Vestland KrF: Europa må ta eit ansvar for born og vaksne som er stranda i overfylte flyktningleirar

Noreg må, saman med resten av Europa, ta ansvar og gjennomføre ein felles dugnad mot migrant- og flyktningleirane i det austlege Egeerhavet. Vi kan ikkje, med vår forplikting på menneskeverd som kristen kjerneverdi, vite om dei fryktelege overgrepa som skjer med born i til dømes Morialeiren på Lesbos utan å reagere.

© EUROPEAN UNION 2016 - EUROPEAN PARLIAMENT
Syrisk flyktningeleir i Tyrkia

Vestland KrF støttar humanitære organisasojonar i kravet om at sårbare born i leiren blir evakuert. Også FNs Høykommissær for flyktninger ber europeiske land vise solidaritet og ansvarsdeling – og samarbeide med Hellas om relokalisering.

EU og vestlege land har langt på veg kjøpt seg ut av migrantkrisa med støtte til eit hardt pressa Hellas, og ved å stanse straumen av migrantar og flyktningar gjennom å gjere avtalar med transittland som Tyrkia, Libya og Niger. Den seinare utviklinga i Tyrkia vil auke presset på Hellas og resten av Europa ytterlegare. Det må settast inn store krefter for å løyse flyktningesituasjonen i nærområdet. Men samtidig vil det vere trong for at Europa ter mot og busett fleire.

Vestland KrF ber regjeringa auke innsatsen for å få til ei felles eupopeisk løysing for dei som er stranda i overfylte flyktningeleirar, og redde særleg born frå ein oppvekst i dagleg vald og mishandling.

Vestland KrF ber difor regjeringa:

  • setje i verk relokalisering av 1000 asylsøkere frå Hellas til Norge, i tillegg til dei 3000 regjeringa har gjort generelt vedtak om.
  • innføre mellombels stopp i retur av asylsøkjarar frå Noreg til Hellas

Resolusjon vedteken av fylkessårsmøtet til Vestland KrF 8. mars 2020