Vestland fylkesting har i ein budsjettmerknad bede om å få utbreidd å flytte hurtigbåtstopp frå Kråkhella til Hardbakke i Solund. Utover det ynskjer også fylkestinget å sjå på moglegheitene for nytt hurtigbåtstopp på Fitjar. Gruppeleiar i KrF, Trude Brosvik, som tok opp framlegget, og Tor Andre Ljosland, som lova dette i valkampen, er begeistra over vedtaket.
– Dette er eit viktig signal i arbeidet med å kontinuerlig betre kollektivtilbodet i Vestland. Hurtigbåttilbodet er hovedpulsåra i kollektivtilbodet på kysten og KrF er nøgde med at vi no går inn for å betre tilbodet i Ytre Sogn og Sunnhordland.
Det er i dag ei rekke hurtigbåtruter i fylket. Ei av desse rutene går mellom Sunnhordland og Bergen og vert utført av tre ulike båtar. Denne ruta mellom Sunnhordland og Bergen stoppar imidlertid ikkje i Fitjar. Fylkestinget i Vestland ønsker å sjå på mogelegheitene til å etablere et hurtigbåtstopp på Fitjar.
Det går regelmessige båtar til Nordfjord frå både Sogn og Bergen. I dag stopper disse hurtigbåtane i Krakhella, som ligg i Solund kommune i Ytre Sogn. Tidligare har fylkestinget i Sogn og Fjordane bede om ei sak som utgreie å flytte hurtigbåtstoppet i Solund fråKrakhella til Hardbakke, som er kommunesenteret i Solund. Dette ynskje vidareførast av Vestland fylkesting.