Vestland KrF vart godt representert under Arendalsveka

Denne veka har fleire sentrale KrFare frå Vestland deltatt under Arendalsveka. Blant dem var vår stortingspolitikar Dag Inge Ulstein, Byråd i Bergen Beate Husa, Fylkespolitikar Tor Andre Ljosland og Ordførar på Fitjar Harald Rydland.

Tor Andre Ljosland deltok i debatten om det grøne regionskappløpet. Her løfta Tor Andre fram sentrale tiltak Vestland Fylkeskommune har tatt for å vera leiande innan regional omstilling og skapa berekraftig vekst.

Beate Husa har vore medverkande i debatten om det nødvendige arbeidde med eit forsknings- og kunnskapsløft for kommunane. Beate har tatt til ordet for at det er nødvendig med høgare kunnskap om kva som verkar i kommunane og kvifor, for å vita kva tiltak ein skal satsa på i vidare utvikling.

Arendalsveka for ein KrF Ordførar

Denne veka har eg, Harald Rydland, vore saman med ordførarkollegaer og kommunedirektørar frå Sunnhordland. 

Arendalsveka ser eg på som ei stor feiring av ytringsfridom, demokrati og eit ope og fritt samfunn.  Her møtes folk flest, statsrådar, stortingsrepresentantar, lokalpolitikarar, næringslivsleiarar, og eit uttal interesseorganisasjonar i ei stor mølje der alle snakkar med kvarandre. Me er heldige som får lov til å bu i eit land der slikt er muleg. 

Dag Inge Ulstein, Harald Rydland og Tor Andre Ljosland

I år har energi, klimautslepp og teknologi- og industriutvikling i tilknyting til dette vore eit stort tema.  Det er likevel sett av plass til seminar og debattar innan eit utal av andre tema. 

Det er grenser for kva ein rekk å vera med på i løpet av veka. I år fekk eg med meg mange spennande seminar innan energi og industriutvikling. Fitjar og regionen vår ligg gunstig til for å vera med på verdiskapinga som vil komma framover. 

I løpet av veka har eg fått læra meir om eit område der kommunen har ei viktig rolle. Det gjeld ungdom som fell utafor skule og arbeidsliv. Me er inne i ei tid der me desverre opplever at fleire kjem med i denne gruppa for kvart år som går. Som ordførar er eg svært oppteken av at me må snu denne utviklinga. 

Arendalsveka er ein god arena for å knyta nye og nyttige kontaktar, samt å få gode samtalar med folk ein alt har gode relasjonar til. I løpet av veka har eg difor m.a. fått høve til å møta mange gode vener i KrF.