KrF sitt nominasjonsarbeid mot stortingsvalet starter nå

Stortinget. FOTO: HENRIK HELMERS

Nominasjonskomitéene i begge valkrinsar har lagt fram ein framdriftsplan for arbeidet fram mot nominasjonsmøtet 21. november 2020, og første høyringsrunde startar 18. mai. Vestland fylke skal stille med to lister, ein for Hordaland og ein for Sogn og Fjordane. Under fylkesårsmøtet til Vestland KrF vart det vedteken at fylket skal ha to ulike lister og at det derfor skal vera to nominasjonskomitéer.

Første høyring startar 18. mai. Det vil mellom 18. mai og seinast 19. august vere mogleg for lokallag, KrFU, KrFK og KrF-medlemmer å senda inn sine innspel på kandidatar til stortingslista til KrF for Hordaland og Sogn og Fjordane valkrins. Innspel blir registreret fortrinnsvis i eit nett-skjema, med lenke sendt saman med høyringsbrevet. Lokallaga vert oppmoda om å senda inn forslag til dei 4 første kandidatane til stortingslista, samt også 4 namn elles. Blant dei 4 første kandidatane skal det vere 2 av kvart kjønn, og blant dei tre øvste skal det vera ein ungdomskandidat (18–33 år). Lenke til innspels-skjema vert sendt ut 18. mai.

Medlemmer i nominasjonskomité for Hordaland valkrins

  • Leiar: Ingmar Ljones 
  • Beate Husa 
  • Anne Vierdal 
  • Bjarne Gjerme 
  • Ingvill Kvalsnes Blom 
  • KrFU: Oda Hordvik 
  • KrFK: Marte Hammer Endal 

Medlemmer i nominasjonskomité for Sogn og Fjordane valkrins

  • Leiar: Frode Kleppe Holgersen 
  • Stein Robert Osdal
  • Marta Rydland Kjeldby 
  • Frode Bøthun 
  • Norunn Lunde Furnes 
  • KrFU: William Dalsbø 
  • KrFK: Irene Barmen Hoel