Jonatan Hurthi (21 år) frå Luster toppar nominasjonskomiteen si liste for Sogn og Fjordane KrF.
Han er eit politisk talent, uttalar Trude Brosvik, leiar i nominasjonskomiteen. Hurthi er gruppeleiar for KrF i Luster og medlem i formannskapet. Jonatan er elektrikar og lokalpatriot. Han er oppvaksen på gard, og både distrikts- og landbrukspolitikk er «hjertesaker», saman med familiepolitikk, trusfridom og rettferdig fordeling.
Med seg på andre plass får han Ragnhild Stav frå Fjaler og ungdomskandidat Oda Bertine Bondevik Lie på tredje plass. Også ho er frå Luster.
Lista har god geografisk spreiing, likt med kvinner og menn og samsvarer også i stor grad med dei innspela lokallaga har gjeve i høyringsrundane.
I den grad det er fråvik, så er det fordi kandidatane sjølve har hatt ønskje om ei anna plassering. Eit døme på det er gruppeleiaren vår i Sogndal, Frode Bøtun, som fekk desidert mest førsteplassar i høyringa, men som sjølv vil prioritere lokalpolitikk og derfor ikkje stå fullt så høgt på stortingslista, seier Trude Brosvik.
Samrøystes framlegg til Stortingslista:
- Jonatan Hurthi (21 år), Luster
- Ragnhild Stav (36 år), Fjaler
- Oda Bertine Bondevik Lie (19 år), Luster
- Per Ståle Husevåg (54 år), Gloppen
- William Dalsbø (28 år), Stad
- Kari Synnøve Muri (59 år), Stryn
- Frode Bøthun (48 år), Balestrand
- Aud Norunn Vig (40 år), Kinn
- Stig Bakke (64 år), Bremanger
- Ragne Mari Røed Kandal (45 år), Gloppen
Nominasjonen skjer på nominasjonsmøte for Sogn og Fjordane valkrins, laurdag 16. november 2024 kl.12:00 – 15:00 i Skei Misjonshus, Skei.