Årsmeldinga frå mobbeombodet i Vestland viser at utanforskap og manglande inkludering framleis er blant dei største utfordringane i barnehage og skule. Barn som blir haldne utanfor fellesskapet, opplever ikkje berre einsemd og skam her og no – konsekvensane kan følgje dei i mange år framover.

Årsmeldinga til mobbeombodet gir eit tydeleg bilete av kor skoen trykker, seier KrFs fylkestingsrepresentant, Arne Normann.
– Mobbing skal møtast med nulltoleranse. Likevel ser vi systemsvikt: 17,5 % visste om mobbing, men gjorde ingenting, medan 19 % sette inn tiltak utan at det fekk effekt. Om ein næringslivsleiar fekk slike tal på bordet, måtte noko vore gjort umiddelbart, understreka Normann i fylkestinget. Han reagerer på bruken av ordet «stabilt» om mobbetala: – Eg liker ikkje det uttrykket, for det kan høyrest ut som om ein godtar situasjonen. Det må vi aldri gjere.
Mobbeombodet fortel om elevar som får magevondt, søvnvanskar og psykiske plager som følgje av utrygge miljø. I 46 av 156 førespurnader siste år hadde elevane bekymringsfullt fråvær. For nokre vart situasjonen så alvorleg at dei ikkje klarte å møte på skulen i det heile. Dette er eit varsko vi som samfunn ikkje kan oversjå.
KrFs representant Jon Olav Økland peika på at det ikkje berre er enkeltsaker som må løysast: – Mange av innspela gir eit relativt dystert bilete, og det er tydeleg at enkeltsaker får merksemd, men vi må sikre at heile systemet tek elevane på alvor. Dette må vi følgje opp vidare.
Trude Brosvik løfta fram viktigheita av gratisprinsippet: – Eg møtte nyleg ein fortvila forelder som måtte kjøpe verktøy til barnet sitt fordi skulen ikkje hadde det. Gratisprinsippet handlar ikkje berre om skulebøker, men om alle nødvendige verktøy og ressursar for å sikre like moglegheiter for alle elevar.
Ho understreka også kor avgjerande tilpassa opplæring og individuell tilrettelegging er, slik at alle elevar får moglegheit til å fullføre skulegangen. At det finst ulike kanalar for tilbakemeldingar og innspel er viktig, noko som stadig blir løfta i Rådet for menneske med funksjonsnedsetjingar.
No ligg det føre eit forslag frå fleirtalspartia, inkludert Høgre og uavhengige, som bygger på innspela frå rådet. Målet er å få på plass eit betre kunnskapsgrunnlag om korleis situasjonen faktisk er for denne gruppa. Færre fullfører vidaregåande, og mange står utanfor arbeidslivet. Tala viser at berre 40 prosent i aldersgruppa 20–66 år med funksjonsnedsetjing er i arbeid.
Difor er det heilt nødvendig at vi saman med brukarorganisasjonane kartlegg situasjonen betre og legg funna inn i planverket vårt. Slik kan vi setje i verk tiltak som støttar denne gruppa betre, og sikre at dei får høve til å fullføre skulen og delta i arbeidslivet, seier ho.