Me treng ei endring i asylpolitikken

Det er ein menneskerett å kunne søke asyl i eit anna land.

Dei siste åra har det kome fleire saker opp i media som viser at det norske asyl- og innvandring systemet ikkje fungerer optimalt. UNE (Utlendingsnemnda) er ikkje tilstrekkeleg uavhengig av politiske signal frå Stortinget sitt fleirtal, og vektlegg det i tillegg til å følgje opp gjeldande lovverk og internasjonale konvensjonar som Norge har slutta seg til. Fleire saker vert avgjort av nemndsleiar åleine eller av sekretariatet. KrF meiner UNE fattar så sterkt inngripande vedtak for enkeltmenneske at denne arbeidsforma utgjer eit rettstryggleiksproblem. Vestland KrF meiner derfor både lovgrunnlaget for asyl-politikken og UNE som klageinstans i asylsaker må vurderast på nytt. For å ta vare på rettstryggleiken bør ein erstatte UNE med ein forvaltningsdomstol.

KrF er klare på at asylsøkarar har rett på beskyttelse frå politisk, religiøs eller anna forfølging. Vi vil ha ein asylpolitikk med sterkare vektlegging av menneskeverd og barnets beste.

Dagens lovverk fører til ein heilt urimeleg praksis enten det gjelder retten til helsehjelp og arbeid for papirlause, ureturnerbare flyktningar, konvertittar som ikkje vert trudd eller ein rigd tolkning av regelverket som fører til utvisning av ei mor med mindreårige barn, – truleg i strid med FNs barnekonvensjon

Vestland KrF vil:

  • Erstatte UNE med ein forvaltingsdomstol
  • ha ein gjennomgang av lovverket på asylpolitikken, med sterkare vektlegging av ma barnets beste
  • Korte ned behandlingstida på søknadane til einslege mindreårige, og behandle søknaden ut i frå den alderen barnet hadde då det kom til Norge
  • Ikkje skilje foreldre frå mindreårige barn
  • Ureturnerbare asylsøkjarar og papirlause som samarbeider om å framlegge sin identitet, må få rett på helsehjelp og rett til å arbeide
  • Sørgje for enkle og oversiktlege integreringsprosessar, så ein ikkje vert kasta mellom institusjonar og politiske nivå