KrFs stortingsgruppe for perioden 2025–2029 er no konstituert. Nyvald stortingsrepresentant Joel Ystebø (KrF) får plass i utdannings- og forskingskomiteen på Stortinget.
Komiteen har ansvar for utdanning, barnehagar og forsking, inkludert koordinering av forskingspolitikken og forsking knytt til landbruk, fiske og næringsliv.
– Eg ser verkeleg fram til å ta fatt på arbeidet i komiteen. Det gler eg meg verkeleg til! På dette feltet står kampane i kø – anten det handlar om vilkår for friskulane, meir leik på dei lågaste trinna, tru- og ytringsfridom i skule og barnehage, eller ein politikk som spelar på lag med dei private barnehagane, seier Ystebø
Slik ser fordelingen ut:
Helse og omsorg – Ida Lindtveit Røse
Familie og kultur – Jorunn Gleditsch Lossius (2.nestleder i komiteen)
Utdanning- og forskning – Joel Ystebø
Finans – Jørgen Kristiansen
Næring – Harry Valderhaug
Utenriks- og forsvar – Jonas Andersen Sayed
Justis – Hans Edvard Askjer
Kontroll og konstitusjon – Jonas Andersen Sayed
Transport og kommunikasjon – Jørgen (skygge)
Energi og miljø – Hans Edvard (skygge)
Kommunal og forvaltning – Harry (kommunal) og Jonas (resten av komiteen) (skygge)
Arbeids og sosial – Jorunn (skygge)
Ein «skugge» har ikkje formell plass i ein komite, men kan følgje sakene, delta på interne gruppemøte og komme med innspel på vegner av partiet. Berre dei faste medlemmene av ein stortingskomité har stemmerett og møteplikt i komiteen.
Arbeidet i Stortinget startar for alvor neste veke med trontalen og framlegging av statsbudsjettet, men representantane frå KrF er alt i gang med å sette seg inn i saksfelt og førebu haustens arbeid.