Sterk KrF-liste i Sogn og Fjordane

Jonatan Hurthi toppar KrF-lista i Sogn og Fjordane; klar for å kjempe for at viktige verdiar framleis skal ligge til grunn for samfunnet!

Han helsa nominasjonsmøte på video frå Nairobi i Kenya, der har er på eit 3 månaders studie- og utviklings opphald i regi av Fjellhaug Bibelskule. Jonatan (21 år) er gruppeleiar og lokallagsleiar for Luster KrF.  Han drar fram det å skape gode lokalsamfunn saman med frivillige lag og organisasjonar, eit livssynsope samfunn, og at landbruks- og distriktspolitikk vil vere viktige saker for han å arbeide for. Jonatan er elektrikar av yrke, og vart politisk aktiv gjennom å vere med i Ungdommens kommunestyre for KrF.

Ragnhild Stav frå Fjaler er på andre plass. Ho er småbarnsmor, oppteken av klima- og miljø, forbruk og fordeling. Vi må aldri bli oss sjølve nok, og ha eit særleg hjarte for dei svakast stilte. Menneskeverdet må femne alle. Ragnhild er gift med ein frå Georgia og kjenner kampen for demokrati tett på seg. Ho er oppteken av å samarbeide med sivil-samfunnet for å finne dei beste løysingane og ikkje auke polariseringa i samfunnet.

Ragnhild er 1. nestleiar i Vestland KrF og møter derfor også i Landsstyret.

Tredjeplassen gjekk til Per Ståle Husevåg. Han er gruppeleiar i Gloppen KrF og leiar i helse og oppvekst-utvalet. Per Ståle er sosionom, og har praksis frå arbeid både på sosialkontor, DPS, psykisk helseteam, barnevern, BUP og familievern. Ein kapasitet innanfor viktige politiske område for KrF! Utanom helsepolitikk, så er han ei tydeleg stemme mot legalisering av narkotika, for desentraliserte tenester og god samferdselspolitikk. Eigentleg er han heller ny i politikken, og har brukt kreftene inn i frivillig kultur- og musikkarbeid. M.a. som leiar for Soul Children kor i 20 år.

Oda Bertine Bondevik Lie er ungdomskandidat og på fjerdeplass på lista. Også ho er frå Luster. Nynorsk, (kvinne-)helse, distrikt, utdanning og klima er dei tema ho svarar når spørsmålet er kva som engasjerer. Ho har stor tru på politisk arbeid for betre samfunn, og er oppteken av at KrF har dei beste politiske svara for unge menneske.

Også Oda Bertine er frå Luster og har bakgrunn frå Ungdommens Kommunestyre, med to år som leiar der.

KrF-lista:

  1. Jonatan Hurthi (21 år), Luster
  2. Ragnhild Stav (36 år), Fjaler
  3. Per Ståle Husevåg (54 år), Gloppen
  4. Oda Bertine Bondevik Lie (19 år), Luster
  5. William Dalsbø (28 år), Stad
  6. Kari Synnøve Muri (59 år), Stryn
  7. Frode Bøthun (48 år), Balestrand
  8. Aud Norunn Vig (40 år), Kinn
  9. Stig Bakke (64 år), Bremanger
  10. Ragne Mari Røed Kandal (45 år), Gloppen