Ubåten U-864 ved Fedje må hevast!

Heving eller tildekking? Debatten har gått i årevis om kva som skal skje med vraket av den tyske ubåten U-864, som blei senka like ved Fedje i 1945, lasta med store mengder kvikksølv. Vi snakkar her om ei av verdas største punktkjelde med kvikksølv. Ei miljøbombe ligg på 150–175 meters djup utanfor Fedje!

ILLUSTRASJON: KYSTVERKET
U-864 ubåtvraket

Ulike regjeringar har hatt klare og tydelege mål om å sikre ei miljømessig trygg og forsvarlig handtering av kvikksølvforureinga. Kvifor er det då så vanskeleg å få ei avgjersle som trygger framtidige generasjonar? 

Å dekke til kvikksølvet som Kystverket meiner er det rette, vil vere ei svært dårleg og uhaldbar løysing. Ingen veit konsekvensane ved eventuelle lekkasjar, eller ved jordskjelv på havbotn eller andre uføresette ting som kan skje.  

Ei tildekking krev dessutan overvaking for all framtid. Fleire ekspertar hevdar at dette i realiteten blir ei irreversibel løysing utan moglegheit til å angre seinare. Dette er eit usikkerheitsmoment i seg sjølv og i strid med ein føre-var-praksis. 

Ei tildekking er heller ikkje lovleg som eit deponi.

Vi vil sikre berekraftig liv i havet, både med tanke på biologisk mangfald, fiske, havbruk/sjømatnæringa og oss menneske. Difor må vi no klare å få tatt opp kvikksølvet. Vi er jo ein nasjon med alle muligheiter; Vi er verdsleiande på teknologi gjennom subsea-operasjoner, vi har fagfolk, vi har økonomiske ressursar. No er det tid for å handle!

Vestland KrF meiner at det einaste rette er å få kvikksølvet opp. Vestlandet har både fagfolk og subsea-teknologimiljø som har uttalt at dei kan løyse denne saka. Vestland KrF ber samferdselsdepartementet lytte til desse miljøa og finne ein god samarbeidsmodell for å heve kvikksølvet.

Vestland KrF har tillit til at vår nye samferdselsminister vil lytte til oss i denne viktige miljøsaka.

Vedteken av Vestland KrFs fylkesårsmøte  8. mars 2020