
KrF var avgjerande for at Framnes vidaregåande skule får moglegheit til å utvide både på idrettsfag og studiespesialisering. Dette er viktig for mangfaldet i skule-Norge – og for elevar som treng eit godt internatskuletilbod i Vestland.
Vestland fylkesutval ga positiv uttale til at Framnes vgs skal få lov å opprette 6 nye plassar på idrettsfag og ein ny klasse på studiespesialiserande. Det er viktig, og etter ny privatskulelov, avgjerande, for om staten vil gje løyve. For dei har forplikta seg til å følgje innstillinga frå lokalt nivå.
Administrasjonen hadde innstilt positivt på idrett, men negativt på utviding av stud.spes. Det siste tok utgangspunkt i at ein såg klassen som konkurranse med tilbodet den offentlege skulen har i Kvam.
Kjennskap frå fleire til korleis Framnes og tilsvarande skular rekrutterer både frå heile fylket og resten av landet, var avgjerande for ei positiv tilråding frå fylkesutvalet.
Det var KrF, V, H og FrP som sto saman om framlegget som fekk fleirtal. Sp delte seg, og støtta stud.spes med ei stemme, slik at fleirtalet vart 11 mot 6. (For idrett vart det 12 mot 5).
For KrF er det klare ideologiske argument for friskulane, som rette foreldre og elevar har til å velje andre skular enn dei offentlege, jfr. Menneskerettane §2.2. Men det er også andre gode grunnar:
-Mange elevar i Vestland må flytte på hybel, det er derfor godt å ha tilbod med internat.
-Framnes og andre kristne vidaregåande skular opplever sterk vekst i søknader. For at dette ikkje berre skal bli ein skule der dei med gode karakterer får plass, så er det viktig med fleire plassar. Kanskje er det dei med lågare karakterer som treng internatskule-tilbodet aller mest?
-Skulen har svært gode resultat i målingar både på elevar om fullfører (over 90%) og at svært få opplever mobbing. Faktisk var det berre 1,3% i fjor og 0% året før.
Ikkje noko av dette var vektlagt i saksutgreiinga. Derfor tok V opp at vi må få betre dialog mellom friskulane og fylkeskommunen, og at hovedutvalet for Opplæring bør ha ei eiga sak på det. Noko KrF støttar.
I framkant av saksbehandlinga vart det svart ut eit spørsmål frå KrF om det var brukt rette tal for økonomisk verknad av saka. Her fekk KrF ros for å ha tatt opp spørsmålet og slik sett fått retta opp ei mistyding som gjekk på at vertsfylket ikkje vert trekt for elevar frå andre fylke. Det er fylket eleven er heimehøyrande i som får trekk i tilskotet. Departementet innrømte også at slik det var skrive i «Grøn bok» (del av Statsbudsjettet), så var det mogeleg å misforstå, og dei skulle rette det opp. Slik sett har kanskje dette spørsmålet også medverka til at andre fylker vil gje rette saksopplysningar.
Vedtaket:
1.Fylkesutvalet stiller seg positive til Framnes kristne vidaregåande skule sin søknad om utviding av seks elevplassar ved utdanningsprogrammet idrettsfag. Tilbodet idrettsfag ved Framnes kristne vidaregåande skule er eit viktig supplement til det offentlege opplæringstilbodet i regionen.
2. Fylkesutvalet stiller seg positive til Framnes kristne vidaregåande skule sin søknad om utviding med 12 elevplassar innan utdanningsprogrammet studiespesialisering. Framnes kristne vidaregåande skule tilbyr eit livssynsbasert internatskulemiljø som bidreg til mangfaldet i vidaregåande opplæring, og skulen rekrutterer elevar frå eit breitt geografisk område. Utvidinga vurderast ikkje å få vesentlege negative konsekvensar for det offentlege skuletilbodet i Kvam. Fylkesutvalet vil også peike på at Framnes vgs. har ledig internatkapasitet, og dermed kan rekruttere frå heile landet.
3. Fylkesdirektøren sender uttalen til Utdanningsdirektoratet i tråd med dette vedtaket.