Tollvesenet må bli styrka i kampen mot narkotika

Av Einar Sørlid Bondevik, Leiar Rana KrF, 4. kandidat Nordland KrF, Mo i Rana.

Er du klar over at Noreg er på toppen av kokainimport i Europa? Det blir omtalt som ein kokaintsunami som kjem mot oss – og i første linje står tollarane. Vi må stoppe importen av narkotika! Narkotika er med på å øydelegge liv og gir enorme helseutgifter for samfunnet. Difor vil KrF styrke tollvesenet og gi dei reiskap dei treng. Stoppar vi import, så stoppar vi bruk.

I fleire saker dei seinare åra er det avdekka store parti kokain smugla inn i landet. Dei største beslaga er knytte til skipstrafikken. Noreg – og Nordland – har ein lang kyst. Vi har òg ei lang grense mot Sverige, ei grense med få kontrollar.

KrF vil at Tollvesenet skal vera synleg for å hindra smugling ved grenseovergangar, flyplassar og hamner. Flyten av narkotiske stoff i Noreg er ein konsekvens av mangeårig nedprioritering av det norske tollvesenet. Synlege tollarar vil signalisere at Noreg har null-toleranse for narkotikasmugling.

Tollvesenet må bli styrka, og tollarane treng fleire reiskapar. I dag har tollvesenet berre éin skanner for heile Austlandet som blir brukt for å sjekke containarar som kjem inn i landet. KrF ønskjer å innføre ein ny, mobil skanner, for å oppdage narkotika som ein prøver å smugle inn via containarar. Dette vil vera med å avdekke store mengder narkotika på veg inn til Noreg.

KrF vil òg få tollbåtane tilbake på havet – slik at tollarane har høve til å driva førebyggjande arbeid og stanse import som kommer inn til norske hamner. Når ein kokaintsunami på veg mot Noreg, er det ubegripeleg at båtane står på hengaren og ikkje er på havet! Dette vil KrF gjera noko med.

Stoppar vi importen, stoppar vi bruken og sparer folk og samfunn for store økonomiske og menneskelege utgifter.