Vern av natur og miljø

Resolusjon innsendt av Kinn og Bremanger KrF

vinter skog med vei
Illustrasjonsfoto: Massimo Moffa / Unsplash

Naturverdiar må tilleggast meir vekt i arealbruken
Det er avdekka at vi har større og raskare nedbygging av natur i landet vårt enn vi har rekna med. Rapportering og kontroll over faktisk nedbygging er mangelfull. Det vil vere naudsynt med meir heilskapleg kunnskap om natur, biodiversitet, nedbygging og
løysingar for å kunne forvalte naturressursane på ein meir bærekraftig måte.

Samtidig som vi treng ny industri og nye løysingar for å holde tritt med lovnadane våre i det grønne skiftet, er det all grunn til å ta naturkrisa på like stort alvor. Det er allereiie et eksisterande lovverk som skal ta vare på naturmangfoldet og avgrense
nedbygging, men som ikkje har verka etter målsettinga.

KrF vil:
• Gje kommunar betre støtte og kontinuerlig utvikle betre verktøy for vurdering av arealforvaltninga sin konsekvensar for naturmangfald og naturverdier.
• Norge skal nå målet om å verne 30% av norske hav- og landområde innan 2030
• Utbetring og utbygging av vegprosjekt bør fortrinnsvis ta utgangspunkt i eksistergnde veitraséar.
• Arbeide for effektiv og umiddelbar handling for å stanse tap av biologisk mangfold, både i Norge og gjennom internasjonalt samarbeid, i tråd med internasjonale mål.
• Avgrense utbygging i sårbar natur