Vestland KrF sitt årsmøtet valde Per-Erik Gåskjenn som ny leiar, Ragnhild Stav fortset som 1. nestleiar og Malin Helene Andvik vart vald til ny organisatorisk nestleiar.
Per-Erik Gåskjenn overtek leiarvervet etter Morten Helland som har hatt vervet i fire år og som no har vorte ordførar på Bømlo. Per-Erik har dei siste åra vore leiar av Bergen KrF, og han sit som fast medlem i Bergen bystyre. Per-Erik ha mange års erfaring som advokat, der han mellom anna har jobba med barne- og familierett, arbeidsrett og barnevern.
I takketalen sin trekte han fram kong Magnus Lagabøte sine fire prinsipp for lovgiving – nåde, sanning, rettferd og fred. Dette er prinsipp som vi kan ta med oss inn i vår tid og det er prinsipp vi kan ta med oss inn i det politiske arbeidet vårt og i våre liv. Då vil vi vere med å skape ei god verd, sa Gåskjenn.
Det nye styret i Vestland KrF består no av:
Leiar (to år): Per-Erik Gåskjenn, Bergen
Første nesteleiar (ikkje på val): Ragnhild Stav, Fjaler
Andre nestleiar (to år): Malin Andvik, Alver
Styremedlem (to år): Per Ståle Husevåg, Gloppen
Styremedlem (ikkje på val): Jarle Jacobsen, Sveio
Kvinnepolitisk leier (to år): Solfrid Rong, Bergen
Første vara til fylkesstyret som møter fast (eitt år): Harald Rydland, Fitjar
Andre vara til fylkesstyret (eitt år): Marta Rydland Kjelby, Gulen
Tredje vara til fylkesstyret (eitt år): Gunn Totland Moss, Samnanger
Kvinnepolitisk nestleiar (eitt år): Karianne Fedøy Magnussen, Bergen
Gruppeleiar av fylkestingsgruppa, leiar av Vestland KrFU og leiar av Bergen KrF er også medlemmer av fylkesstyret. Desse blir valde av organa deira.