
KrF vil gjere arbeidslivet meir tilpassa ulike livsfasar – og særleg løfte fram småbarnsforeldre sine behov. I handsaminga av livsfasepolitikken i Vestland fylkeskommune tok partiet initiativ til nye tiltak som skal gjere det lettare å kombinere jobb og familieliv, og fekk gjennomslag for at desse no skal vurderast vidare.
KrF vil tilpasse arbeidslivet til livsfasane
Det var gjort ein god jobb mellom tillitsvalde og fylkeskommunen for å legge fram ei sak om Livsfasepolitikk for Vestland fylkesting. Mellom anna var det fleire tiltak for å sikre at eldre arbeidstakarar ville stå lengre i jobb. Men også eit som ville gjere det enklare for foreldre i møte med planleggingsdagar i skule og barnehage.
KrF meinte saka tok for lite opp i seg småbarnsforeldre sitt behov for å kombinere arbeid og familie, og kom med framlegg om at ein i vidare arbeid med livsfasepolitikk skulle få vurdert ulike tiltak for denne gruppa. Som døme på kva dette kunne vere, lista vi opp:
- 80 % jobb med heil eller delvis lønskompensasjon
- Ei ekstraferieveke til barnet er 10 år
- Fleire fleksible omsorgsdagar
KrF trur samfunnet vil tene inn att denne typen tiltak på færre sjukmeldingar. Det er slik endå at kvinner tar mest av «heimearbeidet» i tillegg til jobb, sjølv om vi likar å sjå på oss som likestilte. Og sjukefråværet til kvinner er over 3 prosentpoeng høgre enn for menn. Samtidig meiner KrF det er både viktig og ønskjeleg for både kvinner og arbeidsliv at ein har gode løysingar som gjer det enklare å kombinere jobb og born.
KrF er overraska over utsetting, når partane har blitt samde
Trass i samrøystes innstilling frå det partssamansette utvalet, der både tillitsvalde og politikarar er medlemar, så valde eit fleirtal på fylkestinget å sende saka tilbake til administrasjonen. Grunnen var at kostnaden for forslaga ikkje var skrivne inn i saka. Dei vart imidlertid opplyst i møtet. Det forundra at både store parti som Ap, Sp og H valde å sjå bort for framforhandla ordningar for å behalde eldre arbeidstakarar. Kanskje særleg over Ap og Sp som likar å smykke seg med godt samarbeid med organisasjonane i arbeidslivet. KrF, saman med FrP, R og nokre enkeltrepresentantar (ma SV sin representant i administrasjonutvalet) meinte ein skulle vedta livsfasepolitikken, og så få utgreidd det som låg i bordet om andre tiltak til seinare gjennomgang.
Og korleis vart eigentleg vedtaket?
Ingen ting blir gjennomført før tidlegast etter nytt vedtak i slutten av september. Det vil seie at ordingar for eldre arbeidstakarar er sett på vent. Framlegg om forbetringar på småbarnsfasen, kvinnehelse og sjukmeldingsrettar for eldre over 67 år vart oversendt til administrasjonen for å bli tatt med i vidare arbeid med livsfasepolitikk.
Slik oppnådde KrF at arbeidsgjevarpolitikken til Vestland fylkeskommune skal vurdere tiltak for tilsette i småbarnsfasen. For fylket vårt treng både å rekruttere og å behalde. Samfunnet treng å få ned sjukefråværet, og samfunnet treng born.