Stopp fråfallet frå vidaregåande skule, sjå kvar enkelt elev!

Vestland fylke har skuleresultat i landstoppen. Likevel var det mellom 26,1 % og 23,2 % som ikkje fullførte vidaregåande skule. Med lågare gjennomføringsgrad for yrkesfaglege elevar. (Tala er for elevar som har fullført vgs på 5 år og som starta i 2012)

Illustrasjonsbilde. Scott Webb. www.unsplash.com

KrF meiner det viktigaste vi kan gjere for ungdomen er å gje dei god danning og utdanning; gjennom trygg oppvekst, god skule, og ved å sikre at dei kjem gjennom skulen med tru på seg sjølv og eit vitnemål eller fagbrev som gjerd ei i stand til å møte framtida.

Tiltak KrF vil prioritere for å nå måla er:

  • tidleg innsats i grunnskulen, og sikre god overgang mellom ungdomsskule og vidaregåande skule
  • skulen må ha nulltoleranse mot mobbing av einskild elevar og grupper av elevar
  • tiltak for trygt, inkluderende og godt læringsmiljø
  • undervisning som er relevant for elevene og som motiverer til aktiv deltaking
  • raskt tilbod om ekstraundervisning dersom noen står i fare for å henge etter i fag
  • systematisk rusforebyggende arbeid på alle årstrinn i videregående skule
  • godt skule/heim-samarbeid for dei under 18 år
  • systematisk rusforebyggende arbeid på alle årstrinn i videregående skule
  • ei inntaksordning som kombinerer skuleplass til dei som ønskjer å gå på nærskulen med retten til fritt skuleval
  • sikre ordningar som td. miljøkoordinator/sosiallærar, helsesjukepleiar og open skule
  • sikre fleire gode lærlingsplassar gjennom samarbeid med næringslivet
  • sikre godt samarbeid med friskulane
  • alle elevar, uavhengig av funksjonsevne, skal ha same rettar til å velje tilbod og skule
  • sjå på eksamensordninga for å legge betre tilrette for studentar med dysleksi og andre vanskar knytt til vurdering

Vedteken av fylkesårsmøtet til Vestland KrF 8. mars 2020