KrFs ukuelege livsvern

«I våre mest sårbare faser er vernet om mennesket desto viktigare», skriv fylkesleiar i KrF, Lilly Kristin Langnes.

Prislappen på ei vare indikerer kva den er verd i fysisk valuta. Den seier noko om kvaliteten og verdien av innhaldet. Særs verdfulle varer prisar vi dess høgare.

Kva då med verdien av eit menneske? Går det an å fastsetje den totale verdien sett utifrå eit kost/nytte-perspektiv? Neppe, ei heller i kroner og øre, sjølv om mange positive kvalitetar og attributtar er opplagt fordelaktige.

På mange måtar snakkar vi vel heller då om ein immateriell verdi, som strekkjer seg gjennom heile livsløpet, og som vanskeleg let seg kalkulere eller fullt ut oppsummere i kraft av det tradisjonelle gevinstbegrepet, men ligg der som eit berande element.

Store norske leksikon skisserer verdibegrepet som følger: «En tings verdi sies gjerne å bestemme dens viktighet med hensyn til hvordan vi bør gjøre våre vurderinger og beslutninger.»

Det vil seie at våre verdiar viser seg i praktisk handling og er førande for våre avgjerder og prioriteringar. Anten vi er dei bevisst eller ei, spring våre val og vurderingar utifrå eit sett av verdiar som vi verdset og gir forrang. Også i politiske parti. Også i KrF.

Kva om vi då som parti definerer at mennesket i seg sjølv har ein eigenverdi, ja ein eigen verdi i kraft av å vere til? Kva for konsekvensar vil dette ha for vår praktiske politikk? Jau, verdisynet vil då verke bestemmande for våre standpunkt knytta til livsvernproblematikk og tilhøyrande grenseoppgangar.

Med dette som utgangspunkt blir ein verdig alderdom meir enn eit fyndord, men noko som tilkjennegir verdien eit menneske har og korleis det fortener å bli møtt i ein fase av livet då det ikkje i same grad som før produserer synlege resultat på botnlinja.

Livet kan vidare by på fysiske og psykiske utfordringar som gjer at bidraget ein før gav på arbeidsmarknaden blir redusert, og behovet for samfunnets assistanse meir presserande.

Dette er også godt forankra i vår velferdsmodell: «En velferdsstat er en stat som i betydelig grad garanterer samfunnets medlemmer hjelp hvis de skulle komme ut for helsesvikt, sosial nød eller tap av inntekt, for eksempel ved arbeidsledighet eller alderdom, og som sikrer den enkelte rett til utdannelse» (SNL).

Velferdstanken tilkjennegir at vi ikkje til ei kvar tid kan yte i vår fulle kapasitet, at vi er sårbare og at vi i tider av livet er avhengige av samfunnets støtte og tilrettelegging i større grad. I våre mest sårbare faser er vernet om mennesket desto viktigare.

Menneskeverdstanken om at kvart menneske har den same høge verdien, uavhengig av eigenskapar og tilhørigheit, ligg som ein grunnplanke i vårt verdisyn, som KrF til ei kvar tid har vore talerør for.

Eg er glad for å representere eit parti med eit verdidrive menneskesyn, som i respekt for andre med eit anna syn, står opp for livets vern i alle livets faser, frå unnfanging til naturleg død.

Verdien av eit menneskeliv er konstant, så også KrFs verdisyn og livsvern.