Vestland KrF utvidar teamet med Jon Olav som leiar av valkampen!
Jon Olav (30) er utdanna siviløkonom og er i dag busett i Bergen saman med kone og born. Han har dei siste åra arbeida som politisk rådgjevar i byrådet i Bergen, sist for Beate Husa fram til hausten 2022 då KrF gjekk ut av byrådet. Engasjementet for KrF starte i Balestrand KrFU i 2009, der han var ein del av lokallaget på Sygna vgs. Jon Olav har sidan hatt ulike engasjement i KrF, både i Tromsø, Oslo, Bergen og i Vestland, og har sidan 2019 vore fyrste vara for Vestland KrF til fylkestinget.
Fylkesleiar, Morten Helland, vart stålande fornøgd med å tilsettinga og har stor tillitt til at Jon Olav kjem til å gjera ein formidabel jobb for partiet.
– Vi er utruleg heldig som har fått ein så dyktig tilsett til å leie valkampen vår. Vestland KrF står ovanfor eit historisk viktig val, og med den erfaringa Jon Olav har er vi tryggje på ein stødig leiing av partiets val i våre mange kommunar på Vestlandet, seiar Morten.
Som tilsett er Jon Olav tilgjengeleg for alle henvendelser vedrørande valet på Vestlandet.
Jon Olav Økland: tlf: (+47) 986 75 840 og mail jok@krf.no