Ny kraftlinje mellom Samnanger og Kollsnes må byggjast som sjøkabel.

Resolusjon innsendt av Alver KrF

Kraftlinjer
Illustrasjonsfoto: Fré Sonneveld / Unsplash

Vestland Krf er opptatt av å sikre meir kraft til næringslivet og det viktige omstillingsarbeidet som klimaendringane krev. Mykje av dette næringslivet ligg på kysten av fylket vårt.

Industrien treng meir kraft, det grøne skiftet treng meir fornybar kraft, og ei auke i nettkapasiteten er difor viktig.
Aukande energiforbruk og behovet for fornybar energi har ført til behov for ein forbetra infrastruktur for kraftoverføring.
Vestland KrF krev at den planlagde kraftlinja vert bygd som sjøkabel.

Sjeldan har Norge hatt så store inntekter knytta til straum som dei siste åra. No er det på tide at noko av dette blir brukt til å heve kvaliteten på utbygginga av nettet.

Kvifor meiner vi dette?

  • Tradisjonelle luftledninger kan være sårbare for verforhald, landskapshindringar, natur og menneskeleg aktivitet.
  • Sjøkabler gir ein påliteleg og miljøvenleg metode for energitransport over lange avstandar. Vi veit det er utfordringar også knytt til sjøkablar, men Vestland KrF meiner Stortinget må endre kravet til utbyggar, slik at kabel vert utgreidd samtidig med utgreiing av luftspenn, slik at ein har god kunnskap i første konsesjonsrunde. Det vil også kunne gje kortare saksbehandlingstid, noko som er svært viktig i den tida vi har no med kraftunderskot, for dårleg nettkapasitet og omlegging til nullutslepp.

Ei ny kraftline i luft vil gje store inngrep i natur, bumiljø og folkehelse.
Lokalsamfunn kjem til å bli svært hardt råka enten linja kjem gjennom by og tettbygde strok eller i strok med mindre bebygging.

Det er difor på tide å krevje sjøkabel for dette prosjektet.

Foreløpig er det Nordhordland og Osterøy som vert særs hardt råka med den planlagte kraftlinja, og med ellers mykje infrastruktur i dette området, og med tidlegare store kraftlinjer gjennom regionen, difor er nok – nok!
No er det tid for å krevje sjøkabel, noko som vi oppmodar Stortinget til å ta på alvor, vi ser ikkje anna løysing.
Vestland KrF krev difor at Statnett greier fullt ut eit alternativ med sjøkabel

Vidare vil vi understreke kor viktig det er å inkludere lokalsamfunn og interessenter i planleggings- og beslutningsprosessen.