
Trude Brosvik (KrF) åtvarar mot auka rusbruk blant unge. Ho meiner normalisering av narkotika er ein viktig årsak – og ber både politikarar og vaksne ta ansvar.
– Eg vil byrja med det eg vil kalla elefanten i rommet, sa Trude Brosvik (KrF) då ho tok ordet i generaldebatten i fylkestinget.
Ho viste til ei historie frå lokalradioen, der ein seksåring frå Atløy stilte eit enkelt, men treffande spørsmål: : Kvifor held ikkje vaksne det dei lovar? Brosvik brukte dette som eit utgangspunkt for å peika på tillit og politiske lovnader, og understreka at Atløysambandet står i ei særstilling saman med store rassikringsprosjekt i Hardanger. Desse ligg allereie inne i vedteken økonomiplan.
Men det var særleg ei anna sak ho ville løfta fram.
Forrige veke kom det meldingar om at Noreg toppar statistikken i Europa for kokainbruk blant unge vaksne. Brosvik peika på at dette gjeld aldersgruppa 16–30 år – ei gruppe fylkeskommunen har eit særleg ansvar for, mellom anna gjennom vidaregåande opplæring.
– Vi har eit stort ansvar for denne gruppa, sa ho.
Ifølgje Brosvik peikar fagmiljø relativt samstemt på normalisering av rusbruk som ein viktig drivkraft bak utviklinga. Ho viste til at helsedirektøren har oppmoda vaksne til å vera tydelege og ikkje gi inntrykk av at rusbruk er akseptabelt.
– Det er viktig at vi ikkje gir signal om at dette er greitt. Normalisering fører til auka bruk, sa Brosvik.
Ho trekte også fram skjenkepolitikken som eit døme på kva signal samfunnet sender, og viste til leiande politikarar som forslo lengre skjenking for å sjå Fotball VM.
KrF meiner det ikkje finst ei enkel løysing på utfordringane, men at både fylkeskommunen og staten må ta ansvar gjennom konkrete tiltak. Samtidig understreka Brosvik behovet for ein tydelegare og meir aktiv politisk debatt.
– Vi må jobba saman for å snu utviklinga, sa ho.
KrF håpar no at fylkestinget vil støtta framlegga deira og bidra til ein felles innsats mot det dei meiner er ei urovekkjande utvikling blant unge.
– Dette er, rett og slett, skadeleg for samfunnet, avslutta Brosvik.