
Fylkestinget behandla tysdag saka PS 8/26 Mandat omstillingsprogram, som legg rammene for eit større arbeid med å tilpasse Vestland fylkeskommune til dei store endringane som ventar i åra framover. Målet er å sikre at fylkeskommunen står betre rusta når befolkningsstrukturen endrar seg, arbeidskraft blir knappare og avstandane i fylket framleis er store.
Kvifor treng vi omstilling?
Fylkesdirektøren innleidde saka med å peike på fire sentrale utviklingstrekk som gjer omstilling nødvendig:
1. Store demografiske endringar
Vestland – som resten av landet – får fleire eldre og færre unge. Aldersgruppene 80+ og 90+ aukar kraftig over heile fylket, medan talet på barn og elevar vil gå ned dei neste åra. Elevtalet i vidaregåande skular vil liggje stabilt i nokre få år, før det fell markant. I aldersgruppa 18–49, altså dei som jobbar og betalar skatt, blir det færre i mange område.
2. Arbeidskraft blir ein knapp ressurs
Noreg har lenge vore avhengig av arbeidsinnvandring, men land vi tidlegare rekrutterte frå – som Sverige og Spania – treng arbeidskrafta sjølve. Vi kan ikkje lenger rekne med at arbeidsinnvandring skal løyse bemanningsproblema våre.
3. Vestland har landets mest desentraliserte busetnad
Fylket har mange små lokalsamfunn med lang avstand til sentrale tenester. Det påverkar organisering av vidaregåande opplæring, tannhelse, kollektivtransport og andre tenester.
4. Behov for berekraftig økonomi og struktur
Effektivisering åleine gir berre små og kortsiktige gevinstar. For å sikre gode tenester i framtida, må ein også sjå på struktur, kapasitet, standard og tilbod.
— Dette handlar ikkje om raske kutt, men om å rigge fylket for framtida, understreka fylkesdirektøren.
Kva skal omstillingsprogrammet gjere?
Mandatet slår fast at omstillingsprogrammet skal:
- skape handlingsrom både på kort og lang sikt
- sikre berekraftige tenester i heile Vestland
- involvere tilsette, fagmiljø, kommunar og innbyggjarar
- vere open, grundig og kunnskapsbasert
- vurdere både interne arbeidsmåtar og ytre tenestestruktur
Kort sagt: Programmet skal gi politikarane eit solid grunnlag for dei store prioriteringane som må gjerast i framtida.
KrF sine innspel i debatten
KrF støtta behovet for omstilling, men løfta også fram viktige perspektiv om gjennomføringa.
Arne Normann: – Omstilling handlar om folk
Arne Normann minna om at omstilling alltid rammar menneske, og at prosessen må gjennomførast på ein god måte. Han peikte på at når organisasjonen blir mindre og dei som blir igjen får høgare kompetanse, blir dei også meir attraktive for andre arbeidsgivarar.
– Korleis sikrar vi at vi klarer å halde på folk når dei blir meir ettertrakta?
Han stilte også spørsmål ved om bindingstid kan vere aktuelt når fylkeskommunen gir større kompetanseløft.
Fylkesdirektøren svarte at arbeidsmarknaden kjem til å bli krevjande, men at det viktigaste fylkeskommunen kan gjere, er å vere ein god arbeidsplass med kompetansebygging og godt arbeidsmiljø. Samstundes er mange tilsette på veg mot pensjon, noko som gjer systematisk rekruttering viktig.
Trude Brosvik: – Sjå internt før ein rører tenestene
Trude Brosvik understreka at omstillingsprogrammet eigentleg skulle skape handlingsrom for politiske prioriteringar, men at arbeidet no ser ut til å rette seg meir direkte mot tenestene.
– Før vi går på tenestene, må vi sjå internt: Kvar kan vi jobbe betre, effektivisere og samarbeide meir?
Ho peikte på erfaringane frå skulestrukturprosessen, der Vestland kom godt ut fordi ein valde ein debatt om tilbod – ikkje ein rein strukturdebatt – og var tydelege på at heile fylket skal vere med.
Kva skjer vidare?
Omstillingsprogrammet skal:
- utgreiast vidare gjennom 2026
- involvere kommunar, tilsette, tillitsvalde og brukargrupper
- leggje fram analysar og forslag fortløpande
- vere grunnlag for fleire større saker i fylkestinget i 2027
Målet er ein meir robust, effektiv og berekraftig fylkeskommune som kan levere gode tenester – uansett kor ein bur i Vestland.