Regjeringa svikta Vestlandet: KrF sikrar fleirtal for viktige prosjektar!

Dag Inge Ulstein
Det er trist at regjeringa utset fleire gryteklare prosjekt frå Vestland. Det finn me oss ikkje i! seier stortingsrepresentant Dag Inge Ulstein

KrF prioriterer oppstart av Hordfast i første periode. KrF prioriterer og å sikra oppstart av E39 Ringveg aust, Vågsbotn-Klauvaneset i første periode. Vidare framskyndar vi også oppstart av rv. 15 Strynefjellet inkl. arm til Geiranger til første periode.

Regjeringa svikta Vestlandet: KrF sikrar fleirtal for viktige prosjektar!

KrF vart den 5. juni samd med dei fleste opposisjonsparti på Stortinget om å ta nokre enkeltprosjekt alle partia var samde om inn i NTP. Semja kom på bakgrunn av den manglande viljen til regjeringa til å forhandla og sikre fleirtal på Stortinget.

For oss handlar det no om å rydda opp etter ei regjering som ikkje har vore villig til å prioritera Vestland, seier stortingsrepresentant Dag Inge Ulstein (KrF)

Det er trist at regjeringa utset fleire gryteklare prosjekt frå Vestland. Det finn me oss ikkje i! 

Regjeringas utset viktige prosjekt

Då regjeringa tok over vart dei serverte gryteklare samferdselsprosjekta i heile Noreg. Desse har vorte sett på vent i fleire rundar, og utsett med opptil 12 år fordi nye utgreiingar til andre prosjekt har komme opp. Det er uansvarlege prioriteringar.

For å kunna prioritera Vestland har KrF i alternativet sitt prioritert å auka ramma med fem prosent for å sikra viktige prosjekt.

KrF prioriterer oppstart av Hordfast i første periode. Prosjektet har stått gryteklart, og me vil sikra at spaden blir sett i jorda så snart som mogleg. Dette er viktig for oss for å sikra ein betre ferjefritt samband. Dette vil bidra til å styrkja næringslivet og bu-moglegheitene langs kysten.

KrF prioriterer og å sikra oppstart av E39 Ringveg aust, Vågsbotn-Klauvaneset i første periode. Dette er eit prosjekt som har vore lova av mange ministrar opp igjennom. Me hadde sikra oppstart av dette prosjektet i førre NTP, og vart svært skuffa når Støre-regjeringa valde å utsetja prosjektet med opp til 12 år. Det er derfor uaktuelt for oss å gå med på ein NTP utan sikker oppstart av dette prosjektet.

Vidare framskyndar vi også oppstart av rv. 15 Strynefjellet inkl. arm til Geiranger til første periode. Eit viktig prosjekt for å kopla norddelen av fylket saman med resten av landet 

Eit løft på fylkesvegar

Vi har og bedt regjeringa å auka støtta til fylkesvegane med 12 mrd. kr. Statens vegvesen roper varsko om det store vedlikehaldsetterslepet på fylkeskommunale vegar. Dette er ein risiko for trafikktryggleiken i Noreg, og me er stolte av å følgja dette opp med ein så markant auke.