Vestland KrF krev like vilkår for nynorsk og bokmål

Vedteken resolusjon ved fylkesårsmøte Vestland KrF 2023

Ny opplæringslov må sikre at nynorsk og bokmål er jamstelte og  har same tilgang til læremiddel og læringsressursar, både digitalt og på papir, til same tid og same pris. Også kalla «parallellitetskravet».

Særleg på digitale skriveprogram opplever nynorsk-elevar at det vert raude strekar under ord som er skrivne rett. Det gjer lese- og skriveopplæringa dårlegare enn til dei som har bokmål som hovudspråk. Det forringar også læringa av sidemål for dei som har bokmål som hovudmål.

Regjeringa v/ Tonje Brenna skal legge fram forslag til ny opplæringslov. I denne må definisjonen av læremiddel også femne om læringsressursar. Parallellitetskravet må gjelde for alle digitale og ikkje-digitale læringsressursar og verktøy som er laga for eller blir brukte med sikte på opplæring. Skriveprogram som skal brukast i norsk skule, må støtte både nynorsk og bokmål utan atterhald.

Vestland fylke har om lag halvparten av nynorsk-elevane i Norge. Det er derfor svært viktig både for ungdomen vår, men også for norsk kultur og nynorsk som språk, at vi kan gje best mogleg undervising på nynorsk. Då Vestland fylke vart skipa var vedtaket om nynorsk som språkform svært viktig for innbyggarane. Vestland KrF tar det på alvor, og ber partia på Stortinget ta det ansvaret dei har for båe målformene.