Raskare avklaring skal hindre fråfall i vidaregående.

KrF tek til orde for å styrkje det spesialpedagogiske tilbodet i vidaregåande opplæring og sikre at elevar får raskare avklaring på tilrettelegginga dei treng. Saman med fleirtalspartia vil KrF no prioritere fleire stillingar i PPT og betre overgangar frå ungdomsskule til vidaregåande, slik at fleire elevar får ein trygg og god start på skuleløpet.

Fleirtalspartia KrF, Sp, SV, Ap, V og MDG prioriterer arbeidet med å auke gjennomføringa i vidaregåande opplæring og sikre at fleire unge fullfører. No styrkjer dei innsatsen for å gi elevane raskare avklaring av tilrettelegginga dei har behov for.

– Det er god samfunnsøkonomi å hindre utanfor­skap. Difor prioriterer vi tiltak som sikrar at kvar elev blir sett, får den hjelpa dei treng, og kan fullføre vidaregåande opplæring, seier Trude Brosvik, gruppeleiar for KrF.

Lang ventetid, særleg i Bergen

Fylket har over tid fått fleire meldingar om at elevar i overgangen frå ungdomsskule til vidaregåande må vente lenge på vedtak frå PPT (Pedagogisk-psykologisk teneste). Dette fører til at mange elevar startar skuleåret utan avklart rett til individuelt tilrettelagt opplæring eller annan tilrettelegging.

Ventetida har særleg vore utfordrande i delar av Bergen. Fleirtalet foreslår difor å styrkje PPT med minst tre nye stillingar i området, slik at fleire elevar får tidlegare avklaring.

– Ein god start på vidaregåande er avgjerande. Får ikkje eleven den hjelpa dei treng tidleg i opplæringsløpet, aukar risikoen for fråfall, seier Brosvik.

Sikrere overgang mellom ungdomsskule og vidaregåande

Utgreiingane frå ungdomsskulen skal som regel liggje til grunn fram til nytt vedtak er på plass. Men for friskular, som er avhengige av økonomiske overføringar frå fylket for å gi individuelt tilrettelagt opplæring, kan manglande avklaringar skape både usikkerheit og dårlegare tilbod for elevane.

– KrF ønskjer at alle elevar, uavhengig av skule, skal vere trygge på at dei får det dei har krav på frå starten av skuleåret, seier Brosvik.