Elevane er nøkkelen: – Dei som har det godt kan løfte dei som slit
Ein fersk gjennomgang av elev- og lærlingundersøkinga 2025/26 viser at Vestland fylkeskommune framleis står overfor ei alvorleg utfordring: Mange elevar opplever mobbing, og skilnadene mellom utdanningsprogram og trinn er store. Samstundes blir det peika på at arbeidet mot mobbing ikkje berre kan styrkast frå systemnivå – men òg gjennom krafta som ligg i elevmiljøet sjølv.

I fylkestinget løfta Arne Normann (KrF) fram eit perspektiv som ofte kjem i bakgrunnen:
– Dei elevane som har det godt, er nøkkelen til å inkludere og løfte dei som ikkje har det bra.
Fakta: Mobbinga går ned – men ikkje for alle
Elevundersøkinga syner at mobbinga samla sett går svakt ned i Vestland, men utviklinga er ikkje positiv overalt. På Vg3 aukar mobbetala samanlikna med året før.
Nøkkeltal frå undersøkinga:
- 726 elevar ved offentlege skular melde at dei vart mobba i 2025/26 (mot 756 året før).
- Vestland ligg over nasjonalt snitt i mobbing på både Vg1 og Vg3.
- Mobbinga er betydelig høgare på yrkesfaglege program enn på studieførebuande.
- Gutar rapporterer om meir mobbing enn jenter på Vg1 og Vg3.
Desse tala viser at mobbing ikkje berre råkar enkeltpersonar – men også familiar, vener og nærmiljø rundt elevane.
Normann: – Vi må bruke ressursen vi alt har
I debatten understreka Normann at kampen mot mobbing ikkje kan vinnast gjennom vedtak aleine. Han peika på at elevane som trivst og kjenner seg trygge, utgjer ei viktig og uventa løysing:
– Når hundrevis av elevar blir mobba, er det ikkje berre dei det går utover. Det påverkar slekt, familiar og vener – tusenvis av menneske. Difor held det ikkje å halde fram som før. Vi må bruke dei som har det bra til å hjelpe og inkludere dei som slit.
Elevundersøkinga viser at systemtiltak åleine ikkje er nok. Normann sitt innspel understrekar at kampen mot mobbing også handlar om kultur, fellesskap og elevkraft. Å ta i bruk ressursane i dei elevane som alt har det godt, kan bli ein nøkkelstrategi for å skape meir inkluderande miljø i vidaregåande opplæring, meiner han.