalta
naturressursane på ein forsvarleg måte. Det er viktig å finna dei «grøne»
løysingane også i kommunepolitikken. Vi rår over store energiressursar, som
gir grunnlag for industri som også forureinar. Vi bur i eit område med variert
kulturlandskap og to nasjonalparkar. Biomangfaldet er truga av mange
grunnar. KrF vil føre ein politikk som tek miljø- og naturvern på alvor.

KrF vil:

  • opprette 100 % stilling til Klima- og Miljøvernrådgjevar. I alt planarbeid
    trengs det nokon som har spisskompetanse på dette fagområdet.
  • utarbeide klima- og energiplan for kommunen med vektlegging av eigne og konkrete tiltak.
  • seie nei til utbygging av vindkraft i Ullensvang kommune.
  • vere restriktiv til utbygging av nye småkraftverk i kommunen.
  • støtte bruk av hydrogen som drivstoff for transport og energikjelde i
    industrien.
  • prioritere sikring av rasfarlege område og andre førebyggande tiltak som er naudsynt når ein får meir og kraftigare nedbør.
  • skape føreseielege rammer for kostnad av energi til industri og anna
    næring.
  • forplikta oss til å ha ei renovasjons- og avfallsordning med høg grad av
    kjeldesortering, resirkulering og gjenvinning.
  • initiere kommunale ryddeaksjonar i samarbeid med næringsliv, landbruk, frivilligheit, skular og barnehagar.
  • arbeide inn mot både Vestland, og nabofylka våre for eit betre
    langdistanse samferdsel-tilbod, slik at fleire kan reise kollektivt når dei
    besøker Ullensvang, spesielt frå mai til oktober.
  • legge til rette for klimarådgjeving og kursing i jordbruk og næringsliv.
  • støtte omlegging til meir klimavenleg jordbruk (alt frå enkelt-tiltak, til
    heilomlegging til økologisk eller regenerativt jordbruk).
  • verna om naturen og biomangfaldet i Ullensvang.
  • at ein plantar bie-og insektsvenlege plantar i kommunale anlegg.
  • at parkavdelinga ventar med kantslått og plenslått til blømingstida er
    over, for å auka artsmangfaldet.
  • verna om dyrelivet; og spesielt ta ansvar for villreinen.
  • støtte tiltak som vernar kulturlandskapet, t.d. fjerning av gamle bilvrak,
    ryddeaksjonar, strandrydding, osv.
  • hindre at dyrka mark vert nedbygd. Vi vil verne matjorda og fremje
    matsikkerheit. Her vil vi ha ein null-visjon. Vert matjord fjerna, skal det
    erstattast med tilsvarande ein annan stad.

FRIVILLIGHEIT, KULTUR & INKLUDERING
Kva hadde bygdene våre vore utan idrettslag, korps, søndagsskular, 4H,
bondekvinnelag, kor, festivalar – og alt mogleg anna som vi held på med i
fritida vår? Å gjere noko for andre, bidreg til folkehelsa og skapar
kvardagslukke. Arbeid og aktivisering for dei som ikkje er i vanleg arbeid, er
også utruleg viktig for å førebyggje utanforskap og einsemd. Dei som er nye i kommunen vår, må få raskt tilbod om å vere med på det som skjer, slik at dei kan kjenne seg ekstra velkomne. Viktige lagspelar for alle dei frivillige, er
biblioteka våre og kulturskulen. Denne aktiviteten byggjer på andre prinsipp
enn næringsutvikling. Difor bør dette lokaliserast i ei eiga eining.

Krf vil:

