Vindkraft i verdfull natur

Vedteken resolusjon ved fylkesårsmøte Vestland KrF 2023

KrF ber om at all planlegging og bygging i sin heilheit frå areal avsetning til detaljregulering/bygging vert innlemma i plan og bygningsloven

Kommunal- og distriktsdepartementet og Olje- og energidepartementet har på høyring forslag til endringer i energilova og plan- og bygningslova (pbl.). Eit samla Storting har gjennom eit anmodningsvedtak bedt regjeringa om å fremme eit framlegg om å «… innlemme planlegging og bygging av vindkraftanlegg i plan- og bygningsloven»

Vestland Krf sitt program for 2019-2023 seier KrF føljande:

«KrF meiner at utbygginga av vindkraft på land må skje i tråd med dei planane som er utarbeidde av kommunane og fylkeskommunen. Vi skal legge til rette for vindkraft i eigna område, samtidig som vi skal ta omsyn til sårbare område, det biologiske mangfaldet og verdien av urørt natur»

På årsmøtet i helga vedtok KrF følgjande for program 2023-2027:

«Vindkraftanlegg bør ikkje byggast der utbygginga er i strid med lokale vedtak, eller inneber store og irreversible naturinngrep i spesielt sårbare og verneverdige områder. Det er trong for meir rein energi og KrF vil ikkje avvise vindkraftanlegg på t.d. allereie utbygde område. Vi vil legge sterk vekt på lokale vedtak.»

Biofokus og NNI kartla naturen i Vestre Stølsheimen sommaren 2022, dette gav mange funn. Hovudfunna frå feltarbeidet er 30 raudlista artar innan artsgruppene mosar og karplanter, seks raudlista naturtypar og 47 fuglearter, derav elleve såkalla ansvarsarter. Fire av desse er ansvarsartar som gir Norge eit  særskilt ansvar ettersom meir enn halvparten av Europa sine hekkepopulasjonar finnast her i landet. Kartlegginga har overføringsverdi til fjellnatur i same høgde og fuktigheitsone, slik som Høyanger og Sunnfjord-fjella nord for Sognefjorden.