
Kristeleg Folkeparti (KrF) har over tid arbeidd for strengare og tydelegare rammer for mobilbruk i vidaregåande skule. No har fylkestinget i Vestland vedtatt nye felles reglar som gjeld frå 1. august 2026 – til stor glede for partiet.
– Viktig for læring og miljø
KrF har lenge vore uroa for korleis mobil og skjermbruk påverkar både læring og det sosiale miljøet i klasserommet. Partiet løfta problemstillinga allereie i 2024 og har sidan følgt saka tett.
– Vi har over tid sett at mobilen forstyrrar både læringsarbeidet og det sosiale fellesskapet. Difor har det vore viktig for oss å få på plass tydelege rammer, seier Jon Olav Økland (KrF).
Han viser til at både forsking og tilbakemeldingar frå lærarar har peika i same retning: det er behov for klarare reglar.
Lytta til lærarane
Eit viktig argument for KrF har også vore innspela frå skulekvardagen. Utdanningsforbundet og lærarar i Vestland har vore tydelege på at dei ønskjer eit felles regelverk.
– Når lærarane sjølve ber om tydelegare rammer, meiner vi det er viktig å lytte. Dette handlar om å gi dei betre arbeidsvilkår og meir tid til undervisning, understrekar Økland.
Felles reglar i heile fylket
Vedtaket inneber at det no blir innført ein felles standard for alle vidaregåande skular i Vestland:
- Mobiltelefon og smartklokke skal vere lagt bort og på lydlaus i undervisninga
- Bruk er berre tillate med løyve frå lærar
- Elevråd og skulemiljøutval skal medverke til korleis reglane blir praktisert lokalt
KrF meiner dette gir ein god balanse mellom tydelege rammer og lokal medverknad.
Skepsis til smartklokker
Sjølv om KrF støtta hovudretninga i vedtaket, har partiet vore noko skeptisk til at smartklokker blir omfatta av dei same reglane.
– Vi meiner det er ein viss skilnad på mobiltelefon og smartklokke. Men når fleirtalet ønskjer eit samla regelverk, tek vi det til etterretning, seier Økland.
– Eit steg i riktig retning
KrF er likevel tydelege på at vedtaket er eit viktig steg i riktig retning for skulen i Vestland.
– No får vi eit ryddig og likt regelverk for alle skular. Det vil bidra til meir ro i timane, betre læring og eit tryggare skulemiljø, seier Økland.
Han understrekar at målet ikkje er å vere streng for strengheita si skuld, men å skape betre rammer for elevane:
– Mindre skjerm i timen gir meir rom for læring, konsentrasjon og gode relasjonar. Det er bra for heile skulekvardagen.