Vi skal auka Noregs innsats for å kutte klimautslepp

Gjennom dei siste 4 åra har Tore Storehaug representert Sogn og Fjordane i stortingssalen, der har han hatt særleg ansvar for energisaker, klimapolitikk og forhandla statsbudsjett.

Eg meiner mennesket har fått eit grunnleggande ansvar for å forvalte skaparverket. Det gjelder både naturressursar, økonomiske og menneskelege ressursar. Naturen gir oss store moglegheiter og stiller oss samstundes overfor eit stort ansvar. Godene skal fordelast rettferdig, samstundes som kloden skal overlatast til våre etterkommarar i minst like god stand som då vi fekk ansvar for den.

Med KrF i regjering har Noreg, som fyrste vestlege land, meldt inn forsterka mål i Parisavtalen i 2020. Denne regjeringen har ikkje berrre satt ambisiøse klimamål, den er også den fyrste regjeringen som også legger fram ei heilskapleg og realistisk plan som viser korleis vi skal nå klimaforpliktingane våre. Dette har regjeringen gjort gjennom klimaplanen for 2030.

Eg går til val på at vi må følgje opp Paris-avtalen og sikre at Noreg kuttar sine eigne klimagassutslepp i tråd med målet om å avgrensa og stabilisere den globale oppvarminga til 1,5°C.

Tore Storehaug (29), stortingskandidat for Sogn og Fjordane KrF.

I tillegg må vi redusere norske klimautslepp med minst 55 prosent før 2030, og sikre at Noreg sine utslepp reduserast til netto null seinast i 2050. Det langsiktige nullutsleppsmålet skal gjelde alle sektorar og dekka alle klimagassar, ikkje berre CO2.

Vi er nøydde til å arbeida for raske og betydelege klimakutt i alle sektorar, og auka Noreg sin innsats for å kutta klimautslepp i utviklingsland. Derfor er vi til slutt nøydde til å heva CO2-avgifta gjennom ein føreseieleg og aukande prisbane som er tilstrekkeleg for at Noreg når forpliktingane sine i Paris-avtalen og nasjonale klimamål.