Krise i ferjedrifta

Resolusjon innsendt av Tysnes KrF

ferje
Illustrasjonsfoto: Patrick Federi / Unsplash

Vestland KrF krev at fylkeskommunen syter for at ferja går etter oppsett ruteplan, at kostnad for beredskap vert adressert dei som har ansvar for beredskap, og at regjeringa følgjer opp med løysingar og løyvingar på dei pålegga Riksrevisor har gjeve Sjøfartsdirektoratet om innskjerping på dispensasjonar i vaktordninga.

Innbyggjarane i mange kommunar i Vestland er avhengige av ferjer til pendling og varetransport. Det kan vera krevjande å samordna transportbehova for skuletransport, arbeidsreiser, næringstransport og andre grupper av reisande.

I tillegg har me no fått ei ny utfordring på grunn av at Sjøfartsdirektoratet ikkje lenger tillet ferjeselskapa å segla med dispensasjon frå reglane om kviletid for mannskapet.

Denne innskjerpinga har skjedd over tid både i lovverk og avtaleverk mellom partane på dei fleste område i samfunnet.

No er turen komen til ferjeselskapa.

Innskjerpinga vart varsla tidleg i 2023, men det ser ut til at ferjeselskapa har trudd at dei skulle få dispensasjon frå kviletidsreglane også i framtida.

Difor er det ikkje gjort tiltak for å endra på turnusar, slik at ferjesamband med svært kort varsel relativt ofte vert stengde ned ved sjukdom, beredskapsturar om natta og andre påreknelege hendingar.

Dette gjeld både for samband med beredskapsferje og andre ferjestrekningar.

Akutt sjukdom kan ingen planleggja fullt ut for.

Like eins finn me oss meir enn gjerne i at ferjer vert tekne ut or ruta ved sjuketransport.

Me kan derimot ikkje finna oss i at eit ferjeselskap som har avtale med fylkeskommunen om ein viss ruteproduksjon, berre stengjer sambandet fordi dei ikkje har sytt for å ha tenesteordningar som sikrar kontraktsfesta drift.

Ferjesamband vert såleis relativt ofte stengde til seint på morgonen og tidleg på kveldstid, og det let seg ikkje lenger gjera å planleggja for varetransport, pendlarreiser, timeavtalar, møte og annan reiseaktivitet.

Berre dei siste dagane har me særleg sett at når eit pendlarferjesamband, nær sagt utan varsel, går fyrste ruta fyrst langt ut på føremiddagen, skaper det raseri, frustrasjon og fortviling hjå dei reisande og kjempeproblem for skular utan lærarar og pasientar utan lege.

Ferjeselskapet kommenterer med at dei ser etter løysingar som ikkje kostar for mykje pengar, men at dei ikkje alltid har lukkast med det.

Levande og aktive lokalsamfunn kan ikkje finna seg i å ha det slik, og fylkeskommunen har så langt ikkje greidd å finna løysingar.

Fylkesårsmøtet i Vestland Krf. krev at Vestland fylkeskommune straks bringar orden i ferjedrifta ved å krevja at avtalar om ferjedrift vert haldne, samt at kontraktsbrot får fylgjer for dei aktuelle selskapa.