KrF uroa for jødehat ved vidaregåande skular

Den 1. og 2. november vert det første ordinære fylkestinget i perioden halde. Dette tinget tek for seg ei rekkje politiske saker der KrF markerer seg.

Gruppeleiar Trude Brosvik utfordra fylkesordføraren og administrasjonen på
jødehat og rasisme retta mot palestinarar. Brosvik seier at

“det er eit latent jødehat i samfunnet, og dessverre fleire døme på at denne gruppa kjenner seg, og vert, truga av det som skjer internasjonalt. Vi må saman stå opp mot hatprat i det offentlege rommet og i sosiale media, og alle forsøk på hets og undertrykking som følgje av etnisitet eller religion.”

Trude Brosvik, gruppeleiar KrF i Vestland Fylkeskommune.

KrF-gruppeleiaren er særleg merksam på at fylkeskommunen har eit ansvar for eigne elevar ved vidaregåande skular, og sikra at dei ikkje opplever mobbing og rasisme med bakgrunn i krigen mellom Israel og Hamas.

Administrasjonen slutta seg til bekymringa frå Brosvik, og vil følgja dette opp med skulane, slik at dei vidaregåande skulane er merksame på det auka hatet som kan oppstå som følgje av konflikten i Midtausten.

Røykelov og folkehelse

Jon Olav Økland stilte eit spørsmål i tinget om røykeforbod ved kollektivhaldeplassar. I Hordaland blei det etter initiativ frå KrF i 2017 vedteke eit røykeforbod ved alle haldeplassar. Administrasjonen svarar at det ikkje føreligg eit tilsvarande forbod i Sogn og Fjordane. Økland seier at

“KrF er oppteken av at reisande skal sleppe å bli utsette for røyking når dei ventar på buss eller anna kollektivtransport, og me vil følgja opp saka vidare.”

I samband med evaluering av programmet for folkehelse er Arne Normann
oppteken av unge si psykiske helse, og viser i den samanheng til at Vestland
fylkeskommune deltek i programmet for folkehelsearbeidet med spesiell fokus på barn og unge si psykiske helse. 21 av 43 kommuner i fylket har fått gode tiltak. Etter pandemien har det vorte endå større utfordringar for barn og unge psykisk sett. “No er det viktig at dei 22 andre kommunane får del i gode tiltak så fort som mogleg”, seier Arne Normann.

Nokre av dei andre sakene som vert handsama under tingsetet er følgjande:

  • Fylkeskommunal overtaking av ferjesambandet
  • Valestrandfossen-Breistein Investering i idrettsplass i Sandane
  • Spørsmål og debatt kring krigen i Gaza
  • Spørsmål og debatt om heving av U-864

Sjå alle sakene her:
https://prod01.elementscloud.no/publikum/821311632_PROD-821311632/DmbMeeting/200