
KrF i Sogn og Fjordane arrangerte laurdag 21. november nominasjonsmøte digitalt, med delegater frå heile valdistriktet Sogn og Fjordane. Frode Kleppe Holgersen la fram listeforslaget frå nominasjonskomiteen i starten av møtet.
Nominasjonsmøte i Sogn og Fjordane gikk einstemming inn for nominasjonsnemnda sitt forslag. Dermed ser nominasjonslista til KrF i Sogn og Fjordane slik ut ved stortingsvalet neste år:


Trude Brosvik
2. plass

William Dalsbø
3. plass

Beate Bondevik Lie
4. plass

Kari Synnøve Muri
5. plass

Jarle Arvid Aase
6. plass

Per Ståle Husevåg
7. plass

Marta Rydland Kjelby
8. plass

Frode Bøthun
9. plass

Gustav Johan Nydal
10. plass
– Tusen hjarteleg takk til medlemmane til KrF i Sogn og fjordane som har nominert meg på førsteplass på stortingslista til neste val! Å få representere KrF og dykk heime på stortinget denne perioden har vore det mest givande, krevjande og spennande eg har gjort.Vi treng eit parti som kjenner våre kulturelle røter og veit kva eit menneske er verdt. Eg er klar for innsats vidare og gler meg til valkampen, seier Tore Storehaug.
– KrF har den beste kandidaten Sogn og Fjordane kan sende på Stortinget i Tore Storehaug. Og når KrF i tillegg har ein god distrikt- og næringspolitikk, i tillegg til å vere det klart beste familiepartiet, så må dette bli bra, seier Trude Brosvik.
– Fyrst og fremst vil eg takke for tillita! Eg ser stort på å fylgje ryggen til Tore og Trude. Ole Paus sa det så treffande ein gong: «KrF er partiet som har politikk for dem som trenger politikk». Dette er endå meir sant i dag med korona. Eg meiner det er ingen tvil om at KrF har ryggrad, men jammen hadde det vore godt med litt pondus og! Då må vi har fleire medlemmer og veljarar, og eg vil bidra der eg kan, få å løfte KrF godt over sperregrensa, med Tore i spissen for distrikta, og næringslivet i god haugeansk ånd, seier William Dalsbø.
Kontaktinfo
Tore Storhaug, 941 45 145
Trude Brosvik, 913 14 389
William Dalsbø, 906 72 476