Når får barnet i magen menneskeverd?

Vi feirar Landslovjubileum i år, og sett særleg pris på at lova bygde på kristenretten, og ga menneskeverd. Vi framhevar at ei lov dannar normer i eit samfunn, og at Norge endra seg med den nye lovgjevinga

Av Trude Brosvik

Med det som bakteppe, og med den endringa som er foreslått for abortlova, så er det grunn til å spørje om verdien av eit liv begynner ved fødsel eller før.
Vi har hatt ei lov som har gitt gradert vern til fosteret, ved at vi i 50 år har hatt 12 veker som ei grense der ein person (mor) har kunna bestemt åleine om barnet har livets rett. Og sjølv om mange prinsippielt, meg sjølv inkludert, meiner livet startar ved unnfangelse, så har 12 veker vore eit kompromiss som har samla stor støtte hos folk.

No er forslaget å utvide til 18 veker. Og det er sterke stemmer for at det bør utvidast endå meir og bli både 22 og 24 veker.

Radikalt
Helseministeren reagerer på at KrF kallar utvidinga «radikal». Men sett opp mot kor langt i utviklinga fosteret er kome når det er 18 veker, og ikkje minst kva kunnskap vi har om det, så er det ganske radikalt. Vi veit for eksempel kva kjønn barnet har. Og det er ganske arrogant og naivt å tru at nordmenn er mykje meir «moralske» enn folk i andre kulturar, der nettopp kjønn er stor grunn til abort.


Det er også radikalt at tvillingabort blir lov. Og dette er heller ikkje tilrådd frå ekspertgruppa. Det verkar, folkeleg sagt, ganske sprøtt at det skal vere lov å avslutte livet til eit eller fleire foster, medan eit skal leve igjen. Og ein utsett det siste også for ein betydeleg risiko. Er det behandlande lege eller mor som skal vurdere den risikoen? Fleirlinge-svangerskap er ofte sterkt ønska svangerskap,fordi ein har trengt hjelp for å bli gravid. Er det ikkje då litt kynisk at vi samtidig seier at det er OK at ein tar vekk igjen dei ein ikkje vil ha? Burde det i så fall blitt følgt opp med at ein berre får sette inn eit befrukta egg ved assistert befruktning?

Noko er godt
Det gode med lovforslaget er at medisinske årsaker, når det er foreinleg med liv hos barn eller mor, ikkje er grunn for seinabortar. Og at ei kvar kvinne har rett til å fullføre svangerskapet. Det er nesten rart at det siste burde vere nødvendig å ta inn i lovs form. Men det seier vel noko om kvar samfunnet er på veg.


Det er også svært viktig at ein styrker retten til oppføging, både til rådgjeving før ein eventuell abort og etterpå. Dette vart også sagt i samband med innføringa av abortlova, men har ikkje vorte følgd opp. Og noverande regjering har lite truverde på dette, sidan dei allereie i første budsjett kutta støtte til Amathea, som i praksis er einaste som driv med denne typen rådgjeving.


Vi høyrer ofte historiane til kvinner som kjenner på kor vanskeleg det er å møte ei nemnd når dei søker abort etter 12 veker. Men lytt også til dei mange historiane frå kvinner som kjenner seg åleine i valet, som opplever truslar frå partner eller som opplever at hjelpeapparatet reknar som sjølvsagt at ein skal ta abort om fosteret ser ut til å ha td. Downs. Så det å sikre at ein får nokon å samtale med og søke råd hos, er viktig.

Celleklump
Heldigvis har kunnskapen auka og det er få som argumenterer med at fosteret berre er ein celleklump. Men endå vert det hevda at det kun er mor sin kropp. Eg har alltid sett på meg sjølv som feminist, men her skil vegane våre seg. For i mitt syn på liv og død, så er fosteret eit eige liv.