Det går raskt mot jul og i byens snødekte gater, hastar ullkledde mellom julegåveinnkjøp og årsavslutning. Det er «den finaste tida», men for mange også den kjipaste og tøffaste tida. I fleire av byens område er det mange som frys, både fysisk og mentalt.
Kirkens SOS melder om eit sterkt tilsig av antall personar, ja blant desse eit urovekkjande antall også eldre som ikkje ser verdien av lenger å leve. Dette er hjarteskjerande. Det er eit skrikande behov for å bli sett, å høyre til og vite at ein sjølv og livet har verdi.
Gradestokken har vist heilt ned i -16 (!) grader den siste tida, og i takt med det stig renta og straumkostnader. Det er «hårde tider» og NRK kunne denne veka fortelje at ein høg prosent av nordmenn allereie har lagt om forbruket. Fattigdomen er aukande i Oslo og køene til Fattighuset har vore lenger enn nokon gong. Friviljuge lag og organisasjonar bidreg på mange hald for å dekkje dei mest primære behov.
Det stod å lese på nrk.no sist veke at 1 av 4 i Oslo har opplevd rasisme dei siste to åra, men at nesten ingen varslar. Dette er eit sjukdomsteikn. Ingen skal måtte forsvare verken sin hudfarge, etnisitet eller religiøse tilknytning i denne byen. Ein nyleg forskningsrapport som har kartlagt haldningar til jødar og muslimar i Noreg i 2022, viser at 1 av 10 nordmenn meiner vald mot jødar kan forsvarast. Dette kan vi ikkje vere bekjent av. Oslo er ein livssynsopen by og det skal vere trygt både og ytre og utøve tru og ikkje måtte skjule identiteten i frykt for hets og fordomar.
Samstundes som vi lever her, kjempar mange sin livs kamp andre stader i verda. I Middelhavet drukna nyleg fleire flyktningar på veg over havet, i skyttergravene i Ukraina er det kampar og kalde, ugjestmilde forhold. Lenger sør, betaler iranske menn og kvinner ein høg pris for å setje grunnleggjande menneskrettar og fridom på dagsorden. Ved årets fredsprisutdeling i vår eigen hovustad blei nokon av desse kampane synleggjort ytterlegare i form av tre sterke stemmer som nektar å gje etter for at vondskapen, urettferda og kynismen skal få siste ord. Så lenge det er einskildmenneske som er i naud og utsatt, er det verd å kjempe. For rettferd, sanning og fred, som desse hadde kjent på kroppen kva betyr. Det kan fort bli slitne «begrep», men historiene og bodskapen utfordrar oss kraftig på å gjere intensjonar om til meir enn fine ord.
I møte med naud, fattigdom, undertrykking og urettferd utfordrar dette oss direkte som medmenneske, som medborgarar, som kjenningar og ven. Kva har VI som vi ikkje har fått, både som samfunn og som einskildpersonar? Det er lett å kjenne på fysisk og mental distanse, men så fort det rykker nærare i våre eigne nabolag, familier og husstand, blir vi raskt mint på vår eigen forgjengelegdom og svakheit. Og dei siste åra har lært oss at endringar kan skje raskt, ja over natta. Eigentleg er vi alle i same båt, med dei same grunnleggjande behova for omtanke, tryggleik og hensikt, og behovet for å høyre til. Midt i alt dette står vi som parti og kjempar for fleire av desse gruppene og kan utgjere ein uvurderleg skilnad med dei sakene vi set på agendaen og prioriteringane vi gjer. Som grunnplanke og verdikompass ligg heile vegen respekta for menneskeverdet og den einskilde, som drivar og retningsgivar.
Måtte juletida vi er inne i, verdssituasjonen, behova rundt oss, realiteten slik den er, vekkje oss i desse dagar, til hjartevarme, omtanke og aktiv handling i møte med våre felles medmenneske og lande denne tanken i oss; om at vi alle treng nokon, og at kvar av oss kan vere den eine. Den som gjer ei handling som kan vere av avgjerande betydning, ja «mean the world for someone», bokstaveleg talt. Juleevangeliet utfordrar og minner oss også nettopp om dette: «…for det var ikkje rom for dei i herberget».
Velsigna julehøgtid!