  • ha eigen kommunalsjef for frivilligheit, kultur og inkludering (berre ved å
    ha dette, kan vi trekke engasjerte folk til kommunen!)
  • oppretthalde frivilligsentralar i Odda, Kinsarvik og Jondal.
  • oppretthalde kommunal støtte til Kirkens Bymisjon i Odda.
  • opprette ei 100 % ungdomsarbeidarstilling som skal ha særleg oppgåve
    med å skape møtestadar for dei som ikkje er med i kulturskule og idrett.
  • støtte oppretting av klubbar for t.d. mekking, motorsport, cosplay,
    gaming, lego og liknande.
  • støtte oppretting av ungdom-drivne ungdomsklubbar.
  • at kunst, kultur, idrett og frivillig arbeid vert framheva meir tydeleg i
    kommunen si profilering ut mot publikum og potensielle tilflyttarar.
  • sikre at kulturskule og idrettslag har dei midlane dei treng for å driva eit
    godt arbeid.
  • at våre nye landsmenn vert raskt introdusert for musikk- og
    kulturskuletilbod, og frivillige lag og foreiningar, via skule, arbeidsplass,
    mottak og vaksenopplæring.
  • leggje tilrette for språkopplæring og integrering i arbeidslivet for
    flyktningar, asylsøkjarar og arbeidsinnvandrarar.
  • at heile kommunen markerer frivilligheits-dagen ein gong i året, med ei
    felles markering i Kinsarvik, Odda eller Jondal (rullering) – der alle
    organisasjonar kan ha stand og ein får synleggjere engasjementet,
    rekruttere nye, og utveksle erfaringar kring frivillig arbeid.
  • opprette fadderfamiliar i heile kommunen, som kan ønskje nye velkomne til bygda og introdusere dei for det som skjer i lokalmiljøet.
  • at personar med nedsett funksjonsevne skal kunne vere med både i
    samfunn- og yrkesliv. NAV bør prioritere tiltak, øyremerka
    personalressurs, til arbeid for funksjonshemma.
  • at alle som flyttar til kommunen får ei velkomstpakke med viktig
    informasjon om kommunen, årskort på badeanlegg, frivilligheit og
    fritidstilbod

RELIGION, LIVSSYN OG DEMOKRATI
For mange av oss handlar livskvalitet òg om religiøse verdiar, tru og livssyn.
Kyrkjeleg Fellesråd forvaltar viktige kulturberande bygg og eigedomar, og
forvaltar gravplassane våre på vegne av kommunen. Desse eigedomane er
viktige for oss, og kyrkja og deira tilsette er viktig for mange gjennom livet, i
både sorg og glede. Dette forpliktar kommunen til å gje dei gode driftsvilkår.

KrF ønskjer eit livssynsopent samfunn. Eit demokratisk samfunn har rom for
alle menneske med den religiøse identiteten og det livssynet kvar enkelt har.
Dette heng òg saman med grunnleggande menneskerettar, som trus- og
ytringsfridom. Ungdom rapporterer om at mange er redde for å seie kva dei
meiner og trur på. Kommunen må leggje til rette for at innbyggjarane kan ytre seg fritt, praktisera si tru, og skapa dialog og bygge bru mellom menneske som har ulike tilnærmingar til livet.

Også når det gjeld politiske synspunkt kan det gå ei kule varm, og ein kan bli
redd for å ytra seg. Bygd og by, bønder og industriarbeidarar, «sjefar» og
«arbeidarar», «kommunen» og «folk flest» har sine historiske skyttargraver.
Me må motarbeide slike tendensar til polarisering, mellom anna ved å skape
møtestader i det offentlege rom, som inviterer til dialog bygd på gjensidig
respekt.

KrF vil:

  • gje Kyrkjeleg Fellesråd føreseielege økonomiske rammer, så dei kan
    oppretthalde dei stillingane dei har, og forvalte gravplassar, kyrkjer og
    annan bygningsmasse på ein god måte.
  • at kommunen bidreg aktivt til planane for Røldal pilegrimsgard på den
    gamle prestegarden, slik at denne kan drivast som eit senter for
    pilegrimar, og ein stille stad for ettertanke, gjennom heile sommar sesongen.
  • sørge for at Kyrkjeleg Fellesråd får kompensert for høge straumutgifter
    med straumstøtte frå kommunen, når tilhøva tilseier det.
  • at kommunen innleier samarbeid med dialog-organisasjonar i skule og
    samfunnsliv, som kan fremje eit opent og tolerant debattklima i
    kommunen, der ingen er redd for å seie det dei meiner. Dette må ein øva på, for å få det til.
  • at kommunestyret vert kursa i god debattkultur annakvart år.
    Kommunestyret bør òg få gjennomføra team-byggande ekskursjonar som kan hjelpe dei å arbeide godt saman.
  • at kommunen oftare skal invitere innbyggjarar til «open halvtime» i
    Kommunestyret, der ein kan spele inn saker som er viktige for dei.
  • at ordføraren skal vere tilgjengeleg for samtale og innspel frå
    innbyggjarane, gjerne på biblioteka i kommunen, ein gong i månaden.