Vil ha innspill til KrF-programmet i Vestland – inviterer innbyggjarane til å seie si meining

Stian Lavik, leiar i programkomiteen for Vestland KrF

Arbeidet med nytt program for Vestland KrF er godt i gang, og no ønskjer partiet brei medverknad frå heile fylket. Leiar for programkomiteen, Stian Lavik, oppmodar alle som har innspel eller idear til å ta kontakt.

– Vi ønskjer eit program som speglar behova og forventningane til folk i Vestland. Då er vi avhengige av gode innspel frå dei som bur og arbeider her, seier Lavik.

Programmet som no blir utforma skal leggje føringar for KrF sin politikk i Vestland fylkeskommune i åra framover. Fylkeskommunen har ansvar for ei rekkje viktige samfunnsoppgåver som påverkar kvardagen til innbyggjarane.

KrF vil byggje på verdiar – skape verdiar. Det tyder at politikken vår skal vere tufta på dei kristne grunnverdiane, og at det å byggje samfunn også gjennom å skape verdiar står sentralt for oss. Eit godt og sunt næringsliv og ein innovativ og livskraftig industri er grunnleggjande viktig i fylket vårt. Det fordrar også at vi har tilgang på energi, infrastruktur og kompetanse som skal til for å gjere dette mogeleg. KrF vil leggje til rette for dette, og vi ønskjer gjerne innspel frå dei “som har skoen på”. 

Eit av dei viktigaste ansvarsområda for Vestland fylke er vidaregåande opplæring. Fylkeskommunen driv dei vidaregåande skulane og skal sørgje for eit utdanningstilbod som møter både elevane sine behov og etterspurnaden i arbeidslivet. Her meiner KrF det er avgjerande å få fram gode løysingar som gir fleire ungdommar moglegheit til å fullføre skulen og kome seg ut i arbeid.

Fylkeskommunen har ansvar for infrastruktur, særleg fylkesvegane. Drift, vedlikehald og utbygging av vegnettet er avgjerande for trygg ferdsel og god framkome i heile Vestland. Også her inviterer programkomiteen til konkrete forslag.

Kollektivtransport er eit anna sentralt område. Buss- og ferjetilbodet bind fylket saman og er avgjerande for både elevar, pendlarar og næringsliv. Innspel til korleis tilbodet kan bli betre er derfor særleg etterspurde.

Fylkeskommunen spelar også ei viktig rolle innan kultur og friluftsliv. Gjennom forvaltning av kulturminne, støtte til kulturinstitusjonar og tilrettelegging for idrett og aktivitet, er fylket med på å forme lokale samfunn og identitet. KrF ønskjer innspel på korleis ein best kan styrkje dette arbeidet.

Regional utvikling er eit breitt felt fylkeskommunen arbeider med. Målet er å leggje til rette for vekst og berekraftige lokalsamfunn i heile fylket, med Bergensregionen som ein tydeleg motor. KrF ønskjer særleg innspel som kan leggje til rette for næringsutvikling og industri, og som kan styrkje distrikta.

Fylkeskommunen har dessutan ansvar for den offentlege tannhelsetenesta, med særleg fokus på barn og unge. Dette er eit viktig tilbod for å sikre god helse og førebygging.

– Fylkeskommunen tek seg av oppgåver som er for store for den enkelte kommune, og som krev samarbeid på tvers av kommunegrensene. Difor er det viktig at programmet vårt treff breitt og godt, seier Lavik.

Han håpar mange vil bruke sjansen til å påverke:

– Enten du har små eller store innspel, så ønskjer vi å høyre frå deg. Dette er ein moglegheit til å vere med og forme framtida til Vestland, seier han.

Innspel kan sendast ved å nytta innspel-skjemaet vårt. Vi ønskjer innspel frå lokallag, medlemmer og andre som vil bidra til eit godt og relevant fylkesprogram.