Mat må folk ha

Harald Rydland, bonde, politikar og 2. kandidat på KrF si stortingsliste for Hordaland. Foto: Kjetil Rydland

KrF vil alltid vera ein sterk forsvarar av norsk landbruk og matproduksjon – uansett kven som styrer landet.

I desse vakre maidagane er me vitne til dei årlege jordbruksforhandlingane, der målet er å sikra norsk matproduksjon og levedyktige vilkår for norske bønder.

Landet vårt er rikt på ressursar, men vilkåra for å driva matproduksjon er heller magre.  Det går ofte att i dei kjære songane om fedrelandet vårt, der det handlar mykje om frost, kulde, mager jord og lange vintrar mellom bakkar og berg ut med havet. Kun tre prosent av landet er dekka av dyrka mark.  Me har omlag 40 % sjølvforsyning av mat i Norge.  Då er ikkje fisk rekna med, men det er vel slik at « mennesket vil ikkje leva av berre fisk åleine».  

Den urolege tida me lever i krev høg beredskap på det som gjeld mat til folket.  Krigar, ustabilt klima, tollmurar, handelsavtalar og andre globale utfordringar kan brått endra tidlegare ordningar og forsyningslinjer.  Det må me ta på alvor.

 Landbruket i Norge treng difor trygg og langsiktig politisk styring, slik at det kan drivast matproduksjon over heile landet. Om så ikkje er tilfelle, er det tvilsamt om dei unge vil satsa framtida og kapitalen sin på denne næringa.

KrF vil mellom anna:

  • At sjølvforsyningsgraden her i landet skal aukast frå 40 – 50 % 
  • Sikra eit velfungerende importvern som bidreg til høg norsk matproduksjon.
  • Videreføra samvirkebaserte marknadsordningar og årlege jordbruksforhandlingar 
  • Tetta inntektsgapet mellom bønder og andre grupper innan 2027
  • At det juridiske vernet av matjord må styrkast, med svært høg terskel for  nedbygging

Den norske bonden er ikkje særleg kravstor, men treng forståing, støtte og ei anstendig betaling for å forsyna landet med trygg og god mat.  Bøndene kan vera trygge på at dei har KrF med seg. 

Harald Rydland
2. kandidat på KrF si stortingsliste for Hordaland