På tide å innfri ras-lovnader

Auka rassikring er eit prioritert tema i Nasjonal Transportplan (NTP). Både ved stortingsbehandlinga av NTP og i valkampen lova Ap, Sp og SV sterk auke av rassikring, og i plattformen til den nye regjeringa er rassikring omtala slik : «Ta initiativ til at det sammen med fylkeskommunene utarbeides en nasjonal gjennomføringsplan for ras- og skredsikring av alle riksveier og fylkesveier med høy og middels skredfaktor.»

Statens Vegvesen viser i rapport om samla skredsikringsbehov (2018) at det i Vestland fylke er totalt 120 raspunkt med middels eller høg faregrad og med samla kostnad på kring 24 mrd. Utover dette er det dystre utsikter for at fleire skredutsette område kan få auka faregrad som følgje av klimaendringar med meir nedbør.

Staten løyver no i underkant av 900 mill til rassikring pr år. Av dette mottek Vestland fylke 435 millionar.

Dette gjev for langt tidsperspektiv for tiltak der det står om liv og helse. 

Vestland Krf sitt årsmøte krev difor:

  • Ei tredobling av statleg løyving til rassikring. Dette vil auke gjennomføringstakten på presserande tiltak i Vestland fylke og vere eit viktig svar på eit samla krav om tryggleik for både person og godstrafikk, og vil ha viktige konsekvensar for næringslivet i distrikta.
  • At arbeidet med nasjonal gjennomføringsplan for skredsikring av alle riks- og fylkesvegar med høg- og middels skredfaktor må prioriterast og intensiverast. Herunder ei vurdering av alternative rassikringsmetodar som kan erstatte svært kostbare tunnelløysingar.
  • At staten legg til grunn klimaendringane i vidare vurdering av skredfare og tek 80 dette inn i vurdering av framtidige løyvingar.
  • Ein evt ny gjennomgang av nasjonal skredfaktor-modell må framleis, ma av beredskapsmesaige grunnar, vektlegge vegar der det ikkje er omkøyring, eller svært lang omkøyring.
  • For fylkesvegar som er sterkt rasutsette, og som samtidig er viktige omkøyringsvegar for stamvegar, må staten gå inn med ekstra statleg tilskot for å få gjennomført utbetring. For Vestland fylke vil dette særleg gjelde vegen gjennom Tokagjelet, som er omkøyringsveg for rasutsette E16; Bergen-Voss.